Tips: Enkel og kjapp middag

Om du er som oss, og aldri et opp ein pakke med tacolefser til ein middag, er dette eit genialt tips.  Det er alltid minst 3-4 stk igjen i ein pakke når vi er ferdige, så istedenfor å kaste resten av lefsene (ein kaster ikkje mat!), så kan du bruke dei som pizzabunn ein dag du har dårlig tid! Lefsene kan og frysast, slik at du alltid har klare pizzabunnar i frysen!

Alt du treng er:

  • Tacolefse
  • tomatpure, ketchup eller creme fraiche
  • grønnsaker du har i kjøleskapet
  • ost 
  • kjøtt, skinke, pepperoni, bacon eller salami
  • krydder

Hiv alt på tacolefsa, inn i ovnen på varmluft og 200 grader til osten er smelta!

Det er kun fantasien som setter grenser for kva du kan ha som topping!

#heimelaga #hjemmelaga #tips #godtno #matprat #middag #kjøkken #studentmat #enkelmat #kjappmat

Oppskrift: Heimelaga plommesaft

No har eg utnytta siste rest av kassen med plommer fra Eik. Eg googla meg litt fram og fant ut at saft ikkje var så dumt å prøve. Eg trudde egentlig det skulle være mykje meir avansert enn det var, så eg blei vel egentlig veldig positivt overraska då eg leste dei forskjellige oppskriftene. Dette var jo fort gjort!

 

Til  nesten 2 liter saft treng du:

  • 2,5 kg plommer med stein
  • 8 dl vatn
  • 400 gram sukker (meir eller mindre avhengig av kor søt du vil ha den)

 

Slik gjer du:

  • Kok opp vatn og plommer og la plommene bli møre.
  • Når plommene er møre kan du bruke ein potetstappemoser til å skvise dei godt. La dei småkoke litt til.
  • No treng du eit dørslag og eit reint kjøkkenhåndkle. Legg dørslaget over ei panne og legg så kjøkkenhåndklet over igjen.
  • Bruk ei ause til å helle litt og litt av dei ferdig kokte plommene øve. Dette tar tid, men la det stå å renne i fred. På mange av oppskriftene står det at du ikkje skal prøve å trykke safta gjennom kledet for at de skal gå fortare, men med min tolmodighet så gjorde eg det. Ingen skade skjedd trur eg!
  • Når all safta er gjennom  tilsetter du sukkeret og kok opp på nytt. 
  • Hell så blandinga over på tette og steriliserte flasker. Eg har brukt IKEA sine literflasker til 19 kr stk.

 

Blandeforholdet er ca 1/4, men det avhenger av kor sterk/svak du likar safta. 

 

Eg anar ikkje kor lenge ei flaske held seg i kjøleskapet, men eg har tenkt å drikke den fortløpande. Ein kan og fryse flaskene og ta dei opp til spesielle hendingar?

#heimelaga #hjemmelaga #plommesaft #godtno #matprat #diy #gjørdetselv 

#mytaste #aftemposten #kamille #kjøkken #oppskrift #deilig #høst #haust  #plommer 

På McDonalds er eg…

På byen er eg… På shopping, nyter folkelivet, å ete lunch eller å drikke vin med gode venner og høgt med eit høgt støynivå!

Akkurat no er eg… heime og klar for trening!

Heime aleine er eg… Som regel nesten aldri. Er eg det har eg fort tv-marathon der eg ser alt eg har tatt opp over lengre tid. 

På jobb er eg… Foreløpig den nye som spør om alt og ingenting.

I matbutikken er eg… Et mareritt.. Vegard hater å handle med meg, då eg alltid skal gå grundig gjennom alle hyllene fordi “det kan jo være nåke vi trenger”… 

På Facebook er eg… For å følge med på livet til mine fjerne venner og få oppdatering på bursdagar.

På McDonalds er eg… Så og sei aldri.. Viss eg er der kjøper eg McFlurry!

På vorspiel er eg… Fin på vin og inkluderande om det er nye mennesker til stede.

På flyet er eg… Rolig og avslappa. Har ingenting i mot å fly!

I diskusjoner er eg… Ho som alltid har rett.  

På toget er eg… Sint på at de reklamerer med bra Wifi som egentlig er ikkje-eksisterende.

På shopping er eg… Veldig opp og ned. Kan hate å handle, men til gjengjeld så kan eg handle alt for masse når eg først slår til..

På bilturar er eg… Ho som synge for full hals og får kjeft for det…

I telefonen er eg… Kvar dag, med mamma! Har alltid øyrepropper tilgjengelig så eg slipper å holde telefonen, alle samtalene mine er lange..

På melding er eg… Ho som ikkje klarer å sende ein sms, men sender gjerne 5 etter kvarandre. Som ein chat. 

På ferie er eg… Ho som skal oppleve mest mulig, til Vegards store frustrasjon.  Ferie er ikkje avslapping.

 

Oppskrift: Steikt torsk med bacon

Dette smakte nydelig! Min bedre halvdel slukte det faktisk og. Når ein serverer kvit fisk med bacon, då kan det aldri slå feil!

