Roadtrip dag 3: Fra Florida til Washington DC

Etter at vi hadde kjørt i fra Kennedy Space Center så hadde vi egentlig ingen stor plan. Eller, planen var vel egentlig bare å kjøre nordover før det blei mørkt. Når vi nærma oss Savannah, ein kystby i Georgia, så nærma klokka seg 21:00 og eg fant ut at det kanskje hadde vært lurt å få i seg nåke å ete. Vi valgte derfor å kjøre ned til Savannah by. Her fant vi oss heldigvis ein restaurant som fortsatt var åpen og serverte mat. Inntrykket vi fekk av Savannah var veldig positivt. Eg trur nok vi kunne hatt ei overnatting her og, for byen er nok enda finare på dagtid! 😊  

Etter stoppturen i Savannah var egentlig planen å overnatte i Charleston, i Sør Carolina, ein liten by som låg to timar nord for Savannah. Men etter å ha lest litt meir om byen så fant eg ut at den var veldig lik på europeiske byar og hadde stort sett bare ein hage eg ville sjå. Derfor seira fornuften (eller ikkje😅), og vi kjørte vidare nord. Klokka hadde vel passert midnatt og eg sovna i bilen. 

Vegard hadde fått beskjed om å stoppe på ein rasteplass på grensa mellom Sør og Nord Carolina, så der våkna eg opp klokka 06:00 onsdags morgon. Vi hadde då altså vært innom 4 statar på veien nordover. Vi kjørte vidare og bestemte oss for å bare peise på mot Washington, DC. Her er soloppgangen vi fekk med oss etter vi kjørte i fra rasteplassen. Var det ikkje bare heilt magisk?😍

Siden vi starta kjøringa klokka 6 på morgonen, så kom vi jo og fram tidlig til Washington. Eg trur vi var der rundt 12 på dagen, og fekk på ein måte ein bonusdag her då. 

I Washington stoppa vi først i ein forstad som heiter Alexandria for å bestille hotell. Eg hadde og funne ei strand/havneområde med ein eller anna kul statue på. haha..😅  Litt kul var den vel? Den heiter “The awakening”, eller “oppvåkningen”, og viser ein kjempe som prøver å komme seg ut av jorda. 

Til slutt fekk vi i alle fall booka hotell, og motell, og bestemte oss for å kjøre inn til Arlington gravplass. Besøket der kjem i eit eige innlegg. Og her er bilen som frakter oss trygt nordover i landet. Vi gjekk for litt komfort og trygghet, og kjenner det var veldig godt å ha ein slik bil. Hittil har vi (les: Vegard) kjørt 2200 km! 😅 Og enda har vi nåken km igjen før vi er framme i New York på lørdag.

#washington #washingtonDC #usa #reisemagasinet #reise #ferie #usa #iviusa #travel #sommer #sommerferie #turist #reisebloggen

Roadtrip dag 2: Kennedy Space Center

Mandag og dag 2 av roadtripen vår starta litt seint og rolig med ein bedre frokost på dineren “IHop”. Planen for dagen var Kennedy Space Center, området der NASA skyter opp romfartøya sine i fra USA til månen, og snart Mars.😊  Dette var vel den første ikkje heilt planlagte delen av turen vår til New York, men siden Vegard er veldig interessert i alt som har med verdensrommet og romfartøy å gjere, så var det virkelig verdt ein tur nedom her.  “Ein tur nedom her”, er forresten 4-5 timar ekstra kjøring. Det er tydeligvis ingenting lenger etter strekningane vi har kjørt her i USA dette året.. 😅

Området var ikkje så alt for stort, men totalt brukte vi vel 4 timar der inne. Då hadde vi ikkje gått grundig gjennom alt, men vi sa oss godt fornøyde. Ein kunne jo sikkert ha gått der i fleire dagar om ein hadde hatt lyst og tid. 

