Då var sommerferien 2017 igang for oss og! Heh, det er rart med det, men det var faktisk med god feriefølelse vi satte oss i leigebilen idag og kjørte austøve i Florida.😊 Ferden går som nevnt i frå Destin til New York, ein tur som egentlig kun skal ta 18 timar, men med litt avstikkara her og der kjem på rundt 28 timar. Eller, det er i alle fall etter den planen vi har no, og den blir jo endra heile tida. Idag tidlig så visste vi ikkje ein gang at vi skulle nedom Orlando og Kennedy Space center. Og no ligg vi på eit motell ca 10 minutt unna rakettane, sååå..
Det var vel kanskje litt vemodig å reise i frå fine Destin og området rundt idag. Heldigvis er vi av dei siste i gruppa som reiser, så vi føler oss godt ferdig med alt Emerald Coast har å by på.😊 Om vi nåken gang kjem tilbake hit? Det tviler eg egentlig på.. Det ligg liksom ikkje så utrulig sentralt for Nordmenn på ferie.. Ein ting er i alle fall sikkert, aldri i livet om det finnes ei sandstrand i verden som er finare enn dei på Destin. Sanden er virkelig krittkvit!😍
I morgon blir det som nevnt Space center på oss, og deretter veit vi ikkje heilt. Vi skal i alle fall kjøre nordøve, så får vi sjå kor vi ender opp! Er litt deilig å ikkje ha nåken heilt konkret plan og. 😀
Bildene i dette innlegget er alle i fra Destin og Fort Walton området i Florida. 😊
Her ligg og Eglin Air Force Base, som er rekna som verdens største militære flybase.
Endelig kom det ein dag med sol igjen! 😊 Eg trur det er nesten ei veke siden sist eg kunne ligge ute å sole meg faktisk. For eit møkkavær altså! Etter at eg hadde hatt med ein time og to ved bassengkanten så ringte Camilla og lurte på om vi skulle være med på stranda. Og i vel viten om at det sikkert kom til å bli siste tur på stranda her i Destin, så heiv vi oss rundt.
Stranda var stengt då, eller, sjøen var stengt. Dette var på grunn av etterdønningen av stormen som har vert den siste veka. Det var kraftige undervannsstrømmar, så ein burde nok ikkje gå så alt for langt ut. Dei fleste fulgte badevakten sin ordre om vassing innerst, men det var jo sjølvsagt nåken som ikkje brydde seg. Dette resulterte sjølvsagt i at ingen fekk lov å være i vatnet i ein periode..🙄
Stormen hadde og dradd med seg ein haug med tang og tare opp. Og stranda var mykje mindre enn normalt. Det er fasinerande å sjå at sjøen kan bli så mykje høgare etter nåken dagar med storm!
Etter nåken timar med steiking på stranda gjekk vi svidde og gode heimover.😅 Mannane hadde då vore på butikken og handla inn til grilling for kvelden. Det er så koselig å sitte ved bassengkanten å grille slik som dette.😊 Alt er koselig med dette, utenom myggen. Sjølv ved lang dongeribukse så klarer eg å bli bitt midt på låret.. Korleis er det mulig?!
Kvelden fortsatte ut i seine natterstimar med god mat, god drikke, kortspel og godt selskap! Ja takk til slike sommarkveldar i Norge og!😊
Etter enda ei natt med storm, så våkna vi endelig til blå himmel idag. Tidenes mest ustabile vær altså! Sol eller ikkje så er det deilig å starte dagen rolig, så morgontimane har vi brukt til å bestille flyreise heim til Norge.😊 Iiihh, no skjer det! Det er rart å tenke på det, at eventyret vårt snart er over. Heldigvis skal vi på ein siste utflukt her i USA før vi sitte på flyet. Flybillettane har vi nemlig bestilt i fra New York, nåke som betyr at vi må kjøre opp dit.😄 Planen er ikkje heilt 100% spikra enda, utenom at vi veit vi skal ha 3 overnattingar i New York. Også vil vi innom Washington på veien.
