Treningstur på verdens finaste strand

Lokal tid 23:30

Det var så herlig å våkne til her nede på stranda idag, i motsetting til inni skogen der leiligheten vår ligg. Det var overskya når vi sto opp idag, så det blei ein rolig start inne før vi fant ut at vi skulle kjøre ein tur på Outleten som ligg kun 5 min vekke. Det var i hovedsak Silje og Morten som skulle ein runde, og eg og Vegard blei bare med på lasset. Det blei ingen shopping på verken meg eller Vegard, då Vegard har innført shopstop på meg…🙄  Så eg får nok heller ta ein tur uten han ja. Viktig at det er flyt i økonomien 😎

Etter at Vegard var kjørt på jobb så fant Mari Ann ut at ho ville på joggetur. Eg sa eg kunne bli med å jogge på stranda, siden det sikkert er litt bedre for foten min enn på asfalten. Det var så deilig å ha ei økt på stranda igjen. Eg kan innrømme at det er ei stund sidan eg har jogga, så for min del var det så absolutt ikkje kun ein rolig joggetur 😅

Fornøyd 😃

Mari Ann kunne konstantere at dette må være den finaste stranda ho har sett, og eg er så enig. Sanden her er heilt enormt finkorna og kvit. For dåke som har vært på Elafonissi på Kreta, denne stranda er mykje lik, bare finare 😊 

Nydelig 😍  Bare synd vi bur så langt vekke i frå stranda til at vi kan gjere dette oftare.. Vi får bruke det mens vi bur her nede i alle fall 😊

#gulfkysten #florida #reise #ferie #usa #iviusa #tur #påske #påskeisyden #syden #trening #reiseblogg #treningsglede  #jogge 

Full Moon Yoga

Åhh, endelig tilbake på stranda igjen!😊  Denne gangen blei det ikkje nåke soling då, men årets første fullmåneyoga. Eg fekk med meg Silje og Mari Ann, som er på besøk denne veka. (Jippiiiiii 🎉)  Dei hadde aldri prøvd strandyoga før, så for opplevelsens skyld så blei dei med. 

Det var, som sist, veldig masse folk! Egentlig så trur eg det var mykje fleire folk her no enn det var i fjor. Det kan jo sjølvsagt ha mykje med at det er turistsesong her no.. Det kryr av turistar her 😅

I fjor var dette ein heilt anna opplevelse enn no på våren. I fjor haust kunne vi sjå at månen oppe i aust, og sola på vei ned i vest samtidig. Denne gangen hadde sola gått ned ei lita stund før månen kom opp, men til gjengjeld så var månen heilt enormt raud! Også så stor den var då! 😍   Ikkje veit eg, men eg får ein god ro i kroppen av å ligge å sjå på månen stå opp. Skikkelig fasinerande!

 HER kan du sjå bilder i fra forrige gang. 

Også blei det heilt mørkt, før vi venta på at månen skulle komme opp i aust. 

Fine månen i det fjerne! 😍 

#yoga #fullmåne #reise #travel #iviusa #strand #usa #florida #ferie 

Endelig!!

Etter ei helg med venting så kom endelig flyttelasset vårt i går. Det er ikkje det at vi har trengt desse tinga dei siste vekene, men det er nåke med det når ein går å ventar.. Tida går liksom litt seint då..  Huff, flyttelasset vår har virkelig vokst det siste året! Vi satsar på å flytte inn i hus når vi kjem til Norge ja 😅

I går kom vi med kvar vår bag ned til leiligheten som familien til Vegard har leigd for påsken. Den ligg på stranda på Destin, så vi har det rimelig digg! Vi er virkelig på ferie, utenom at Vegard må på jobb idag og i morgon då… No skal vi ut å nyte sola her nede! Håpar påskesola viser seg heime i Norge og! 😊 

#florida #iviusa #flytte #reise #travel #ferie #usa 

VIDEO: Los Angeles og San Diego

God morgon Norge!