Du treng til 2 personar:

  • 2 torskefiletar
  • 1 stor søtpotet
  • 1/2 brokkoli
  • 1 Vårløk
  • 1 pakke skogsbacon

Slik gjer du:

  • Skrell søtpotet og kutt den i bitar før du lar den koke mør. 
  • Strø litt havsalt på fisken og la det trekke i ca 10 min.
  • Steik bacon og vårløk i ei panne med litt smør
  • Bruk litt nøytral olje og legg fiske med skinnsida ned. La den ligge til du ser den blir fastare og steikt. Ta då litt smør i og snu fisken rundt. 
  • Lag stappe av søtpoteta. Tilsett gjerne litt melk, smør og krydder etter smak.
  • Hiv brokkolien i kokandes vatn i ca 1-2 min. 
  • Server!

 

 

 

 

 

Kvalitetstid

Idag har det vært ein rolig dag med mykje tid til meg sjølv. Eg har uheldigvis vært heime i fra jobb då kroppen ikkje har spelt på lag dei siste dagane.. Eg hadde nesten glømt korleis det var å være heime ein heil dag, alt er så rolig. Har heldigvis klart å gjere noko anna enn å bare ligge på sofaen idag då, så i måro blir det heldivis jobb igjen!  

Akuratt no sitte eg å lese det nye nummeret av Rom123 og drikker eit glas heimelaga plommesaft, yum!  Det var overraskande enkelt å lage, så oppskrifta kjem på bloggen om ikkje så alt for lenge 🙂

Ha ein fortsatt fin tirsdag! 🙂

Oppskrift: Heimelaga plommesyltetøy med kanel

Vi var så heldig å få ein stor kasse med deilige plommer i fra hagen Bessen og Besto. Vi kunne jo ikkje akkurat sette oss ned å ete alt sjølv, så eg fann ut at eg kunne prøve meg på heimelaga syltetøy. Eg googla litt rundt og kom fram til denne kombinasjonen eg har delt med dåke under. Eg fekk ganske mange glass ut av 3 kg med plommer, så om ein bare skal lage til frokostbordet sitt så vil eg kanskje anbefale å bruke 500 gram plommer i staden for.

Du treng:

  • 3 kg plommer (uten stein)
  • 2 sitroner
  • 6 dl sukker
  • 1 pose kanelstang
  • 2 ts kanel
  • 2 epler
  • 1 pose syltepulver
  • Maizena til ønska konsistens (Eg brukte 3 ss og 2 dl vatn)

Slik gjer du:

  • Ta steinen ut av plommene.
  • Skrell og del eplene, husk å fjerne kjernen og frøa. Bruk gjerne eit syrlig eple.
  • Tilsett safta av to sitroner.
  • Bland syltepulveret med sukkeret og hell det over blandinga.
  • Ha i kanelstengene.
  • Rør godt sammen og la det stå ei lita stund, til safta av plommene har begynt å sive ut.
  • Kok deretter blandingen opp og la det bare småkoke til det blir mørt.
  • Ta utav kanelstengene og kjør det heile til ein jevn masse med stavmikseren.
  • Tilsett deretter kanel til ønska smak.
  • Tilsett og maizena blanda ut i kaldt vatn. Her må du sjølv bestemme kor tjukt eller flytande du vil ha syltetøyet. Det er ikkje nødvendig å bruke maizena.
  • Ha syltetøyet på varme og tette glass. Sett glassa på hovudet når du har fylt dei med syltetøy, så ser du om dei er tette.
  • Gi deretter vekk eit glas og to til folk du er glad i! <3

Alle desse glasa pluss enda eit av dei med grått lokk kom det ut av 3 kg med plommer. Her må eg nok dele med naboane!

Eg ville gjere litt ut av glasa eg skulle gje vekk, så her har eg brukt kanelstengene som eg hadde i syltetøyet til dekorasjon. Bare vaska dei godt først, slik at dei ikkje var klissete. Så koselig å haustlig<3

Eg var inne til naboen vår på 80 år med dette glaset og ein pose med ferske plommer, han blei så glad!<3

Takk til mine snille besteforeldre som sende meg slik luksus, fra Vestlandet til Sørlandet!

#heimelaga #hjemmelaga #plommesyltetøy #kanel #godtno #matprat

#mytaste #aftemposten #kamille #kjøkken #oppskrift #deilig #høst #haust  #plommer 

DIY: Elefantbamse

Til denne søte bamsen har eg henta inspirasjon fra ein lokal barnebutikk her i Kristiansand. Eg har ikkje fulgt nåken oppskrift, men har no funne ut at eit liknande mønster er mulig å kjøpe på nett. For min del er det unødvendig, då bamsen egentlig er så enkel at ein kan lage mønster sjølv. 🙂

For å lage ein enda enklare versjon, uten øyrer kan du bare tegne eit mønster, klippe ut, sy rundt, fyll med vatt og voila! 