Vi vil nok innom dei mest kjente områda og bygga, men spesielle tips og plasser ein bør besøke er jo og gøy! Så er det nåken som kanskje har tips til Washington og New York?😄
For eit vær det har vært her dei siste dagane. 😫 Dei som har fulgt litt ekstra med har kanskje fått med seg at det har brygga opp til ein skikkelig tropisk storm nedi gulfen den siste veka. Det var lenge forventa at den skulle ta kysten hardt, og då med New Orleans og Lafayette som hovedområde. Men som alltid så breier jo desse stormane seg litt mykje, og det går ofte ut over områda rundt..
I natt (tirsdag-onsdag) så hagla det inn med nødvarsel på mobilen. Det var både varsel på flom, tornado og tropisk storm på ein gang.🌩️ 🌪️ Vel vel, det er jo ikkje mykje å gjere enn å sove gjennom det. Dessuten bur vi i 3. etasje no, så nåken flom får vi nå i alle fall ikkje inn. ☔ Vi har jo opplevd denne type vær før og det går jo som oftest greit. Når eg sto opp om morgonen så både blåste og regna det godt utfor vinduet. Eg sjekka lokalavisa og innsåg at det hadde vore både tornado og rimelig god storm i morgontimane. Vi bur heilt til høgre innanfor det raude området, ved Pensacola.
Det verste å våkne til var bilder av vår gode venn John sitt hus. Der hadde tydeligvis tornadoen gått rett over og tatt med seg store deler av taket, både ute og inne. 😥 Det som tidligare var eit skikkelig sommerparadis ved stranda, ser virkelig ikkje slik ut no. Bildene under har han lagt ut på Facebook etter at stormen og regnet hadde roa seg litt. Her kan du sjå bilder i fra eit besøk vi hadde hos han.
Det ser ut som tornadoen bare har kjørt tvers over huset hans, og tatt med seg det som var av takplater og overbygg.😔
Her er nåken bilder fra innsida av huset. Dette er på soverom og spisestue. Så utrulig trasig!😥 Og dette er jo ikkje halvparten så gale som kva som kan skje om det kjem ein stor orkan som Katarina i 2005 og røsker med seg det aller meste på veien. Men uansett så er dette bare tragisk..
Her er litt av ødeleggelsane i områda rundt oss. Ein park er totalvraka og stengt på ubestemt tid, trær har velta, oversvømmelser, stengte veiar og slikt som følger.. Bilda er henta fra lokalavisa NWFDailynews.
Her har litt av ein tribune blitt kasta opp i gjerdet. Midt på bilde nummer to kan du sjå ei skypumpe/ deler av tornadoen i aksjon. På siste bildet har tornadoen vært. Denne bilen sto på ein parkeringsplass kun 100-200 m i fra huset til John.
Så været er ikkje bare bare her borte nei…😔 Alle seier at Florida er så fint og flott. “Dåke har sol heile tida”, er nåke eg støtt og stadig høyre. Vel, her har det vært 2 dagar med fult opplett dei siste 14 dagane. Det er konstant torden og lyn, no er det og utvida Tornado warning, thunderstorm og flom ut morgondagen. Der slo søren meg lynet ned på parkeringsplassen og.🌩️ Er ein del bilar som står å hyler med andre ord. Nei, Florida i juni og juli er bare oppskrytt! Og det samme er nesten været i Norge og..
Idag går solgte vi bilen vår. Fytti det er rart å skrive det svart på kvitt. Bilen er solgt, den er vekke og vi kjem aldri til å eige ein slik bil igjen.😫 Bare tanken på det gjer oss begge litt trist. Heldigvis har vi virkelig levd ut drømmen om ein skikkelig Amerikansk muskelbil mens vi har budd her borte.😄 For spesielt interesserte så er bilen ein Cheverolet Camaro SS, RS pakke, 2012 mod, V8 og 426hk.
Vi har hatt så mange fine, og lange turar med dette gliset. Den har frakta oss til Orlando, Atlanta, New Orleans, Tombstone, Grand Canyon, Las Vegas, Los Angeles, San Diego og mange andre småturar rundtom dei siste 10 mnd. Det er ikkje så alt for stor plass i den til verken passasjerar eller bagasje, men den har søren meg gjort nytten sin og vel så det!😊 På dei 10 mnd vi har eigd bilen har vi kjørt rundt 20,000 km, nåke som tilsvarer rundt halve jorda lags ekvator. Eg vil sei det er ein rimelig lang tur, så bilen er i alle fall godt brukt!