Det er sikkert nåken som har starta påskeferien allerede kan eg tenke meg. Eg kjenne at eg gjerne skulle hatt meg ein tur på hytta i påsken, men det får vi heller ta igjen til neste år! 😊  Vi har som sagt fått besøk av heile familien til Vegard, og fekk då bu på stranda med dei i helga. Det var så godt med litt strandliv igjen.😊  Vi kjørte heim igjen på søndags kveld for å ta i mot flyttelasset vårt som skulle komme på mandagen. Vel, mandag er over og vi har ingen flyttelass enda.. Det er bare så typisk alle amerikanera vi har hatt å gjere med i forbindelse med flytting.. Ingenting er i orden, ingen tidspunkt blir overholdt… Heldigvis har vi fått bekrefta at flyttelasset skal komme hit idag kl 09:00, så vi får nå satse på det då 😅

SAMSUNG CSC

I mellomtida vil eg gjerne dele ein video som eg har klippa sammen. Den er i frå turen vår til Los Angeles og San Diego i november. Enjoy! 😊

#video #iviusa #losangeles #LA #reise #ferie #sandiego #usa 

🏎 Frivillig på NASCAR race! 🏎

Ein av dei siste søndagane i Phoenix, var eg med å jobba frivillig på eit arrangement i regi av spouseklubben. 😊  Denne gangen skulle vi selge mat og drikke i kiosk og boder på eit NASCAR arrangement. NASCAR er den største motorsportarrangøren i USA.🏎  Det er altså kort fortalt bilrace på ein bane. ✌

Vi kom litt tidlig slik at vi fekk sett litt før vi starta på vakta vår. Kan ikkje sei det var så suuuuper spennande, men det blei fulle tribunar etter kvart. 👍  Her er eg med Tanya, ei venninne som og har vært med i turgruppa 😊

På eit kvart stort arrangement i Usa, blir nasjonalsangen spelt av i begynnelsen. Amerikanarane stiller seg opp, gjerne med hånda på brystet, gjennom heile sangen. Snakk om patriota 🇺🇸   Det er faktisk ganske fasinerande/rørande å sjå på av og til..

Oppgavene våre var å selge mat og drikke. Dei aller fleste blei plassert inni denne kjipe kiosken her. Ikkje nok med at det var evig varmt der inne, så lukta da rimelig innestengt ferdigmat og 😅  Eg veit ikkje ka det var eg hadde gjort rett, men eg var superheldig og fekk stå ute i ein drikkebod. Her tok vi kun kontantar og vi solgte kun drikke! Heilt perfekt 😎

Vi sto under tribunen, og det var rimelig høg lyd der! Heldigvis fekk eg eit par øyreproppar av ein tilskuer, så eg klarte meg godt 😊  Kledde vel det forklet der? 😜

Folk var så ekstremt engasjerte. Dei skreik og hoia i fleire timar i strekk. Men igjen, slik er det jo på dei fleste arrangementa her borte. 😊 

Sjølv om eg ikkje akkurat er så veldig interessert i bilrace og slikt, så var det jo kjekt å møte folk når eg sto og solgte. Dessuten fekk vi inn over 3000$, på dei to dagane vi stod der. Dette er pengar som går direkte tilbake til å dekke college utdanning til ungar av dei militære på basen. 😊

Driv du med nåke frivillig arbeid?

Er det nåken som veit om nåke frivillig arbeid i Norge?

Hadde vært kjekt å ha mulighet til det heime og 😊

#phoenix #frivillig #jobb #frivilligarbeid #arizona #reise #bil #bilrace #iviusa #verden #ferie #nascar

DIY: Sy deg ein enkel påskehare

Her kjem ein liten kjapp påskeDIY, som du enkelt kan ta med på hytta, i bilen eller lignande. Eg gjekk litt bananas i hobbybutikken når eg handla inn, og klarte sjølvsagt ikkje bestemme meg for fargar… Såå… Det blei litt mange påskeharar til slutt.. Vegard såg litt oppgitt ut, og lurte oppriktig på kor eg hadde tenkt å gjere av dei. Det veit eg jo sjølvsagt ikkje, men alt som er heimelaga får vi plass til 😅

SAMSUNG CSC

Denne DIY fekk eg forresten inspirasjon til i fra ei veninne av meg. Ho heiter @frujklausen på IG 😊 