Med ein gang vi kom inn så kom vi til fleire rakettar/missil i ein hage. Ingen av desse er brukte då, men sjå kor store dei er! Vegard er å skimte nederst på bildet, det gir eit ganske godt bilde på størrelsen på dei. Og det som er rart å tenke på er at desse egentlig ikkje er store i forhold til fleire av rakettane som blir sendt opp. 

Raketten heilt til venstre er det samme missilet som vi var på besøk på i Tucon, Arizona. Her er innlegget i fra den turen. 😊

Ut i fra dette bildet er det nok litt lettare å få eit inntrykk av kor stor denne eine raketten var. Denne er 68 meter lang! Eg blei ikkje så veldig stor ved siden av den nei 🙈

Etter at vi hadde sett på rakettane som stod utstilt så såg vi at været begynte å mørkne til. Av tidligare erfaring med Florida så visste vi at det kom til å bli høljeregn om ikkje så lenge. På vei til bussturen som skulle ta oss ut til oppskytningsrampane, var vi innom Mars-utstillinga. Her var det utstilt ein bil, eller ein Mars Rover, som etter planen skal brukast av mennesker når vi kjeme oss opp til Mars. Kult eller? 

Etter vi var ferdige inne på Marsområdet sprang vi i regnet bort til bussane. Som tidligare indikert så var det blitt regn, og då store mengder av det. Egentlig heilt perfekt at vi skulle på busstur då. Bussturen gjekk 10 min utover mot sjøen, og på veien ut der såg vi fleire alligatorar som låg i elva ved siden av. “Check” på alligatorar i det fri i Florida! 😎

Her er “Assembley Hall”, bygget dei setter sammen rakettane inni. Bygget er det største einetasjesbygget i verden, og ein får plass til 3(!) Frihetsgudinner ved siden av kvarandre på eine sida. Det er med andre ord svært! Bare sjå kor små bilane er ved siden av det.

På bussturen fekk vi blandt anna og sett oppskytningsrampe 39, den dei bruker til å sende opp alle mulige rakettar.  På veien ut her fekk vi og sett ein vill Coyote! Den var faktisk mykje større enn eg hadde sett for meg. Så eg er virkelig glad for at eg ikkje møtte på nåken av dei når eg gjekk på tur i Phoenixområda!

På slutten av bussturen blei vi geleida inn i eit svært bygg som låg ute ved tribunane der ein kan sjå på oppskytningane. Her fekk vi sjå nåken kortfilmar om Apollo-oppskytningane og sett Saturn V. Den var såååå svær! Her fekk vi og sett alle stega som skjer under ein oppskytning. Det er fasinerande å sjå kor liten kapsel som er igjen på slutten altså. 

Her er Apollo 14, eller bare kapselen då. Den landa i sjøen etter ein ferd på månen. 

Det kjekkaste der inne må ha vært denne vetle steinen. Dei påstår den er i fra månen, så då velge eg å tru på det! Wee, eg har tatt på månen! 😎

Siste stopp før vi måtte hive oss i bilen var Atlantis Spaceshuttle. 

Til tross for overvekt i bagasjen så måtte vi og innom giftshopen. Litt merch var visst ikkje til å unngå på ein slik plass som dette. Det blei litt vel masse bilder i dette innlegget, men for spesielt interesserte så er vel det bare gøy..? 😅  Eg kan virkelig anbefale turen om ein er i Orlando området, det er kun ein liten kjøretur unna! 

#kennedyspacecenter #nasa #iviusa #reise #usa #florida #reise #sommer #reisemagasinet #reisebloggen
 

8 ting eg savner med Norge

Mens vi er på veien nordover mot New York, så tenkte eg å dele ei lita liste med ting som eg kjenner at eg savner ein del no. Altså, foruten om familien og venner då, dei savner vi aller mest! Åh, nei no gler vi oss dåke!