Det signeres av alle parter. Masse papir. Var sikkert 4-5 signaturer han måtte ha i fra oss. Eg måtte til og med signere med Røssland Fosse fordi selgeren skreiv det på papiret….😒
Vi mottok jo sjølvsagt ein sjekk som betaling, og blei kjørt opp i banken av kjøparen. Sjekken måtte jo dokumenterast, siden vi aldri har hatt eller sett ein sjekk før 😅
Skiltet får vi med oss heim. Det er av personlig eige her borte!😊
Åhh, endelig har vi ferie!😎 Haha, eller Vegard har fått ferie og eg har lika fine dagar som eg har hatt heile året.😊 Etter å ha pakka ned leiligheten så flytta vi jo ned til Destin forrige lørdag. Flyttelasset skulle ikkje av gårde før torsdag, så vi hadde det ståande i leiligheten i Crestview fram til då.
Kan vel sei at det har blitt litt feire kassar enn på vei over dammen ja.😅 Men, alt på bildet er ikkje vårt då! 😎
Flyttefolket var ikkje heilt 100% kan ein sei… Her har dei allerede klart å knuse eine pappeska vår.😐 Forhåpentligvis er det hobbbyeska, og ikkje kjøkkeneska.. Uansett greit å ha dokumentert det til seinare med tanke på forsiring på alt som er ødelagt når det kjem til Norge..🙄
Heile den containeren er ikkje vår altså 😅
Lukka og låst. Etter planen skal den ikkje åpnast før den kjem til Norge.
Gu så deilig det var å bli kvitt det! No er vi virkelig å ferie, og det siste vi skal gjere no er å selge bil og avslutte bank og mobil. No kjem vi snart Norge!
Oi, eg kan ikkje komme på nåke sånn med ein gang. Men vi har smakt på både alligator, klapperslange og rå østers her borte, men eg kan ikkje sei at nåken av dei rettane “kvalifiserer” seg til den tittelen. 🙄
Mulig den verste matopplevelsen må ha vært her i Florida. Eg og svigers var på restaurant nede på stranda, ei typisk turistfelle. Vi tenkte vi skulle få oss litt sjømat, siden området vi bur i er ein gammal fiskeby og kjent for sjømat. Eg og svigerfar bestilte kongekrabbe eller nåke, og det var virkelig ikkje imponerande. Ved siden av fekk vi sjølvsagt servert smelta smør til å dyppe kjøttet i. Eg trur faktisk ikkje at eg klarte å ete opp heller.
Ellers var vi ein gjeng til LA i Thanksgiving-helga. Vi satt oss ned på den mexicanske restauranten som ligg ytterst på Santa Monica pier og 3 av oss bestilte samme tallerken med forskjellige smårettar (trudde vi). Etter prisen å dømme så burde det være smårettar, men når tallerkane kom ut så visste vi ikkje heilt kva vi skulle sei eller gjere. Det var tre store serveringsfat (ikkje tallerkenar) overfylte av mange forskjellige mexicanske rettar. Bare å sjå på all den fettete maten som bada i bønnesaus gjorde meg mett.
Har du fått bekreftet eller avkreftet noen fordommer om USA?
Før vi reiste så såg vi for oss at vi skulle sjå mange store amerikanere. Typ slik som ein ser på film.😅 Og vi trudde det skulle kry av dei. Slik var det så absolutt ikkje. Greit nok at dei som er overvektige her er virkelig store, men det er ikkje så mange av dei som ein skulle tru.
Hvilket av de stedene du har besøkt, følte du deg mest hjemme?
Hmm, denne er kanskje litt vanskelig å svare på siden alle plassane vi har besøkt her borte har vært så langt vekke i fra Norge som ein kan komme. Eg vil kanskje trekke fram Sedona, (link til innlegget der i frå) som ligg litt nord i Arizona. Ikkje fordi det er nåke spesielt likt i forhold til heime, men det var fjell der. Høge fine store og raude fjell. Litt anna enn flate Florida, og i Phoenix der vi budde i ei gryte med lave fjell rundt oss. 😊
Hva blir det beste med å reise hjem til Norge?
