Wow!

Altså, wow for ein respons på spørsmålsrunden min! Det var jo ikkje skummelt i det heile tatt.🙊  Eg har litt av ein jobb framfor meg, og eg trur nok at eg må dele svara opp i fleire innlegg. Ser det var mange som lurte på ting i fra året vårt i USA, og det gir jo absolutt meining. 


 

Dei siste dagane før Vegard er ferdig på kurs går så tregt! Det er godt mulig det er fordi det ikkje er sol ute, og eg ikkje kan ligge å sløve med bassenget. #luksusproblem 🙄  I går kjørte eg rundt på butikkane i nærområdet på leit etter dei siste tinga vi skal sende med flyttelasset. Det blir kanskje litt sånn panikkhandling? Neida, det er bare ting vi treng, som uansett er mykje billigare her enn heime. Flyttelasset går på torsdag, så då er det slutt på shoppinga. Det er jo begrensa kva ein har plass til i fire fulle koffertar 😅  Eg er uansett klar for at vi begge skal ha litt ferie no! Det har han virkelig fortjent etter dette året. Så får vi sjå kortid vi bestille flybilletten vår heim til Norge. 🙊

#spørsmålsrunde #usa #utlandet #reise #ferie #florida #spørsmål

Leiligheten vår i Florida pt. 3

Haha, ja det er sant som overskrifta seier, vi har no flytta inn vår 3. leilighet her i Florida. Etter å ha budd 2 mnd, 1 time inni skogen, har vi endelig fått leilighetene vi blei lova før vi kom tilbake fra Arizona. Det er ikkje nåke nytt at dette året har bydd på litt fleire nedturar enn ein hadde håpa på, men alt i alt så er vi no super takknemlig for at vi får nyte dei to siste vekene så nært stranda. 😊

Her er utsikten i frå balkongen vår. Vi har ikkje sol på den då, men med bassenget rett utanfor døra så har vi det rimelig fint ja 😊

Soverom, gjesterom og kjøkkenbord.

Stort og fint kjøkken! 

Og ikkje minst bassengområdet! Åhh, no får vi bare satse på nydelig vær framover og. ☀️   Det hadde vært deilig med nåken gode soldagar no før vi skal vende snuten heimover mot Norge! Det er ikkje mange dagane igjen før ferien til Vegard er her, så vi må vel kanskje begynne å planlegge litt snart. Heimreise-billetten er ikkje bestilt enda, så vi har fortsatt litt tid på oss. Vi veit i alle fall at det er ein del folk som kunne tenka seg å ha oss heim fortast mulig 😅

No skal vi i alle fall nyte dei siste vekene her nede, samtidig som vi får unnagjort alt av praktiske ting som salg av bil, stenging av bank, forsikring og slikt. Plutselig er vi heime! 😃

#florida #usa #reise #travel #usareise #iviusa #basseng #ferie #sommer #reisemagasinet #reisebloggen

Har du nåken spørsmål?

Det slo meg her om dagen. Eg har aldri hatt ein spørsmålsrunde her på bloggen. Kanskje det er fordi eg ikkje har turt? Tenk om det ikkje kjeme inn nåken spørsmål då? 🙄  Vel det er jo uansett litt rart med tanke på at eg har blogga i snart 4 år! Så då tenkte eg å hive i gang ein spørsmålsrunde her. 

Etter eit år i USA så kan det jo være nåke dåke lurer på i forbindelse med det? Kanskje dåke bare lurer på heilt generelle ting? Fyr i så fall laus, så skal eg i alle fall svare så godt eg klarer om det kjeme nåken spørsmål 😊

SAMSUNG CSC

Bildet er i fra toppen på Lighthouse trail på Hawaii!

SAMSUNG CSC

#spørsmålsrunde #reise #usa #reisebloggen #reiseblogg #spørsmål #blogg #diy

Ebay-tips: Supersterk lim til hobbyprosjektet!