 

1. Vatn: Åhh, dette må nok være det vi savner mest. Reint Norskt fjellvatn rett i fra springen. Kroppen vår må jo vær heilt bleika på innsida etter eit år med dette klorvatnet her. Dei siste mnd har vi kjøpt vatn då, men gud så tungvint å måtte kjøpe store pakkar med vatn på butikken. Nei, vi skal være glade for vatn i springen heime i Norge!

2. Smågodt: Treng vel ikkje å forklare dette? Smågodt er jo så mykje bedre enn alt anna av godteri her i verden.

3. Paprikachips: Altså, kva er greia. Dette landet har alt ein kan tenke seg av chipssortar, men paprika det er tydeligvis ein smak som er vanskelig å oppdrive.. 

4. Norsk brødmat: Sjølv om eg har baka ein del her borte, så savner vi det å kunne gå i butikken å kjøpe eit skikkelig grovbrød! Alt av brød her borte er fult av honning, glukose, sukker, konditorfarge og det som verre er. Eg tipper amerikanarane fyller brødet med så mykje tilsetningsstoffer så det kan holde i vekesvis. Dei et jo ikkje spesielt mykje brødmat slik som Nordmenn. Men det er ikkje det at eg ete så utrulig mykje brødmat heime, men det er jo greit å ha muligheten til å ete ei grovskive med skorpe på å bli mett!

5. Pålegg: Denne bunner nok ut i punktet over her, at Amerikanarane ikkje ete mykje brødmat. Eg trur ikkje dei ein gang har eit ord for pålegg.. Her er det peanøttsmør, syltetøy, skinke og ost som gjeld. Men til gjengjeld så har dei jo 100 variantar av kvar sort då..

6. Fisk: Sjølv om vi har budd i område av ein tidligare fiskelandsby i Florida, så er det ikkje gitt at vi har ete mykje fisk. Det har egentlig vært tvert i mot. Eg trur aldri eg har ete så lite sjømat som eg har gjort i år.. Fisken som vi finn på butikken ser ut som om den er sprøyta med det eine og det andre, så det er lite fristande. Men, eg ha bestilt ein del fisk ute på restaurant i år då! Så eg har heldigvis fått i meg litt fisk. 😅

7. Fjellturar: Eg gler meg til å gå litt i motbakke. Vi har jo handla inn både fjellsko, fjellbukse/shorts og regnjakker her borte så vi er klare for sommar på Vestlandet!

8. Rutiner: Eg trenge sårt nåken skikkelige rutinar no snart. Eit år uten jobb sette spor kan ein sei! Sjølv om eg ikkje skal jobbe 100%, så blir det godt å stå opp om morgonen, ha middag til vanlig tid og trene til vanlig tid. 😊

#usa #reise #reiser #ferie #flytte #norge #lister #liste #savner #iviusa 

Roadtrip Florida – New York!

Då var sommerferien 2017 igang for oss og! Heh, det er rart med det, men det var faktisk med god feriefølelse vi satte oss i leigebilen idag og kjørte austøve i Florida.😊 Ferden går som nevnt i frå Destin til New York, ein tur som egentlig kun skal ta 18 timar, men med litt avstikkara her og der kjem på rundt 28 timar. Eller, det er i alle fall etter den planen vi har no, og den blir jo endra heile tida. Idag tidlig så visste vi ikkje ein gang at vi skulle nedom Orlando og Kennedy Space center. Og no ligg vi på eit motell ca 10 minutt unna rakettane, sååå..

