Interiørshopping

På Torsdag var det handelensdag her i Kristiansand. Det går ut på at alle butikkane i byen åpnar kl 07:00 og har supertilbud heile dagen. Eg tok meg ein tur nedom, og det var heldigvis gode tilbud på nåken godbitar 🙂

Betongpotter fra Olivias Hus – Rosa ullpute fra HAY –  Skål fra Kähler 

#uterom #stue #side2 #hus #hjem #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #reise #penger #tips #hverdagstips  #kahler #hay #kaktus #betong #interior

Oppskrift: Kylling-mangochutney!

Denne oppskrifta har eg fått i fra ei venninne. Den er blitt ein stor hit her heime, og er i tillegg veldig enkel å hive sammen til både kvardag og “fest”. 🙂 

Til 3-4 personar treng du:

  • 3-4 kyllingfiletar
  • 1/2 glass Mangochutney
  • 1 beger Creme Fraiche
  • 2 løk
  • 1 ts karri
  • 4 fedd kvitløk
  • 1 cm revet fersk Ingefær
  • Litt chili
  • Hakka koriander

Slik gjer du:

  • Del kyllingfiletane i bitar og steik dei med salt og pepper
  • Steik løk og kvitløk gylden i ei panne.
  • Tilsett mangochutney, Creme Fraiche, revet ingefær, chili, karri og koriander i lag med løken. 
  • Rør sammen og la det få eit oppkok.
  • Bland kyllingfileten og sausen i ei ildfast form.
  • Steik på 200 grader i ca 20 min.
  • Strø fersk koriander oppå før servering.

Server gjerne med nanbrød og ris! 


#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #kylling

 

Tapas: Asparges og båtpoteter

Asparges og urtebakte poteter er noko som kan serverast til eit kvar måltid. Om det er til eit deilig stykke kjøtt eller til tapasbordet. 

Asparges med spekeskinke:

Du treng:

  • Fersk asparges
  • Spekeskinke (eller anna skinke)
  • Olivenolje
  • Pepper

Slik gjer du:

  • Knekk nederste del av stilken av, det den knekk naturlig. 
  • Surr skinke rundt aspargesen og legg på eit bakepapir.
  • Ha over litt god olivenolje og kvern over litt pepper. 
  • Steik i 12 min ved 180 grader.

Urtebakte poteter:

Du treng:

  • Amadinepoteter (eller andre poteter som er fine å bake i ovnen)
  • Rapsolje
  • Timian, basilikum eller oregano. Alt etter kva du vil ha.
  • Salt og pepper 

Slik gjer du:

  • Del potetene i fire
  • Bland sammen alle ingrediensene og hell over potetene
  • Steik ved 220 grader i ca 25-35 min. (Avhengig av størrelsen p+å bitane, dei skal være gjennomsteikt)

#godtno #middag #tapas #matprat #poteter #asparges #fingermat #snacks 

Nytt stovebord

Endelig har eg fått laga meg eit nytt stovebord. Eg blei faktisk overraskande fornøyd med det, og eg trur og at fargen/beisen på det kjem til å vokse på meg. Det forrige var jo malt kvitt, så der viste absolutt alt, og eg følte det aldri blei reint. Eg skal sjå om eg kan få lagt ut ei oppskrift på det snart 🙂

#bygg #bord #stuebord #uterom #stue #byggdetselv #side2 #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips #hverdagstips 

Party time!

 Vi hadde jo egentlig tenkt å ha ei rolig helg før Palmesus neste helg, men når naboen og kollegaen til Vegard ringte å spurte om vi ville komma på ein litt forsinka bursdagsfeiring, så takka jo ikkje vi nei! Heile kvelden var ein stor suksess som enda i eit storslagent taco måltid hos Helge kl 05 i dag tidlig! Eg trur ikkje vi kom oss i seng før klokka nærma seg 09 i dag morges.. Ein del av bildene som blei tatt i går egna seg virkelig ikkje på nett, så her er nåken av dei bedre! 🙂


Barbourjacket

Endelig, endelig har eg kjøpt meg denne jakka! Eg har ønska meg ei slik jakke frå Barbour i nåken år no, men alle forskjellige modellane eg har prøvt har alltid vore så rare i fasongen. Så eg blei veldig glad då eg fant denne enkle og tidløse jakka til 40% på IMAGE! Eg fekk og kjøpt meg eit par kvite sneakers fra Asfvlt på 50%. Totalt for begge desse plagga betalte eg faktisk ikkje meir enn 1500 kr! Kupp 🙂

Oppussing: Nytt kjøkken

 

På det året vi har budd her i leiligheten så har eg pussa opp stova og badet. Det siste som gjensto no var det triste kjøkkenet vi har hatt.. Gult, slitt og utdatert.. Eg kvinna meg opp ein dag, handla maling og satte i gang. Det heile var egentlig gjort på ein dag! 