Dette treng du:

  • Bakepapir
  • To forskjellige stoff
  • Symaskin
  • Fyllvatt
  • Bommullstråd
  • Nål
  • Saks

Slik gjer du:

  • Start med å tegne opp figuren du vil lage. Tegn den litt større en du vil ha den, då den virker større på papir enn når den blir fylt.  

 

  • Klipp ut delane som under. Dette er fordi du skal feste øyra mellom hovudet og kroppen. 
  • Tegn mønsteret over på stoffet. Pass på at det blir riktig i forhold til rette og vrange. Du treng to delar av kvar kroppsdel og fire delar av øyrene.
  • Klipp ut delane i stoffet. Husk godt med søm-monn!

  • Sy øyredelane sammen og fyll med vatt.  
  • Fest øyret i passelig høgde på bakdelen, og legg hovudet over, slik som på bildet. Pass på at det blir rett når hovudet blir retta fram igjen.  
  • Sy langs den rette linja mellom hovud og kropp. 
  • Husk å gjer dette på begge sidene.

  • No skal du bestemme uttrykket til bamsen. Augene skal på. Sy dei der du vil ha dei, lurt å plassere dei nåke lunde likt på kvar side. Synes du dette er vanskelig så kan du sy på augene når bamsen er ferdig. 
  • Sy ei lita flat “pølse” til hale. Eg valgte å knyte den da den blei litt lang, men dette blei jo egentlig bare kult!
  • Legg halen litt på skrått inn mot kroppen. Legg den ferdigsydde kroppen med rette mot rette og sy nesten heilt rundt.  Prøv å få så god flyt i det så mulig, slik at dei runde kantane ikkje blir hakkete.

  • Vreng bamsen i åpningen og fyll godt med vatt. Så er det bare å sy igjen siste stykke for hand. 

#elefant #elefantbamse #bamse #kosedyr #diy #gjørdetselv #hjemmelaga #håndarbeid

DIY: Papirbilde

Eg er litt usikker på ka eg skal kalle dette, men det er vel eit heimelaga “skjær-ut-bilde”. Eg såg denne ideen på pinterest, og mulighetane er så store! Eg såg jo for meg at eg skulle lage eit stort bilde som skulle henge over sofaen, men det blir nok ikkje med det første foråseidetsånn… Å lage desse bilda tar faktisk overraskande lang tid, og er ein tolmodighetstest utan like. Ein må passe på så mykje, også skal det jo bli fint til slutt og! Vel, eg har ikkje heve meg på nåken større prosjekt enn bokstavbilde, enda.  Desse er jo ypperlige til barnerom, og då som dåpspresang. 

Du treng: 

  • Kniv (kjøpte min på Clas Ohlson. Dei har på Panduro og )
  • Ramme (Clas Ohlson)
  • To forskjellige farga papir (kjøpt kvadratiske på Panduro)
  • Underlag til å skjære på
  • Gråblyant
  • Viskelær
  • Linjal

Slik gjer du:

  • Skiss opp vinklar i hjørnene ca 2 cm fra passepartouret. Slik får du bildet sentrert i ramma og passepartouret.
  • Skiss opp figuren/ bokstaven
  • Så er det bare å begynne å skjære ut trekantar! Pass på at det skal være litt mellomrom mellom alle trekantane. 
  • Vær forsiktig, ikkje kutt gjennom mellomromma..
  • Visk vekk blyanten og tape arka til passepartouren. 
  • Ferdig!

Under er det nåken bilder til forklaringen:

#diy #hjemmelaga #papercut #papirkutting #personlig #dåpsgave #morogbarn #rom123 #interior #bilde #design #gjørdetselv

Små gleder

Endelig kan eg ta meg tid til å kna meg oppi sofaen med et deilig interiørblad! Det er slike små ting som eg ikkje har hatt samvittighet til å gjere når eg har vært student. Ikkje det at eg ikkje har hatt tid, men skyldfølelsen av et eg heller burde lest pensum har alltid hengt over meg.. Så no folkens, no er den min tur til å stupe inn i bladverden!

Interiørblad er nok den største favoritten. Bare det å kunne drømme seg vekk, finne idear og lese om andres oppussing inspirerer i alle fall meg. Derfor har eg bestemt meg for at Bonytt skulle få komme heim til meg ein gang i mnd. Dessuten så ventar eg på fire fine eggeglass fra Wik og Walsoe som velkomstgave! GLEDE! Eg vurderer å bestille rom123 og, men får kanskje vente litt så eg ikkje bare blir sittande i sofaen og fylle opp hovudet med alle slags idear som må settjast ut i livet. 

Det som også var smart var at eg kjøpte abonnementet gjennom Kickback, og på den måten fikk eg 6% av kjøpssummen tilbake fra dei! Penger spart er penger tjent!

Kickback kan du reistrere deg gratis på her: KICKBACK

 

#bonytt #interior #interiør #bladkongen #kickback #hverdagsgleder #smågleder #høstkos #wikogwalsoe #wikwalsoe