Tapas: Dadlar med bacon og jordbær og butterdeigrullar!

Ein super snacks til partybordet må være dadlar med bacon og jordbær. Sammensettingen av det salte og søte er heilt nydelig! Så enkelt, men likevell så genialt! Ein anna rett som var ny for meg er butterdeigsnurrar. Butterdeig har eg egentlig aldri hatt i hus, men det var jo egentlig smart det og. Og ikkje minst er det noko dei aller minste kan knaske i seg, det er bare å variere fyllet!

Dadlar med bacon og jordbær:

Du treng:

  • Dadlar i lausvekt fra fruktdisken
  • Bacon i skiver
  • Jordbær delt i to
  • Tannpirker utan menthol

Slik gjer du:

  • Del dadlane i to og ta ut steinane
  • Del baconstrimlene i tre. Ei strimle skal være nok til tre halve dadlar.
  • Surr bacon rundt dadlane og fest med ein tannpirker.
  • Steik dadlar og bacon på bakepapir nederst i ovenen. 
  • Steik på 190 grader i ca 20 min. Etter 20 min så tok eg og på varmluft, slik at dalane blei veldig godt steikt. Dette gjorde at dei fekk ein deilig karamellsmak! Men pass på så dei ikkje blir for mykje steikt.
  • La dadlane kjøle seg ned.
  • Stikk eit halvt jordbær på kvar pinne og server!

Butterdeigsnurrar:

Du treng:

  • 1 pk fryst butterdeig
  • 1 glas tacosaus
  • 2 pk kjøttpålegg (skinke, salami osv)
  • Kvitost

Slik gjer du:

  • Legg butterdeigplatene utover bordet slik at dei tinar.
  • Kjevle butterdeigen ut til dobbel storleik, bruk gjerne litt kveitemjøl.
  • Fordel tacosaus, skinke og ost utover.
  • Rull sammen buttterdeigen til pølser og frys dei ned i aluminiumsfolie eller matpapir.
  • Når du skal servere rullane tar du dei enkelt opp av frysen og skjærer opp skiver på ca 5 mm.
  • Legg på bakepapir og steik ved 200 grader i ca 15-20 min. Til dei er gyldne.  Ps: dei hever seg litt!

For fleire variantar kan du fylle med feks: spekeskinke og parmesanost, eple og kanel, fetaost og skinke osv. Bare fantasien setter grenser! 

 Dette fyllet til butterdeigrullane kjem fra Elins matgleder

Tapas: Lefserull med laks og rødbeter

Ein stor fingermatslager må være lefserullar. Enkle å lage, enkle å ete og alle likar dei! Her har eg laga to forskjellige rullar, ein med laks og ein med rødbetesalat. Oppskriftene under gir deg nok fyll til 4/5 store tacolefser. Prøv å server dette neste gang du har gjester over! 🙂

Lefserull med rødbetsalat:

Du treng:

  • 2-3 ss finhakka rødbeter
  • 2-3 ss finhakka eple
  • 2-3 ss finhakka rødløk
  • 2 ss creme fraich eller rømme
  • 2 ss kremost naturell eller philadelphia 
  • Litt pepper
  • Sitronsaft

Slik gjer du:

  • Bland alt sammen og tilpass kor mykje sitron og pepper du vil ha i blandinga. 
  • Fordel ein god del av blandinga på ei stor lefse og rull godt sammen slik at rullen holder seg. 
  • Om du synes blandinga er litt rennande, tilsett bare meir philadelphia. 
  • Eit tips er å legge røykelaks i lefsa i lag med blandingen.

Lefserull med laks:

Du treng:

  • to pakkar med skiva røykelaks
  • 1/2 pk Philadelphiaost
  • 1/2 pk ruccolasalat
  • Tannstikker uten mentholsmak.

Slik gjer du:

  • Smør eit lag med philadelphia på lefsa
  • Legg godt med laks på, eg brukte to skiver
  • dryss over godt med ruccola
  • Rull sammen, skjær opp i ca 4/ 5 bitar og voila!

#rødbitsalat #rødbetsalat #eple #løk #laks #lefserull #tapas #oppskrifter #enkelmat #godmat #fingermat

Oppskrift: Focaccia

Focaccia er eit deilig og saftig brød som er supert å servera til tapas, supper eller som snacks. Det fine med focaccia er at ein kan toppe det med så utrulig mykje forskjellig godt, slik at brødet kan variere i det uendelige!

Du treng:

  • 1 liter vatn, 40 grader
  • 1 pk tørrgjær
  • 1,5 ss salt
  • 1,5 ss sukker
  • 1,5 dl rapsolje
  • 1,3 kg kveitemjøl
  • Valgfri topping som soltørka tomater, oliven, fetaost, havsalt, urter

Gjer slik:

  • Finn fram 1 liter lunka vatn og tilsett gjær, sukker, olje og salt. 
  • Bland saman og tilsett mjøl og bland deigen godt saman. Deigen skal ikkje være for fast, men klissete i konsistensen. 
  • La deigen heve i ca 30 min. 
  • Legg deigen i ei langpanne, ta olje på henda og glatt ut deigen. 
  • Bruk ein gaffel til å stikke mange hol i deigen og strø på toppingen.
  • No skal du la deigen heva til dobbel størrelse.
  • Steikast på 220 grader i ca 15 min, midt i ovnen. 