Heilt klart å få ha sommerferie heime med familien. Som ein god nummer to kjem maten og vatn.💦 H-E-R-R-E-G-U-D 💦 eg skal drikke så mykje vatn i fra springen når eg komme heim. haha. Ingenting slår fjellvatnet i Kvinnherad. Dessuten skal eg gå på fjelltur. Rett opp, endelig! Eg var jo på ein del fjellturar i Phoenix og, men det er jo ingenting i forhold til fjella heime i Norge. Eg trur eg må ta det rolig i begynnelsen etter eit år på flat mark. 😅
Hva kommer du til å savne mest med USA?
Friheten, været og samholdet med dei andre Nordmenna som vi har reist med. Heldigvis skal dei fleste andre vi har budd med her borte og flytte til samme plass i Norge, så det er ikkje det siste vi ser til dei. Eg har jo heller ikkje jobba dette året, og dei har vært ufattelig deilig. Så sjølv om eg gleder meg til kvardag, jobb og rutinar, så er det jo veldig deilig å ha den friheten eg har hatt her borte.😊
Hvilke steder likte du best på reisen og har lyst å besøke igjen?
Det er så mange plassar eg kunne tenkt meg tilbake! Eg følte ikkje vi blei heilt ferdige med San Diego eller New Orleans, men igjen så har vi jo fått opplevd byane. Er det ein plass som virkelig imponerte meg så må det være Sedona og generelt store deler av Arizona. Skal du nokon gang til USA, prøv å reis til Arizona. Den staten har virkelig ALT. Og naturen er heilt enorm.
Og til slutt: hvor går turen neste gang?
Nei, sei det! Eg har nå i alle fall fått smaken på å reise meir. Eg fantaserer om Australia, Thailand og kjøretur i Norge, men vi får sjå. Vegard skal nok ein tur til Manchester på kamp, og han meinte at han ville sende meg vekk ei langhelg i høst.😅 Vi har og nåken bonuspoeng som må brukast opp før oktober.. Så vi får sjå. Etter å ha fått reist så mykje som vi har gjort det siste året, så skal det egentlig bli veldig deilig å bare komme seg heim til kvardagen! 😊
Kven vil vel ikkje tjene litt pengar på hobbyen sin? Vil ein leve av blogginga så må ein i alle fall starte ein plass. Så idag ville eg egentlig bare tipse dåke om ei affiliates-side som dåke burde melde dåke inn i, for å kunne tjene litt ekstra i mnd. 😊
HERkan du melde deg inn i Adviral media, eller tidligare kalla Bloggklubben her på Blogg.no. Her kan du tjene pengar på klikk, %-vis av kjøp osv. Kva så om du ikkje har så mange lesara, mange bekker små blir til slutt til ei elv 😜
Endelig har eg fått meg til å fått strikka den populære Kjappstrikkdrakta. Eller drakta har lege ferdig siden vi budde i Phoenix, men eg har venta på å få knappane i posten! Var dei ikkje fine? “Homemade with love” står det på dei. 😊 Du kan få kjøpt dei HER.
Eg hadde heilt ærlig sett for meg at dette skulle være mykje meir utfordrande enn det var, siden den mest avanserte strikkeoppskrifta eg har lest er ein Mariusgenser. På denne drakta var det både felling, auking, perlestrikk og ikkje minst knapphull! Har aldri laga knapphull før, men det fekk eg heldigvis skikkelig til på andre forsøk! 💙
Ikkje slepp ned igjen kasta når du lager knapphull. (Det er grunnen til at eg bare har ein knapp i selane🙊)
Ta opp 42 masker rundt beina i str 0-6 mnd
Lag eit knapphull ekstra nederst på kvar side. Åpningen rundt beina kan bli litt vid.
Mønsteret/ mellomstykket kan fint strikkast både med enkel og dobbel perlestrikk. Dette var veldig enkelt , og er egentlig bare til å holde tunga litt rett i munnen dei første rundane.
Enkel perlestrikk;
pinne (fra rettsida): 1 rett og 1 vrang ut pinnen.
pinne (fra vranga): vrang over rettmasker, rett over vrangmasker.