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Filt
  • Fyll (Eg brukte eit garnnøste som eg ikkje trengte)
  • papp / sjablong
  • sytråd 
  • nål 
  • saks

SAMSUNG CSC

  • Brett filten i to og tegn opp figuren du vil ha. Klipp ut.
  • Sy deretter sting rundt. Husk å fyll haren med valgfritt fyll før du syr igjen siste cm rundt. 
  • Eg tegna og opp to strekar på fingeren, slik at eg fekk ca store mellomrom mellom stinga rundt.
  • Eg har ingen aning kva stinga heiter, så det må dåke nesten bare finne ut av 😅

På nåken av harane limte eg på filt i ein kontrastfarge på halen. Eg vurderer og å sy på auger og munn på nåken av dei. Vi får sjå! 😊

SAMSUNG CSC
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Du kan henge dei opp, men eg valgte å knekke nåken grillspydpinnar i to og tredde dei nedpå. Passa supert i lag med ein liten blom 😊 

SAMSUNG CSC

Det er så tomt i leiligheten uten alle tinga våre!! Altså, eg glede meg sånn til flyttelasset komme på mandag så eg kan få putene mine og slikt igjen. Det gjer heile leiligheten det 😊 

SAMSUNG CSC
#diy #påskehare #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv #påske #påske2017 #ferie #kreativ #interiør 

Oppskrift: Mona ´s indiske korma

Er det nåke Mona kan, så er det indisk.😊  Eg har aldri sett nåken ha så masse forskjellig krydder i skapet, og i tillegg bruke det. Eg har alltid tenkt at indisk er så vanskelig å lage i fra bunnen av, men det er jo absolutt sant det ho seier, at om ein bare har krydderet så er det jo superenkelt å lage indisk! ✌️ Greit nok det tok litt tid, men til ein så god middag så var det verdt det. Neste gang eg skal lage, så skal eg hive sammen dobbel porsjon og fryse ned.  Eg lagte og denne retten vegetar, men det er bare å tilsette kylling om ein ønsker det. Då treng ein ikkje sååå mykje kikerter i 😊

SAMSUNG CSC

Ja, ingredienslista kan sjå litt skummel ut.. Men så verdt det!

Du treng (4 porsjoner) :

  • 3 dl kikerter (1 boks) Eg brukte to stk, siden eg ikkje tilsatte andre grønnsaker.
  • 2 dl cashewnøtter
  • 1 løk
  • 2 cm ingefær
  • 7 dl grønnsakskraft, eller vatn kokt opp med grønnsaksbuljong
  • 2 ss olje til steiking
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ts korianderkrydder
  • 1 ts garam masala
  • 1 ts salt
  • Pepper
  • 1 ss tomatpure
  • 2 dl kokosmelk
  • 1 lime
  • Frisk koriander
  • Andre grønnsaker etter ønske. Feks potet, blomkål, brokkoli. Ferdigkokt.

 

 

Slik gjer du:

  1. Bløytlegg cashewnøttene i ca. 1 time.
  2. (Ønsker du flere grønnsaker i retten, kutt de opp og  sett på kok)
  3. Skyll kikertene til skummet forsvinn.
  4. Rens løk, kvitløk og ingefær, og kjør det deretter så jevnt du greier i en kjøkkenmaskin. Ha blandinga over i ei lita skål.
  5. Kjør cashewnøttene med halvparten av grønnsakskrafta heilt jevnt i kjøkkenmaskinen. Dette tar nåken minutt, så vær tålmodig. Desto jevnere du får dette desto bedre konsistens får du på sausen.
  6. Varm opp olje i ei gryte. Ha i løkblandinga og steik den i nåken minutt mens du vender på den.
  7. Ha i paprikapulver, korianderkrydder, garam masala, salt og pepper. Rør det sammen og la det surre i nåken minutt.
  8. Ha i resten av grønnsakskrafta, tomatpure og kokosmelk, og skvis i safta fra limen. La det koke opp.
  9. Bland deretter i cashewpureen. La det småkoke i 10 min.
  10. Tilsett kikertene (eventuelt de andre grønnsakene du ønsker) og la det koke i 10 min til, slik at kikertene blir gjennomvarme.
  11. Server med ris og finhakket koriander. Ha gjerne nanbrød til 