Det var vel kanskje litt vemodig å reise i frå fine Destin og området rundt idag. Heldigvis er vi av dei siste i gruppa som reiser, så vi føler oss godt ferdig med alt Emerald Coast har å by på.😊  Om vi nåken gang kjem tilbake hit? Det tviler eg egentlig på.. Det ligg liksom ikkje så utrulig sentralt for Nordmenn på ferie.. Ein ting er i alle fall sikkert, aldri i livet om det finnes ei sandstrand i verden som er finare enn dei på Destin. Sanden er virkelig krittkvit!😍

I morgon blir det som nevnt Space center på oss, og deretter veit vi ikkje heilt. Vi skal i alle fall kjøre nordøve, så får vi sjå kor vi ender opp! Er litt deilig å ikkje ha nåken heilt konkret plan og. 😀

Bildene i dette innlegget er alle i fra Destin og Fort Walton området i Florida. 😊  

Her ligg og Eglin Air Force Base, som er rekna som verdens største militære flybase.

Ha ein fin dag folkens! 😊  

#destin #florida #reise #ferie #reisemagasinet #reisebloggen #reiseblogg #sommer #sommerferie #iviusa #usa#reiseguiden

St. Hans feiring på stranda i Florida!

Endelig kom det ein dag med sol igjen! 😊   Eg trur det er nesten ei veke siden sist eg kunne ligge ute å sole meg faktisk. For eit møkkavær altså! Etter at eg hadde hatt med ein time og to ved bassengkanten så ringte Camilla og lurte på om vi skulle være med på stranda. Og i vel viten om at det sikkert kom til å bli siste tur på stranda her i Destin, så heiv vi oss rundt.

Stranda var stengt då, eller, sjøen var stengt. Dette var på grunn av etterdønningen av stormen som har vert den siste veka. Det var kraftige undervannsstrømmar, så ein burde nok ikkje gå så alt for langt ut. Dei fleste fulgte badevakten sin ordre om vassing innerst, men det var jo sjølvsagt nåken som ikkje brydde seg. Dette resulterte sjølvsagt i at ingen fekk lov å være i vatnet i ein periode..🙄 

Baywatch var på plass!

Stormen hadde og dradd med seg ein haug med tang og tare opp. Og stranda var mykje mindre enn normalt. Det er fasinerande å sjå at sjøen kan bli så mykje høgare etter nåken dagar med storm!

Etter nåken timar med steiking på stranda gjekk vi svidde og gode heimover.😅 Mannane hadde då vore på butikken og handla inn til grilling for kvelden. Det er så koselig å sitte ved bassengkanten å grille slik som dette.😊   Alt er koselig med dette, utenom myggen. Sjølv ved lang dongeribukse så klarer eg å bli bitt midt på låret.. Korleis er det mulig?!

Kvelden fortsatte ut i seine natterstimar med god mat, god drikke, kortspel og godt selskap! Ja takk til slike sommarkveldar i Norge og!😊  

#destin #florida #ferie #sommer #reise #sommerferie #strand #usa #iviusa 

Heimreisen er bestilt! New York og Washington på veien.😊

Etter enda ei natt med storm, så våkna vi endelig til blå himmel idag. Tidenes mest ustabile vær altså! Sol eller ikkje så er det deilig å starte dagen rolig, så morgontimane har vi brukt til å bestille flyreise heim til Norge.😊  Iiihh, no skjer det! Det er rart å tenke på det, at eventyret vårt snart er over. Heldigvis skal vi på ein siste utflukt her i USA før vi sitte på flyet. Flybillettane har vi nemlig bestilt i fra New York, nåke som betyr at vi må kjøre opp dit.😄  Planen er ikkje heilt 100% spikra enda, utenom at vi veit vi skal ha 3 overnattingar i New York. Også vil vi innom Washington på veien.

Vi vil nok innom dei mest kjente områda og bygga, men spesielle tips og plasser ein bør besøke er jo og gøy! Så er det nåken som kanskje har tips til Washington og New York?😄

#reise #ferie #newyork #washington #roadtrip #biltur #iviusa #usa #travel #reisebloggen #reisemagasinet #sommer #sommerferie

Tornado, orkan, tropisk storm, flom og skypumpe. Florida ass…☔ 🌩️ 🌪️

For eit vær det har vært her dei siste dagane. 😫  Dei som har fulgt litt ekstra med har kanskje fått med seg at det har brygga opp til ein skikkelig tropisk storm nedi gulfen den siste veka. Det var lenge forventa at den skulle ta kysten hardt, og då med New Orleans og Lafayette som hovedområde. Men som alltid så breier jo desse stormane seg litt mykje, og det går ofte ut over områda rundt..