Repeter disse to pinnene.
Dobbel perlestrikk;
pinne (fra rettsida): 1 rett og 1 vrang ut pinnen.
pinne (fra vranga): rett over rettmasker, vrang over vrangmasker.
pinne (fra rettsida): vrang over rettmasker, rett over vrangmasker.
pinne (fra vranga): rett over rett, vrang over vrang.
Repeter disse fire pinnene.
Den levde så absolutt opp til navnet sitt, og var meget kjapp å strikke. Det var egentlig bare til å lese gjennom oppskrifta før ein starta, og det gjekk som ein leik! Så no gjeld det bare å komma seg heim til Norge å få gitt den vekk til ein nyfødd baby!💙
Eg kan sjølvsagt ikkje dele oppskrifta med dåke, men den er å få kjøpther.
Så ufattelig kjekt at så mange tok seg tida til å stille meg spørsmål i spørsmålsrunden eg hadde! Det blei så mange spørsmål og lange svar at eg trur rett og slett at eg deler opp svare i fleire innlegg. Her kjem i alle fall første del av spørsmåla i fra USA 🙂
Ja, siden juli 2016 har eg og mannen budd i USA.😊 Her har vi fått budd 3 mnd i Florida, 5 mnd i Arizona og no 3 mnd i Florida igjen. Eg er så glad for at vi har fått budd på i to heilt vidt forskjellige statar, og fått opplevd så mykje som vi har. I Arizona budde vi jo midt i ein ørken, det er tørt, og med 5 timar kjøretur til nærmaste strand. Her i Florida bur vi nærmast på stranda no, og fuktigheten er enormt høg.
Studere du i utlandet? Jobber du?
Nei, eg valgte å ikkje studere dette året. Vi ville ha muligheten til å reise og gjere akkurat slik som vi ville i helgene når Vegard har fri fra jobb. Det eg derimot har gjort er å ta 4 forskjellige kurs på nett.😊 Her har eg og fått kursbevis, så eg har nåke å vise igjen til på CV´en min. Desse kursa er: Understanding the human resources function, Using social media in business, Food nutrition and health og Bli din egen interiørdesigner.
Hva slags ting savnet du hjemmefra?
Heilt klart maten vi har i Norge.😋 Her borte er alt stappa med sukker, sirup og det som verre er. Eg gler meg til å komme heim til knekkebrød, leverpostei, laks og vatn.. Ellers har vi dei siste 2 mnd begynna å savna sofaen vår heilt enormt. Den er stor, brei og i vinkel! Med andre ord kan begge to ligge i den samtidig. Møblane vi har hatt her borte er meir eller mindre ubrukelige. haha..
Kva er den største forskjellen med USA i forhold til Norge, kultur, mat, osv?
Mat: Nåke av den største forskjellen mellom USA og Norge må jo være maten. Men innad i USA så er det og veldig forskjell på mat alt etter kva stat du er i. Her i Florida er alt, og då meiner eg alt, fritert, kokt i smør osv osv.. Maten føles veldig fettete ut.🙄 I Arizona var maten reinare, og du følte deg rett og slett bedre. Dette gjeld sjølvsagt når vi har vært ute å ete. No har jo ikkje vi budd på slike typiske turistplassar der Europeera reiser til, så om du reiser til Miami, Orlando eller Key West, så tipper eg maten ikkje er lik som vi har opplevd her i Florida. Kultur: Når det gjeld kultur så er dei fleste Amerikanarane veldig hyggelige og gjestfrie. Dei kan gjerne invitere deg heim, på cafe osv osv, men det er eit stort men her. Om du seier; “Ja, det kan eg sjølvsagt bli med på. Bare send meg ein melding på når det passer for deg, så komme eg.”, så får du aldri den meldingen. Det ligg veldig mykje i munnen på dei, og mindre i gjennomførsel. Dette blei vi jo sjølvsagt litt skuffa over i begynnelsen, men etter kvart så forsto vi jo at det ikkje var å bry seg om det. Dei meiner jo ikkje nåke vondt med det, det er bare slik det er.🙄
Hva har du blitt mest overrasket over på turen din?