 

Slik gjorde eg:

  • Ta ned skapdørene og legg dei horisontalt slik at det ikkje malinga renn når den tørkar.
  • Vask skapdørane godt med salmiakk.
  • Puss lett over med fint sandpapir og tørk vekk støvet.
  • Rull over med eit strøk med Jotun Heftgrunning og bruk ein fordriver (ein brei pensel) til å stryke over etter rullen.
  • La det tørke og puss lett over med fint sandpapir.
  • Ta deretter to strøk med LADY Supreme Finish Halvblank og bruk fordriver her og. 
  • Pass på at det tørkar godt mellom kvar av strøka. 

Tips:

  • Til desse kjøkkenskapa så brukte eg maks 1 liter Heftgrunn og kansje 2 liter med LADY Supreme Finish. 
  • Eg mala og veggen bak i samme farge som resten av spisestova.
  • Handtaka har eg faktisk bestilt på Ebay! Der fekk eg 22 stk til den nette sum av 171 kr(!). Skulle eg ha kjøpt dei på IKEA så hadde dei kosta 49 kr for to stk. Snakk om kupp! Du kan finne dei HER
  • Sjekk gjerne ut denne filmen her for tips! 

FØR:

ETTER:

#DIY #Gjørdetselv #hjemmelaga #GDS #kjøkken #oppussing #jotun #klikk #maling #føretter #før #etter #nytt 

Tapas: Chilimarinerte kyllingspyd

Du treng:

  • 1 kg kyllingfilet
  • Grillspyd i tre
  • 2 dl rapsolje
  • 2 ss Sweet chilisaus
  • 1 finhakka chili utan frø
  • 3 ss Akasiehonning
  • Sitronsaft
  • Salt og pepper

 

Slik gjer du:

  • Lag marinaden: bland olje, sweet chilisaus, honing, chili, sitron, salt og pepper.
  • Del filetane i tre, på langs. Legg dei i marinaden. 
  • Tre filetane på spyd og la dei gjerne ligge i kjøleskapet over natta slik at marinaden trekker godt inn.
  • Fordel kyllingspyd på ei plate med bakepapir.
  • Steik ved 220 grader i ca 20 min. For å finne ut om dei er klare, sjekk at kyllingkjøttet ved pinnen er gjennomsteikt.
  • Sett gjerne på grillen ved slutten slik at dei får litt meir farge enn kva mine på bildet over fekk.

 

Oppskrift fra Elins Matglede

 

#godtno #kyllingspyd #chili #marinade #middag #tapas #oppskrifter #tips #matglede #matprat

Tapas: Albondigas / Spanske kjøttboller og tomatsaus

Ein sjølvskriven rett på tapasbordet er Albondigas eller Spanske kjøttboller med tomatsaus! Desse kan ein jo og servere med spagetti til bolognese.

Du treng:

  • 500 g kjøttdeig / karbonadedeig
  • 1 Egg
  • Litt mjelk (ca 0,5 dl)
  • 1 finhakka liten løk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • Strøkavring eller 2 skiver loff (utan skorpe)
  • 3 ss riven parmesan
  • Litt riven Muskat
  • 1 ts Salt
  • 0,5 ts Pepper
  • evt litt hakka persille

Slik gjer du:

  • Bland kjøttdeig, løk, kvitløk, chili, egg, loff og mjelk godt saman.
  • Tilsett krydderet.
  • Ha kaldt vatn i ei skål. Fukt henda og form små bollar med ei teskjei.
  • Steik på middels varme i ei steikepanne. Bruk enten smør eller ei nøytral olje. 

 

 

Spicy tomatsaus:

Du treng:

  • Litt rapsolje
  • 1 finhakka liten løk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • 1/2 ts tørka timian
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts pepper
  • 1 dl utblanda buljong

Slik gjer du:

  • Steik finhakka løk og kvitløk til dei er gyldne
  • Rør inn tomatpurè og hakka tomater
  • yTilsett krydder og buljong
  • La alt koke opp i ca 15 min på lav varme (jo lenger jo bedre, men då må ein spe på med vatn)
  • Klar til servering!

 

 

 

Tips fra: Hverdagsmat.

 

#godtno #tapas #albondigas #kjøttboller #middag #fingermat #matprat #snacks #spansk #spania #spicy