I natt (tirsdag-onsdag) så hagla det inn med nødvarsel på mobilen. Det var både varsel på flom, tornado og tropisk storm på ein gang.🌩️ 🌪️ Vel vel, det er jo ikkje mykje å gjere enn å sove gjennom det. Dessuten bur vi i 3. etasje no, så nåken flom får vi nå i alle fall ikkje inn. ☔ Vi har jo opplevd denne type vær før og det går jo som oftest greit. Når eg sto opp om morgonen så både blåste og regna det godt utfor vinduet. Eg sjekka lokalavisa og innsåg at det hadde vore både tornado og rimelig god storm i morgontimane. Vi bur heilt til høgre innanfor det raude området, ved Pensacola. 

Det verste å våkne til var bilder av vår gode venn John sitt hus. Der hadde tydeligvis tornadoen gått rett over og tatt med seg store deler av taket, både ute og inne. 😥 Det som tidligare var eit skikkelig sommerparadis ved stranda, ser virkelig ikkje slik ut no. Bildene under har han lagt ut på Facebook etter at stormen og regnet hadde roa seg litt. Her kan du sjå bilder i fra eit besøk vi hadde hos han.

Det ser ut som tornadoen bare har kjørt tvers over huset hans, og tatt med seg det som var av takplater og overbygg.😔

Her er nåken bilder fra innsida av huset. Dette er på soverom og spisestue. Så utrulig trasig!😥  Og dette er jo ikkje halvparten så gale som kva som kan skje om det kjem ein stor orkan som Katarina i 2005 og røsker med seg det aller meste på veien. Men uansett så er dette bare tragisk..

Her er litt av ødeleggelsane i områda rundt oss. Ein park er totalvraka og stengt på ubestemt tid, trær har velta, oversvømmelser, stengte veiar og slikt som følger.. Bilda er henta fra lokalavisa NWFDailynews.

Her har litt av ein tribune blitt kasta opp i gjerdet. Midt på bilde nummer to kan du sjå ei skypumpe/ deler av tornadoen i aksjon. På siste bildet har tornadoen vært. Denne bilen sto på ein parkeringsplass kun 100-200 m i fra huset til John. 


Så været er ikkje bare bare her borte nei…😔  Alle seier at Florida er så fint og flott. “Dåke har sol heile tida”, er nåke eg støtt og stadig høyre. Vel, her har det vært 2 dagar med fult opplett dei siste 14 dagane. Det er konstant torden og lyn, no er det og utvida Tornado warning, thunderstorm og flom ut morgondagen. Der slo søren meg lynet ned på parkeringsplassen og.🌩️  Er ein del bilar som står å hyler med andre ord. Nei, Florida i juni og juli er bare oppskrytt! Og det samme er nesten været i Norge og..

God sommer´a !

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –

#florida #usa #vær #været #ekstremvær #flom #torden #lyn #iviusa #storm #reise #ferie #sommer
 

Ein era er over!

Idag går solgte vi bilen vår. Fytti det er rart å skrive det svart på kvitt. Bilen er solgt, den er vekke og vi kjem aldri til å eige ein slik bil igjen.😫  Bare tanken på det gjer oss begge litt trist. Heldigvis har vi virkelig levd ut drømmen om ein skikkelig Amerikansk muskelbil mens vi har budd her borte.😄  For spesielt interesserte så er bilen ein Cheverolet Camaro SS, RS pakke, 2012 mod, V8 og 426hk. 