God søndags morgen folkens! Søndag er vel dagen for hobbyinnlegg? Så eg vil egentlig bare tipse dåke om denne supergode E6000 industrilimen eg har lagt min store elsk på i det siste. Eg har tidligare sett at mange kreative sjeler har både brukt den, og sverga til den lenge, så eg måtte bare teste den ut. Tidligare har eg ikkje heilt forstått begeistringen, men no skjønnar eg det. Den er rett og slett heilt geninal! 😃 

Eg har brukt den på forskjellige hobbyprosjekt, og seinast på dette marmorbrettet her. Både knottane og håndtaka sitte som støypt på marmoren, og eg tør faktisk å bære plata etter håndtaka med denne limen. Det hadde jo aldri gått an med vanlig superlim vel?

SAMSUNG CSC

Her er nåken av fordelane med denne limen:

  • Den er vannfast, så den kan brukast både inne og ute.
  • Den kan ikkje ta fyr. 
  • Går fint av å male over
  • Gjennomsiktig
  • Fleksibel
  • Den begyner å sette seg etter 10 min, men for full herding er det anbefalt at den får stå i 24-72 timar.
  • Kan brukast på metall, glass, leire, skjell, stein, perler, kjeramikk, tre og stoff. 

Altså, med andre ord genial! 😃  Den finnes og i svart og kvit, men eg foretrekke gjennomsiktig. Den er veldig verdt prisen! Kjøp den HER på ebay.

SAMSUNG CSC

#ebay #ebaytips #hobby #kreativ #diy #hjemmelaget #gjørdetselv #kreativitet #gds #interiør #interior #diymamma #shopping
 

Lørdag i Atlanta!

Når vi sto opp på lørdag gjekk vi bortover til Atlanttic station. Dette var eit relativt nytt område som hadde butikkar, kafear, restaurantar og kino, litt som eit underholdningsområde. 😊  Her starta vi dagen med ein kaffi i parken, som Martin kalla den. Hehe, litt morsomt var det jo at parken var i kunstgras 🙊, men koselig var det uansett! Eg ser for meg at det må ha vært magisk der i vinter med juletre, boder og god stemning.

SAMSUNG CSC

Synes denne var så genial! Her kan du ta ei bok med deg, og levere tilbake ei anna. På den gang går bøkene på ein evig rundgang, og kan bli lest av fleire. 😊  Ja, til slike rundtom i Norge! Om det ikkje finnes allerede?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter parkturen vår tok vi Uber vidare til ein nabolags-festival. Her var det enormt med boder som solgte kunst, hobbyting, lokale ting og mat. Gata var eeeevig lang, og vi satte mål om å gå gjennom heile. Det var så ekstremt varmt her og, så vi følte vi var på vei til å smelta vekk når vi endelig fant oss ein bar som viste Champions Leauge finalen på stor tv-skjerm. Vegard var rimelig fornøyd, og det var vel vi to andre og. 🙊

SAMSUNG CSC

I og med at denne festivalen var midt i eit boligområde så satt mange av beboerane utfor husa sine, hadde fest og koste seg gløgg. Det såg så utrulig koselig ut, og nett der og då skulle vi ønske at vi budde der.😊

SAMSUNG CSC

På kvelden tok vi turen på ein mexicansk restaurant i nabolaget til Martin. Vi hadde med oss ein kompis av Martin som snakka og fortalte om ting i eit sett. Plutselig hadde vi vært der i 4 timar og bare ete god mat, hatt mykje god drikke og eksepsjonelt godt selskap. Tida flyt i godt lag ja!😊 Eg var så trøtt og ferdig når vi gjekk der i frå, men mannane måtte bare innom ein siste bar før det stengte. Eg trur vi var heime i 3-4 tida(?), så ein kan sei vi sov godt og lenge når søndagen kom ja!🙊

Søndagen brukte vi kun til shopping, kjørte rundt i byen, åt på Cheesecake factory og var på kino og såg Wonder Woman! Vi hadde ei fantastisk fin langhelg i Atlanta, og fekk sett mykje av det byen har å tilby. Mandags morgon vendte vi snuten sørover mot Florida igjen. Takk for at vi fekk komme Martin! 😊

#usa #atlanta #georgia #travel #reisemagasinet #reisebloggen #reise #ferie #usareise 

Endelig er dagen her!

Endelig er dagen her! Eg trur eg har venta på dette siden sist sesong kom ut. Idag er planen å sjå så mykje som mulig av sesong 5, så får eg sjå kor mykje som er igjen til i morgon😅  Eg har sett to episodar allerede, og satse på at resten av sesongen skal være like bra. 