 

SAMSUNG CSC

Eg fekk ein stor porsjon ut av dette, så er kunne fryse ned restane. Det blei faktisk veldig godt når eg varma det opp igjen og. 😊

SAMSUNG CSC

#matprat #middag #student #godmat #oppskrift #indisk #india #hjemmelaget #godmat #enkelmat
 

Roadtrip: Antelope Canyon

Stopp nummer to på den lille roadtripen vår var Antelope Canyon.😄  Om du googler navnet, så forstår du veldig fort kvifor dette var ein plass eg absolutt ville opp å sjå. Antelope Canyon er ei djup kløft som ligg i Navajo reservatet heilt nord i Arizona. Det finnes ei øvre og ei nedre kløft. Av fleire årsaker valgte vi å ta turen i den nedre kløfta. Det er billigare, det er mindre folk og det kjem meir lys inn i denne kløfta. 

SAMSUNG CSC

Etter å ha gått i 5 minutt kom vi til ein plass der vi skulle vente til det var vår tur. Guiden estimerte ei ventetid på 25 minutt, men eg er sikker på at vi sto i over 40 min. Eg er bare glad for at vi var der ein onsdag og ikkje i ei helg. Når det er høgsesong så er køen 4 ganger så lang, og ein kan fort måtte vente i 2 timar for å komme ned. Det er ikkje akkurat nåke interessant å stå ute i ørkenen å vente, og spesielt ikkje når temperaturen presser 50 grader c.☀️ 

Før 1997 kunne ein ta turen ned hit aleine, uten guide. Men dette blei ein slutt på når det kom ein oversvømmelse/ flash flood gjennom kløfta. Denne tok 11 menneskeliv. Etter dette har sikkerheten rundt turane ned blitt betraktelig skjerpa, og ein må ha guide for å komme ned. Vi valgte å ta turen mied Ken´s tours. Guidane var veldig snakkesalige og behjelpelige, og fiksa faktisk innstillingane på kameraet slik at vi skulle få best mulig bilder der nede. Vi følte oss heller ikkje usikre eller nåke mens vi var der nede. 😊 

Sett deg tilbake og nyt! Altså, sjå på dette her då!! Det minner deg kanskje om den gamle Microsoft bakgrunnen som fulgte med pc´ane før? Det bildet er nemlig tatt her nede 😊 

SAMSUNG CSC

Fasinerande altså.

SAMSUNG CSC

Løvens hule!

SAMSUNG CSC

Ser du indianerhøvdingen bak oss? 😄

Her kan ein sjå innover der vi hadde gått. Her ser eg ein del ansikt og! 

SAMSUNG CSC

Nei, eg får prøve å begrense meg med bildene. Eg har ein HAUG av dei, men mange blir like når det kun er raud stein på dei 😅

Her kjeme vi ut av kløfta.😊  Hadde det ikkje vært for folka, så er det faktisk ikkje mulig å sjå at det er nåken utgang der.

Om du vurderer turen opp her bør du kanskje ringe å bestille på forhånd. Men… Det er alltid eit lite men… Navajo stamma stiller nemlig klokka, og det gjer ikkje resten av Arizona. Page, som er ein by som ligg inni Navajo reservatets land, stiller heller ikkje klokka.. Så, eg ville ha forsikra meg om kva tidssone dei opererer med der oppe, slik at du slepp å komme for seint.😊 

SAMSUNG CSC

#reise #reiseblogg #travel #ferie #arizona #page #antelopecanyon #antelope #verdensreise #verden #theworld #iviusa #nydelig #fin #

DIY: Beerpong-bord!

