Dum som eg er så har eg inngått ein avtale, med Mats og pappa, om at me ikkje skal eta chips eller snop før vi reiser til Usa i slutten av februar… Så då må eg finne alternativ til helgekosen! Eg gar lenge tenkt på å steike grønkål i steikeovnen, men no kom eg meg altså til å gjennomføre det, og ja, det var godt!
Kutt eller riv grønkålblada i ønskelig størrelse. Ha dei i ein bolle og hell litt olje over. Strø over krydderet du vil ha på, ikkje ta for mykje salt! Eg brukte chili, paprika, og salt & parmesan krydder 🙂 Fordel blada på ei steikeplate og steik på 160-180 grader i ca 10-15 min. Følg med så blada ikkje blir svidd, men sprø. Oppbevar i romtemperatur!
Oi oi, ka er det eg har begynna på…? Vart akkuratt ferdig med den 4 Skappelengenseren min og hadde tråd igjen. Så då blei den eine julegaven i år, boka “Selbuvotten”, tatt i bruk.
Det er første gang eg strikkar etter oppskrift i frå bok, så der kan jo bli spennande. Til no har alt går bra, sjølv om eg skulle ønska mamma var her og kunne henta opp igjen maskene som dette av pinnane…*oppgitt*.. Men, det er vel no eg begynne å bli voksen då 😉
Etter ein lang dag på universistetet kom eg heim til ferdig lasagne på bordet, dei små gledene 🙂 Etter maten fant vi ut at vi sku lage pepperkaker, siden vi hadde deigen i hus 🙂 No luktar heile leiligheten nydelig pepperkakelukt, ahh snart jul 😀
Eg og Vegard har laga oss ein koselig tradisjon. I staden for å stresse med å kjøpe 24 småpakkar til kvarandre gjennom desember, har vi “bare” større pakkar på kvar søndag i advent! Dette synes vi egentlig er kjekkare begge to, fordi vi kan få nåke som er litt meir skikkelig enn mange småting liggandes rundt. I dag er jo første søndag i advent, og vi var begge spent! I går var vi på senteret og Vegard var på shopping aleine 😉 Han kjenner meg heldigvis godt, men alikevell blir eg alltid veldig overraska når søndagen kjem 🙂 Vi har og vore så heldige å få tilsendt adventskalender i frå mamma, pappa og Gunn, så vi skal ikkje akkuratt sei at vi har det vondt i førjulstida 🙂
Ja, eg har begynna å pynta til jul.. Eg veit det er tidlig, men vi reiser jo heim til jul og vil jo ha litt pynt her nede og:) Vegard meiner eg er gal, men han synes jo det blir fint og. Vi hadde jo ein heil kasse med julepynt ståande, men alikevell må eg jo kjøpe nåke nytt. Nytt for året er raude gardiner, store julekuler i vindu, nissar, minijuletre og stor stjerne! 🙂 I kveld har Vegard invitert til julemiddag, og no luktar det deilig pinnekjøtt i leiligheten! Fin fredagskveld 🙂
Julekuler fra Nordal, Gardiner fra KID, Julestjerne fra Rusta, Nissar fra Palma
Idag vil eg ha nåke godt til Farmen. Og eg orka ikkje gå ut døra for å handle noko ingredienser. Denne oppskrifta er veldig enkel, og ingrediensene er noko dei fleste har i hus til vanlig 🙂
3 dl havregryn ♥1 dl mjelk ♥ 30 gram smelta smør ♥ 1ss smør ♥1ts bakepulver ♥ 1ss valgfritt mjøl (eg brukte havremjøl) ♥litt salt ♥kanel og kardemomme
Bland mjelk og havregryn saman, og la det trekke i ca 15 min. Bland inn alle tørrvarene og det smelta smøret, rør til du får ein jamn deig. Kjevle deigen ut på kjøkkenbenken og stikk former ut. Bruk gjerne litt mjøl under for at det ikkje skal henge seg fast. Eg kjevla deigen ca 5 mm tjukk. Steik på 200 grader midt i ovnen til dei får litt farge. Ca 10-15 min. Når dei er ferdige skal du ikkje ta dei ut av ovnen, men bare opne døra på steikeovnen og sleppe ut litt varme. La kjeksa stå i ettervarmen i ca 30 min, slik får du sprø havrekjeks!
Oi.. Ein heil mnd har gått siden sist det var aktivitet her inne. Det er mykje som skjer om dagen med jobb og studier så eg har ikkje sett meg ned med pc før no. I august blei eg assisterande daglig leder for butikken eg jobbar i, og i tilegg til to eksamenar så er det overraskande mykje jobb. No i slutten av november skal vi åpne enda ein butikk i sentrum av Kristiansand, og dette skjer sjølvklart få dagar før min første eksamen.. Heldigvis er eg forberedt på eksamen, men får håpe min gode venn “skippertak” er med meg i oppspurten i år og..:) Det må bare gå, eg ser juleferien i det fjerne! 🙂
Her er nåken av dei siste bilda mine på Instagram. Eg har vore heime på besøk, i Bergen, ete god mat, dilla i leiligheten, studert og strikka meg ein ny skappelgenser! Oppskrift får komme seinare, men det er mykje samme oppskrifta på den som ligge under kategorien “DIY”.
Idag har vi vore på Sørlandssenteret på litt shopping. Vi kom heim med kvarsin pose med klær fra VIC og eit nytt bilde fra jobben min. Synes dette bildet passa bedre inn over sofaen enn klovnebildene fra Marianne Aulie (vi har ikkje kasta dei, bare hengt dei ein annan plass ;).. ) I tilegg har eg jo mala veggen, fått opp ny hylle, nye bilder og ny lampe. Lampen skal eigentlig vere dimmar på, men dimmarledningen på chlas olson virka bare som av og på knapp…*på an igjen på mandag*.. No sitte Vegard å spele playstation og eg skal forvirra meg inn i internettverden. God kveld! 🙂
Nye bilder! Printa bare ut på A4 ark og tegna med tusj på toppen. Veldig enkelt og fint! 🙂 Hylleknekten som lampen heng i skal få seg eit strøk maling, men ikkje akuratt idag…
Då eg var i Vågsbygd å henta speilet stoppa eg ved ei bruktsjappe. Det er ikkje alltid det er noko å finne på slike plassar, men om ein veit kva ein er ute etter blir det enklare. Eg er litt miljøskada, og er opplært til å alltid leite etter ostehøvlar der.. :p For alle har vel alltid eit problem med å finna ein skikeklig god ostehøvel.;) Eg fann i allefall ein ostehøvel og denne råkule kobbermugga. Den var uheldigvis ikkje heilt tett, men det kan vel enkelt fiksast. 🙂
Igår fekk eg med meg ei speilramme fra jobb. Det var ikkje lenger speil i den, så den skulle uansett kastast. Eg sa med eit nei, for det kunne jo ikkje koste så mykje å få nytt speil inni? Og idag rundt 12 tida satt eg og maila med Vågsbygd glasservice, og henta eit spesialskjært speil kl 15!! DET kan eg kalla service det. 🙂 Så idag har vi fått oss eit stort og flott speil i gangen. 😀
Voilà!
Speilet er rundt 2 m høgt og 80 cm breitt. Med andre ord, ein ganske stor møbel. Men det var slik eg ville ha det. Det måtte bli eit speil som sto på gulvet, med tanke på at veggen bak er av betong, og det å henge opp noko speil der ville vore uaktuelt. 🙂