Nåken andre som gleder seg til Orange Is The New Black og skal ha maraton denne helga? 😀

#orangeisthenewblack #oitnb #serie #tips

Train-konsert i Atlanta!

Fredags kveld var det duka for konsert i Atlanta! Vi tok Uber sør i byen, ned til Lakewood Amphitheatre, superklare for kvelden!  Vi var heldige og hadde fått billettane til rundt 25$ kvar. Dette var fordi vi skulle sitte på plenen rundt, og ikkje på stolar under tak. Men, no var det jo ikkje for å få sett artistane vi var der, vi var der vel meir for å høyre musikken, eller ka? 😅  

Gutta klare for konsert!

Det var ikkje bare Train som skulle spele denne kvelden. O.A.R, eit Amerikansk band som visst er veldig populært blandt collegestudentar skulle spele, og Natasha Bedingfield. O.A.R hadde musikk som vi såg for oss. Litt usikker på korleis eg skal forklare det, men kanskje litt Green Day light? Nei eg veit ikkje heilt egentlig. Veldig typisk amerikansk ja, men heilt greit som oppvarming for vår del 😊 

Først fant Martin, eg og Vegard oss ein plass midt på plenen. Rimelig tettpakka med folk vil eg sei, men veldig koselig! Og så lenge det ikkje blei regn, så var det veldig kjekt å kunne sitte på plenen slik. Fekk skikkelig festivalfølelse, sjølv om det bare var for ein kveld. 😊 

Stort og fint område!

Og rett før konserten starta så kom Linda og Eirik og!  😊 

Train har blandt anna sangar som “Hey Soul Sister”, “Drops of Jupiter”, “Play that song” og “Marry me”. Vi hadde hørt og kunne overrskande mange av sangane dei spelte. Så vi koste oss enormt masse heile kvelden, og sang sjølvsagt med der vi kunne (som var overraskande mange sangar😅)

Etter konserten for vi vidare til ein bar på andre sida av byen. Her blei vi sittande i fleire timar, og fekk litt sjokk når vi såg at klokka var blitt 02:30. Då var det bare å få i seg litt nattmat og kjøre heimover til leiligheten igjen. Vi skulle jo utnytte lørdagen til det fulle og! 🙊 

#atlanta #usa #georgia #Train #akvarie #akvariet #dyr #dyrehagen #turister #reise #ferie #usareise #reisebloggen #reisemagasinet

Akvariet og OL-park i Atlanta

Forrige torsdags kveld, etter at Vegard var ferdig på jobb, satt vi oss i bilen og vendte snuten mot Atlanta, Georgia. Sist vi var det var det ikkje mykje turistting vi fekk gjort, så det var det som var på planen for denne langhelga. Eg var så lur å satt meg bak rattet og kjørte alle dei 4-5 timane det tar å kjøre nordover. Planen min er nemlig at Vegard då må kjøre heimover på mandags morgon 😎  Vi ankom leiligheten til Martin rundt 1 på natta, og då var det bare å hoppe i køya og gjere seg klar for morgondagen. 

SAMSUNG CSC

“Kun” 16 felt ja 😅

SAMSUNG CSC

Her er utsikten Martin har i fra balkongen sin. Det som slår meg er at Atlanta er ein enormt grønn by. Kor enn du snur deg så er det grønt og frodig.🤔

SAMSUNG CSC

Fredagen starta vi rolig med ein tur på den lokale Starbucksen før vi tok ein Uber ned til jobben til Martin. Her fekk vi sett kontoret hans og kor han bruker dagane sine, før vi gjekk ut på campus for å få i oss litt lunch.😊

SAMSUNG CSC

Etter lunchen tok eg og Vegard Uber ned til Georgia Aquarium, det største akvariumet på den vestlige halvkule. 😊

Akvariet var innendørs og ligg veldig sentralt i Atlanta by. 

Forran to enorme Groupera. Ane ikkje om det finnes eit norsk navn på den typen fisk ein gang. 😅 

Det var eit fantastisk bra delfinshow der og, så det kan virkelig anbefales! Følte dette showet var verdt billettprisen aleine.😊  Det var ikkje lov med filming eller bildetaking der inne.

Pingvinane var rimelig kule! Bada og kosa seg rundtom.