Altså, her kjeme eit innlegg eg egentlig ikkje hadde trudd eg skulle dele her på bloggen. Nemlig eit DIY-innlegg der Vegard har stått for jobben!✌️ Før vi reiste til Florida skulle Eirik feire bursdag og ha ein avslutningsfest for alle sammen. Vegard hadde mest lyst å gi han nåke stort og uhamslig, slik at han fekk litt “problem” med å frakte det til Florida. Enkelt tenkte vi då! Koffor ikkje bare kjøpe eit beerpong bord. 😅  Helst eit stort eit. Dette var jo lettare sagt enn gjort, siden vi begynte å leite etter dette bordet sånn 3 timar før vi skulle vær i bursdagen.. Eg enda til slutt opp på Walmart, der eg kjøpte eit heilt vanlig stort klappbord. 

SAMSUNG CSC

Vi måtte altså ordne med det vi hadde i hus. Det blei store plastkoppar til sjablongar, pepsi max boksar for å holde glasa på plass og esker for å holde fasongen. 😊

SAMSUNG CSC

Vegard spraya godt med spray på bordet. Spray gjerne i to tynne lag, slik at det tørker fortare.  Eg holdt på eskene, slik at strekane blei rette og tydelige. 

Pepsi Max kan brukast til alt! ✌️

SAMSUNG CSC

Tada! Tenk at det kunne gjerast så enkelt. Hadde vi bært litt bedre til å planlegge og slikt, så kunne vi nok gjort det litt meir nøye då.. Men bordet funka jo til formålet sitt, så då sa vi oss rimelig fornøyde! 😅

SAMSUNG CSC

Fornøyd mann på vei til bursdagsbarnet med heimelaga pakke! Det blei godt tatt i mot, og brukt mykje i bursdagen 😄

SAMSUNG CSC

#diy #heimelaga #gjørdetselv #hjemmelaget #kreativ #kreativitet #interiør #inspirasjon #hobby #gds #byidarossland #idarossland

Ubrukelig

Lokal tid: torsdag kl 22:50

Huff for ein ubrukelig dag.. Planen var at vi skulle kjøre å bestille servicetime til bilen borti sentrum, og deretter kjøre heim igjen for å trene og ete middag før Vegard sku på jobb. Vel slik blei det jo absolutt ikkje..🙄

Når vi kom til verkstaden så fekk vi faktisk time med ein gang kl 12. Dei sa dei kun trengte 2 timar for full service. Supert tenkte vi! Dei lurte og på om vi hadde lyst å sette oss ned å vente eller sjå på nye bilar.. Altså i 2 timar? Nei, veit du ka..🙄  Så vi gjekk oss ein tur oppover mot Walmart for å kjøpe nåken nødvendighetar. Det gjekk jo greit det, einaste problemet i store deler av Usa er jo at det ikkje eksisterer fortau… Så der gjekk vi på graset langs hovedveien.. Folk såg på oss som to tullingar der vi gjekk. 😅 

Veien som går på tvers på bildet er Interstate-10, motorveien som går i frå Jacksonville til Santa Monica beach. Den måtte vi då gå under 😅 

Vi kom tilbake til verkstaden kl 14, og rekna egentlig med at bilen skulle vær klar. Neida, 2 timar blei til 3 og Vegard begynte å få litt dårlig tid med tanke på jobb.. Det blei rett og slett til at dei måtte avbryte siste del av servicen, slik at Vegard skulle komme seg på jobb. No skal vi levere bilen på verkstad kl 07:30 i morgon, nåke som er umenneskelig tidlig for oss og våras døgnrytmem😅 

Heldigvis kom han usedvanlig tidlig heim ikveld, så vi fekk gjennomført middagsplanane våre. Det blei, for første gang på 9 år, pannekaker med bacon og blåbær! Han klagde litt her forrige veke, om at vi aldri har ete pannekaker i lag før. Så slik blei det til! Er det bare eg som har både bacon og syltetøy i samme pannekake? 😅  Fekk lurt Vegard til det samme då, så eg ikkje er heilt aleine med det lengre i alle fall!

No fekk vi akkurat beskjed om at besøket er forsinka med flyet. Eller flyet er kansellert, og dei står no i Atlanta uten nåken plan.. Får bare håpe dei kjem seg sørover i morgon tidlig, så dei kan få litt av dagen her nede i varmen😊 

#usa #iviusa #florida #reise #utandet #jhverdag #ferie