 

Oppskrifta er fra Elins matgleder

 

#focaccia #tapas #oppskrifter #matglede #middelhavet #brød #godtbrød

Gradueringsmiddag!

På onsdag var det tid for at årets befalskull på Kjevik skulle graduerast. Vegard og nåken kollega var invitert og då trengte dei jo følge! Og siden Linn er på besøk hos meg denne veka så passa jo der veldig bra 🙂 Vi fekk og ein gylden mulighet til å kjøpa oss nye fine lange kjolar. Det er ikkje så ofte ein får brukt slike, så det var veldig gøy!

Det var ein veldig kjekk kveld som starta med treretters og talar før det gjekk over til polonese og disko! 🙂

Babyshower!

På tirsdag var vi ein gjeng på 10 jenter som overraska Eva med babyshower! Ho har termin om ca 3 veker, så det var vel på tide at vi arrangerte det no 🙂 Ho blei veldig glad og takknemmelig, og bare sjå alle dei fine gavane ho fekk til lille babyen! 🙂

Eg gav ho eit teppe som eg hekla, eit par strikkasokkar og ein liten søt kjole 🙂

DIY: Blomsterkasse med hjul

Til mamma sin bursdag fekk eg for meg at eg skulle laga ein stor blomsterkasse på hjul. Terrassen dei har bygd er så stor og flott, så ein blomsterkasse til å kunne avdele litt er fint 🙂 Å skru sammen kassen var egentlig fort gjort når plankane var kutta opp.   Fleire nettaviser har skreve om denne, les artikkelen blandt anna HER. Om du bruker oppskrifta er det fint om du linker til min blogg 🙂

Du treng:

  • 10 plank på 50 cm
  • 10 plank på 82 cm
  • 2 plank på 56 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 2 plank på 84 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 4 tjukkare plank/ tjukke lektere på 50 cm
  • Plastbalje 65 l fra Felleskjøpet 
  • Terrasseskruer
  • 4 vendbare hjul
  • Drill, sag og bor

 

Slik gjorde eg:

  1. Sag opp alle lengdene.
  2. Bruk dei fire “tjukkare plank/ tjukke lekterane” til å sette opp ei ramme.
  3. Skru på 50 cm plank på to av “lekterane”. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei tre andre plankane og få like mellomrom mellom dei.
  4. Gjer deretter det samme med langsidene på 82 cm. Slik at hele plastbaljen blir kledd inn.
  5. Siden plastbaljen bare er 37 cm høg og kassen 50 cm, så måtte eg bygge plastkassen inni. Der brukte eg bare litt resteplank og skrudde fast, slik at baljen kan stå på den.
  6. På toppen kledde eg rundt med to plank på 56 cm og to plank på 84 cm som er kutta i 45 grader i endane. 
  7. I botnen av plastbaljen har eg og bora hol slik at vatnet kan renna gjennom. 
  8. Til slutt skrudde eg på hjul, slik at den enkelt kan flyttast på. Den er ganske tung, og når det i tillegg kjem jord og stein i den så blir den heller ikkje lettare. 
  9. No er den klar til å beisast!

Her kjem ein liten bildeserie, så kanskje forklaringane blir lettare då 🙂

 #blomsterkasse #blomster #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2

7 år!

Tenk at vi har vore sammen i 7 år allerede! Kjent kvarandre i 10 år og sammen i 7 av dei! 🙂 Heilt utrulig å tenka på. Eg er overlykkelig og håpar vi får mange fleire fine år sammen!:)

Nytt i stovekroken

No har sofakroken fått seg litt vårlig oppdatering! Eg har så lyst på nytt stovebord… Så etter eksamen, då trur eg at eg skal laga eit nytt eit. Så blir me fornøyde med det, så blir det tv-benk i samme “stil”! Eg er så lei av kvitt bord, det blir virkelig aldri reint…

Nye zig-zag puter fra Palma, ullputer fra Hay, canvasbilder Marianne Aulie, blå vase og annanas fra Skeidar og lys fra Voluspa.

#interiør #hjemme #stue #interiør123

Sykedag

Idag våkna eg med sår og hoven hals.. Dette er typisk etter ein lengre periode med eksamensstress, kroppen slapper av og blir sjuk… Men det er jo fortsatt bare 9 dagar til siste eksamen, så eg har ikkje tid til å bli sjuk!

Uansett har dagen gått rolig for seg, og no sitte eg å ser på tv, ete kanelbolle og heklar ei babyjakke til ei veninne! Håpar den blir så fin som på mønsteret! 🙂

Shopping!

Litt shopping etter Finanseksamen må nå vera lov! Etter eksamen idag tok eg turen ned på Waynes coffee og hang der til stengetid. Hadde eg gått heim hadde eg nok sovna på flekken med tanke på dei tre små timane eg fekk på puta i natt.. Etter Waynes for eg på teppe og blomstershopping! Teppet har eg ikkje pakka opp endo, håper det er så grått som eg ønsker det skal være..

Kaktushimmelen på Plantasjen! Har beslutningsverging når det gjelder blomar.. Veit aldri kva eg vil ha. Trur eg sto å såg på kaktusane i 15 min før eg bestemte meg :-p

Ny vase og annanas fra Skeidar! Ja, det et slike ting eg ikkje trenge, men dei gjore meg gla! :p

Kjøpte og ein ny palme(?). Denne har Vegard ønska seg lenge, men har aldri kjøpt.. Så endelig! Kul eller?