Piraya.. Fysh for nåken skapningar! Ser veldig uskyldige ut, men når dei angriper så ser det virkelig ikkje fint ut..😐

Albinoaligator.

Vi var inne i ein undervannstunell, lik som vi var i i Barcelona for nåken år siden. Her fekk vi sett alle fiskane som var inni den store akvarietanken/ bassenget. 

Dei holdt presentasjon mens dei mata fiskane. Her kjem det ei massiv rokke/ stingray forbi. Det er vel samme fisken eg fiska på stang i oktober, innlegger finn du HER. Denne var vel bare ein smule større, og heldigvis for det! 😅

Det mest spektakulere med heile akvariet må ha vært denne kvalhaien.Dei var så enormt store, det er kanskje ikkje så rart då det er verdens største fisk og hai! 😅  Dei er heldigvis ikkje farlige for oss mennesker, då dei kun ete plankton. Veldig fasinerande dyr i alle fall! 😊

Etter akvariet tok vi turen gjennom OL-parken som ligg her. Denne er bygd i forbindelse med sommer OL i Atlanta i 1996. 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Parkområdet.

SAMSUNG CSC

Rundt fontenen av ringar var det mange forskjellige flagg. Vi konkluderte med at det må ha vært dei landa som har arrangert sommer OL før 96? 🤔

SAMSUNG CSC

Lykkelig mann fekk seg endelig ein is! 😎

SAMSUNG CSC

Deretter for vi å møtte Martin for ein kjapp middagsbete før vi skulle ut på konsertar.  Etter ein liten time heime heiv vi oss igjen i ein Uber (Uber er gull i slike storbyar her borte.) og kjørte vidare til Lakewood Amphitheater. Her skulle vi på konsert, men det får komme i eit anna innlegg 😊 

#atlanta #usa #georgia #Train #akvarie #akvariet #dyr #dyrehagen #turister #reise #ferie #usareise #reisebloggen #reisemagasinet

Vi er i Atlanta

Vi har ein liten miniferie/langhelg hos Martin i Atlanta i helga! Vi kosar oss gløgg, tar dagane med ro og er skikkelige turistar. Har vært i akvariet, gått tur i parkar, vært på konsertar og festival og bare nytt dagane. Vi er veldig heldige som har Martin her i USA, og ikkje minst at han bur så nært som kun 4-5 timar unna oss. Er jo bare ein liten kjøretur det.😎

SAMSUNG CSC

At Atlanta er ein storby i forhold til Crestview/Destin, der vi bur i Florida, det er det i alle fall ikkje tvil om. Når vi kom inn til sentrum på torsdags kveld så var vi plutselig inne på ein 16-felts motorvei med bilar over alt. Heldigvis blei eg litt vane med motorveikjøring når vi budde i Phoenix, så panikken tok meg ikkje. Egentlig så er det ikkje så veldig vanskelig å kjøre på slike veiar, det er bare alle dei andre idiotane rundt deg du må være forsiktig med.. 😉 

SAMSUNG CSC

Martin bur supersentralt, i eit av bygga på bildet, så vi lider ingen nød! No skal vi ta turen ut for ein bedre mexicansk middag og deretter kanskje sjå kva utelivet i Atlanta har å by på. Fleire bilder i frå dagane våre kjem når eg får tida til å sette meg ned med bildene. 😊  Ha ein fin søndags morgon, enn så lenge!

SAMSUNG CSC

#atlanta #usa #reise #reisemagasinet #reiseblogg #reisebloggen #ferie #travel #iviusa

Få følgere på Facebooksida di

Sidan vi flytta til USA så har eg hatt ei Facebookside til bloggen. Det er så utrulig greit å kunne samle innlegga på ei side, slik at eg ikkje nødvendigvis bombarderer alle som ikkje ønsker å få oppdateringane i frå meg på min profil. Det er no 241 personar som følger med på denne sida, og det er plass til flerie.🌸 Trykk på bildet under for å komme inn på sida for å følge med, eller trykk ↪️  HER. ↩️

Har du ei facebookside til bloggen så vil eg veldig gjerne følge den og! Legg igjen ein link i kommentarfeltet så eg kan finne deg 😊 

#followers #follow #følgere #facebook #nettverk #sosial #medier #blogg