Oppskrift: Mexicansk tacograteng

Her er ein liten vri på fredagstacoen. Eller vri og vri, men ein får den mexicanske smaken som er obligatorisk i helga! Oppskrifta fann eg på Matprat. 

Du treng: (4 personar)

  • 1 pk karbonadedeig
  • 1 pose meksikansk gryte
  • 1 glass salsa à 340 g
  • 1 liten pose tortillachips
  • Kvitost til topping

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 200 grader.
  • Lag mexicansk gryte som anvist på pakken, minus 2 dl vatn. Denne skal koke i ca 20 min..
  • Steik karbonadedeig
  • Bland eit glas med salsa i den mexicanske gryta.
  • Leg tortillachips i bunnen av ei ildfast form.
  • Fordel den mexicanske gryta oppi den ildfaste forma.
  • Topp med ost og tortillachips
  • Gratiner til osten er gylden. 
  • Server med rømme ved siden av.

#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #mexico #taco #grateng #studentmat #mexico

DIY: LineLangmo-genser

Her er min versjon av sommarens store strikkehit!  Eg ville ikkje ha genseren så alt for stor, så derfor har eg minska både på masketall og pinnestørrelse. Eg brukte og eit billigare garn enn orginalt, så både tråd og pinnar kom på rett under 400 kr. Det er Ikkje så gale. Dette er ein genser som ein strikkar i ein fei!  

Eg brukte: 

  • 6 stk Drops Alpaca brushed silk natur nr 01
  • 1 stk Drops Alpaca brushed silk Lys grå nr 02
  • 1 stk Drops Alpaca brushed silk Lys beige nr 04
  • 1 stk Drops Alpaca brushed silk Jeans blå nr 13
  • 2 stk Drops kid silk Gråblå nr 08

 

Fram og bakstykke:

Eg har lagt opp 114 masker på rundpinne 7. Legg opp dobbel tråd. Strikk med ein kvit/natur pluss ein fargetråd heile veien. Strikk første rundane med kvit med ein rett og ein vrang. Eg strikka rundt og rundt, og bytta farge til eg hadde strikka til den beige stripa mi. Då sette eg bakdelen øve på ein pinne og framdelen på ein. Det gjer at eg slepp å sy og klippe opp genseren for å få plass til armane. På slutten har eg 18 riller med ein rett og ein vrang, fell av. 

Hals: Fell 8 masker på midten når det er ca 5-6 riller igjen. Fell deretter ei maske på kvar side. Fell av.

 

Armar: 

  • Legg ogg 25 masker. Strikk rett/vrang på det kvite.
  • Øke 2 masker på runde 2 av turkis.
  • Øke 2 masker på runde 5/6 av turkis. (Her er det nok masker til at eg kunne sette strikket øve på ein ruhndpinne.)
  • Øke 2 masker på runde 10/11 av blå
  • Øke 2 masker på runde 1 av kvit
  • Øke 3 masker på runde 7 av kvit
  • Øke 3 masker på runde 2 av beige. No skal du ha ca 39 masker totalt.
  • Øke 3 masker på runde 9 av beige.
  • Øke 4 masker på runde 3 av turkis.
  • Øke 4 masker på runde 5 a turkis.
  • Øke 4 masker på runde 6/7 av turkis

 

Armane måler ca 55 cm fra topp til bunn.

Hovedstykket måler ca 62 cm fra skulder til bunn.

 

Fell av på armane og sy sammen på “retta”.  Då genseren skal brukast på vranga. HER er ein video som viser korleis eg sydde sammen skulderpartiet feks. 🙂

 Til neste gang vil eg nok strikke hovedstykke litt lengre enn denne gangen. Då er det bare til å strikke fleire omgangar. 

 

#diy #skappel #skappelgenser #skappelen #linelangmo #linelangmogenser #stripetegenser  #Strikk #genser  #hjemmelaga #gjørdetselv #interiør #hobby #kreativitet #design #prosjekt  #aftenposten #aftenbladet #minmote #klikkno #kk #boligoghjem #tips #mote #minmote

Oppskrift: Kylling i rød curry

Indisk er nåke vi begge to syns eg veldig godt, men nåke vi aldri kjem på å lage fra bunnen sjølv. Det er så enkelt og trygt å kjøpe ein Toropakke med Tandoori eller Tikkamasala og tilsette ein boks med creme fraich… Ikkje det at denne oppskrifte her er så veldig hokkus pokkus, men det er vel eit steg i riktig retning! Før eg veit ordet av det står eg å kokkelerer all slags indisk fra bunnen av 🙂 Denne oppskrifta fann eg på denne bloggen.

Du treng:

  • 3 kyllingfileer
  • 3 ts Raud curry paste (Står ved sushi- og thaimaten i butikkhyllene)
  • 1 gul løk
  • 1 kvitløk
  • 4 dl kokosmelk
  • Cashewnøtter
  • 2 ts Koriander (helst fersk, men eg har kjøpt på tube)
  • Ris

Slik gjer du: 

  • Kok risen.
  • Kutt opp løk og kvitløk og hiv det i ei steikepanne
  • Del kyllingfiletane i terningar eller strimler og steik i lag med løken. 
  • Tilsett currypaste og kokosmelk og rør godt. Smak til om du vil ha mindre eller meir paste. 
  • La dette putre i ca 5 min før du serverer med ris, nanbrød og litt cashewnøtter på toppen. 