Kor enormt store avstander det er her borte, og kor lite det betyr for oss..🚗 Haha.. Altså, vi har kjørt så mykje bil. 5-6 timar for ei langhelg i San Diego, LA, Vegas, Orlando, New Orleans, Atlanta og ikkje minst dagsturen vår til Antelope Canyon. Nei, å kjøre Kristiansand- Oslo er jo ingenting lenger! Piece of cake, seie eg bare. Og tenk, då er fartsgrensa 130 km/t store deler av veien, så strekningane er lenger og. Men igjen då, så er jo veiane ein fryd her borte i forhold til i Norge.
Dessuten har været her i Florida overraska oss enormt.🌩️ Vi tenkte at vi var fra Vestlandet og hadde nå opplevd ei regnbye før, men det er virkelig nåke anna her borte. Det er nok sant som dei seier, at “alt er større i Amerika”. Her er det både “thunderstorm”, “flood warning”, “hurricane warning” og “tornado warning” som tikkar inn på mobilen. Og når det kjem “flood warning”, så regnar det den eine dagen over 10 cm på ein time. 1 TIME folkens! Når det først er lyn og torden her, så er det som om det aldri sluttar. Eg som aldri har likt lyn, har faktisk nesten blitt vane med det. Eg hoppe ikkje lenger i senga når rommet lyser opp foråseidetsånn..
Har du noen pakketips til meg?
No veit eg jo ikkje heilt kor lenge dåke skal være, om huset dåkas er ferdig møbelert osv, men eg kan komme med litt generelle ting eg syns var greit å ha med seg for oss. Vi kom til ein leilighet som var fult møbelert og fikk beskjed om å pakke som om vi skulle på ferie i eit år.
Kjøkken: Eg er veldig glad for at eg pakka pizzaskjærer, potetskreller, vinåpner, termometer til mat, matvekt, eit lite desilitermål, stavmikser med visp og foodprosessor. Husk å sjekk at du kan bruke elektriske ting her og (er nåke med spenningen). Vi har og kjøpt oss knivar og ei steikepanne på IKEA, då steikepannene her var for fritering og knivane var for å ikkje skjære gjennom nåke som helst..
Interiør: Eg er veldig glad i interiør, så for at leilighetane vi skulle bu i skulle bli litt heimekoselige så pakka eg litt av interiørtinga vi har ståandes framme heime. Litt duftlys, Kahler skål, Kahler vase, pyntebrett, bilder av venner/familie, 2 av pynteputene mine, pledd og slikt. Ta og med deg ein Norsk Forgreiner/ padde, slik a du kan bruke dei norske ladekablane du har med deg uten å ha adapter overalt. 😊
Mat: Vi hadde ikkje med oss nåke mat over, men eg kan skrive opp det vi fekk andre til å ta med til oss og det vi har savna. Makrell i tomat, leverpostei, Friele kaffi, Holidaydip, Ekte mills majones, melkesjokolade (et det aldri heime i Norge), Pinnekjøtt og korn og frø til å bake brød og rundstykker.
Klær: Du kommer til å handle klær her borte, men ta med deg ein del likevel. Problemet er at vaskemaskinen og tørketrommelen vi har hatt, har rett og slett spist opp deler av klea mine. Det er fleire av plagga vi har med oss som kun er brukt til dei er blitt skitne, og deretter pakka vekk for å vaskes heime i Norge. Du er aldri rein i USA, då vaskemaskinen vi har hatt kun vasker på 54 grader. 54 GRADER LIKSOM?! Hallo.. Forhåpentligvis får du ein skikkelig vaskemaskin 😅
Har du fått dilla på noe mat, snacks o.l. fra USA som bør testes?
Hmm, nei det trur eg ikkje faktisk! Men på restaurantane så kjøper eg alltid søtpotetfries som side om det er mulig. Her i Florida serverer dei den med melispulver på, og i Arizona er det med salt. Ellers har dei ferdig kjeksdeig på butikkane! Den er som ei melkesjokoladeplate som du knekker opp og legger i ovnen i 12 min. G-e-n-i-a-l-t.
Var hele familien din med på turen?
Reisen vår er gjennom jobben til mannen min, så heile vår lille familie som består av meg og han var med på reisen ja. 😜