Vi har hatt så mange fine, og lange turar med dette gliset. Den har frakta oss til Orlando, Atlanta, New Orleans, Tombstone, Grand Canyon, Las Vegas, Los Angeles, San Diego og mange andre småturar rundtom dei siste 10 mnd. Det er ikkje så alt for stor plass i den til verken passasjerar eller bagasje, men den har søren meg gjort nytten sin og vel så det!😊 På dei 10 mnd vi har eigd bilen har vi kjørt rundt 20,000 km, nåke som tilsvarer rundt halve jorda lags ekvator. Eg vil sei det er ein rimelig lang tur, så bilen er i alle fall godt brukt!

Det signeres av alle parter. Masse papir. Var sikkert 4-5 signaturer han måtte ha i fra oss. Eg måtte til og med signere med Røssland Fosse fordi selgeren skreiv det på papiret….😒  

Vi mottok jo sjølvsagt ein sjekk som betaling, og blei kjørt opp i banken av kjøparen. Sjekken måtte jo dokumenterast, siden vi aldri har hatt eller sett ein sjekk før 😅

Skiltet får vi med oss heim. Det er av personlig eige her borte!😊

Adjø kjære <3 

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –

#camaroSS #camaro #bil #reise #ferie #muskelbil #usa #amerika #car #iviusa #traveler #livsnyter #bucketlist

Flytting nummer 4 på under eit år..

Åhh, endelig har vi ferie!😎   Haha, eller Vegard har fått ferie og eg har lika fine dagar som eg har hatt heile året.😊  Etter å ha pakka ned leiligheten så flytta vi jo ned til Destin forrige lørdag. Flyttelasset skulle ikkje av gårde før torsdag, så vi hadde det ståande i leiligheten i Crestview fram til då. 

Kan vel sei at det har blitt litt feire kassar enn på vei over dammen ja.😅  Men, alt på bildet er ikkje vårt då! 😎

Flyttefolket var ikkje heilt 100% kan ein sei… Her har dei allerede klart å knuse eine pappeska vår.😐  Forhåpentligvis er det hobbbyeska, og ikkje kjøkkeneska.. Uansett greit å ha dokumentert det til seinare med tanke på forsiring på alt som er ødelagt når det kjem til Norge..🙄

Heile den containeren er ikkje vår altså 😅

Lukka og låst. Etter planen skal den ikkje åpnast før den kjem til Norge.

Gu så deilig det var å bli kvitt det! No er vi virkelig å ferie, og det siste vi skal gjere no er å selge bil og avslutte bank og mobil. No kjem vi snart Norge!

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –

#flytting #reise #ferie #usa #iviusa #florida #flytte #husoghjem #hus #hjem

Wow!

Altså, wow for ein respons på spørsmålsrunden min! Det var jo ikkje skummelt i det heile tatt.🙊  Eg har litt av ein jobb framfor meg, og eg trur nok at eg må dele svara opp i fleire innlegg. Ser det var mange som lurte på ting i fra året vårt i USA, og det gir jo absolutt meining. 


 

Dei siste dagane før Vegard er ferdig på kurs går så tregt! Det er godt mulig det er fordi det ikkje er sol ute, og eg ikkje kan ligge å sløve med bassenget. #luksusproblem 🙄  I går kjørte eg rundt på butikkane i nærområdet på leit etter dei siste tinga vi skal sende med flyttelasset. Det blir kanskje litt sånn panikkhandling? Neida, det er bare ting vi treng, som uansett er mykje billigare her enn heime. Flyttelasset går på torsdag, så då er det slutt på shoppinga. Det er jo begrensa kva ein har plass til i fire fulle koffertar 😅  Eg er uansett klar for at vi begge skal ha litt ferie no! Det har han virkelig fortjent etter dette året. Så får vi sjå kortid vi bestille flybilletten vår heim til Norge. 🙊

#spørsmålsrunde #usa #utlandet #reise #ferie #florida #spørsmål