#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #indisk #curry

Oppskrifter: Tapas kveld!

Treng du tips til tapaskvelden? Bare klikk på bildene for å komme direkte inn til oppskriftene! 🙂

Focaccia:

Urtebakte poteter:

Asparges med spekeskinke:

Chilimarinerte kyllingspyd:

Butterdeigrullar:

Dadlar med bacon og jordbær:

Lefserullar med laks og rødbetsalat:

Albondigas/ spanske kjøttboller og tomatsaus:

Spicy tomatsaus:

#godtno #matprat #hverdagsmat #tapas #fingermat #party #middag #snacks #kosemat #partymat #sftenposten 

Party all night!

Og det var det virkelig og… Klokka var vel 05:30 søndags morgon når dei siste gjekk heim..:p Vi er så utrulig heldige at så mange  fine venner som ville være med å feire oss 🙂  Marte, Trond, Ruth og Kristin kom til og med langveis i frå, bare for oss! Og alle presangane? Vennene våre er galne. Vi fekk så mykje fint, og toppen av  alt var at vi skal på SPA(!!). Det blir ein 80 minutters duo-spabehandling med saltskrubb og kroppsmassasje på Aquarama. Å, gud så vi gler oss 😀

Fredagskveld var gutane ein tur til byen, og då heiv vi jentene oss rundt. Eg skulle nemlig lage ei Manchester United kake til Vegard. Og eg trenge vel ikkje sei at han blei fornøyd? Eg har aldri sett han så overraska og glad på ein gang. I tillegg til det så vant jo Manchester 3-1 over Liverpool, så kvelden var nok meir enn komplett 🙂

 

<3<3<3

Konkurranse

I går var absolutt ingen blåmandag for min del! Eg fekk ein veldig koselig beskjed i mailen min i går om at eg hadde vunne sju stilige plakatar gjennom ein anna blogg.  Så allerede no er alle plakatane under, på vei heim til meg i posten. Shitt så gøy! Men eg lurer på kor eg skal ha dei?  Alle plakatane er i frå nettsida Desenio.no.

#konkurranse #giveaway #happy #vinnerlykke #interior #interiør #desenio.no #desinio 

 

Ein ny kvardag.

Kvardagen har definitivt truffet meg og, hardt. Eg begynna i ny jobb forrige tirsdag. Det har vore ein stor omveltning å stå opp kl 06:30, og komma heim kl 16:30.. Det er ekstremt med opplæring og kurs å sette seg inn i, men det er så gøy! Eg skal absolutt ikkje klaga, eg er så glad eg har fått meg jobb og rutinar på ein så fantastisk arbeidsplass 🙂

Samholdet og det sosiale er det absolutt ingenting å sei på. Eg er visst allerede blitt med på eit stafettlag og har til og med begynna på håndball, ja det er faktisk sant. Eg, og dei andre, som tidligare bare har sparka ein fotball trenge nok eit lite teorikurs i korleis reglane fungerar, men det viktigaste er jo absolutt at vi har det gøy! 🙂 

Den Omvendte Båt!

Kristiansands høgaste punkt, 234moh. Ein kan vel ikkje kalla det eit fjell, men det er ein kjekk og god treningstur. Eg og Linda starta ved UIA/Jægersberg og brukte vel ca 2 timar tur/retur, og gjekk oss godt varme 🙂

Oppskrift: Heimelaga blomkålsuppe!

Du treng:

  • 2 Blomkål evt 1 stor
  • Buljong tilpassa smak
  • 1-2 dl Fløyte
  • Salt og Pepper
  • Bacon

Slik gjer du:

  • Del blomkålen og kok den mør. 
  • Ta utav nåken av blomkålbukttane og legg til side.
  • Tøm vatnet av den kokte blomkålen og spar på det.
  • Bruk stavmikseren og mos blomkålen.
  • Tilsett passelig med vatn, slik at det blir ei suppe.
  • Tilsett deretter fløyte, slik at den blir fyldigare.
  • Legg blomkålbetane tilbake i suppa.
  • Salte og peppre etter ønske.
  • Server med bacon til.

#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #kblomkålsuppe #blomkål

DIY: Kay Bojesen ape

 

Eg har lenge sett på Kay Bojesen apekatt i teak, men har egentlig ikkje hatt lyst å bruke så mykje pengar på ein liten ting. Så for ei stund tilbake kom eg på at eg kunne jo prøve å lage meg ein sjølv, og slik blei den hekla apen under til. Eg googla meg fram til ei veldig god oppskrift på nett, og sjølv om den er på dansk så var det egentlig ikkje store problem å forstå den. 🙂

Du treng: 

  • Bommulstrå
  • Heklenål nr 3
  • Vatt til fyll
  • Tjukk ståltråd
  • Knipetang

Eg fulgte oppskrifta som eg har lagt ut bilde av under 🙂

 

HER kan du finne PDF format på oppskrifta, slik at du kan kopiere den ut 🙂


#diy #hekle #hjemmelaga #interior #bamse #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2 #aftenposten #kaybojesen