Onsdag var siste dag på stranda før gjestene våras skulle vende nasa heimover på torsdagen. Emerald Coast viste seg virkelig i fra si beste side, foruten om at sjøen var grøn av sjøgras, og du fekk det over alt når du prøvde å svømme forbi det.. Fint er det uansett her 😊
Før vi tok pakka samen og tok turen vidare på pedikyr og shopping, så fant vi ut at vi skulle ta det obligatoriske toppturbildet vi har hatt dei siste åra. Tidligare har det vært i påsken, på toppen av Uskedalen sitt høgaste fjell, men siden det ikkje var mulig å få gjort no så måtte vi ta det på stranda. HERogHER kan du sjå bilder fra tidligare turar. 😄
Åhh, nei det har vært heilt fantastisk å ha Marte på besøk her borte, sjølv om det bare var for ein lita veke. Det gjorde virkelig godt! Eg har jo ikkje sett ho siden i fjor sommar, og det begynne å bli litt vel lenge siden ja.. No er det uansett ikkje så lenge før eg og Vegard og skal pakke sammen tinga våre og snu nasen mot Norge igjen. Eg har kun eit krav, plis ikkje la det snø i juni/juli… Det trur eg ikkje kroppen min klarer etter eit år i denne varmen😅
Ein del måsar har det og begynt å komme her til no. Ikkje veit eg ka planen deiras er, men dei ligg mest å flyt i vinden, og ser egentlig ut som om dei leikar seg dagen lang😅
Etter alligatorturen hadde vi heldigvis nåken timar før Vegard måtte tilbake på jobb. 😊 Vi kjørte derfor ein ned til Panama City Beach for å sjå korleis den såg ut, og som forventa var den rimelig lik som den vi er vane med her vi bur; krittkvit finkorna sand. Vi fant parkering i eit område som heite Pier Park, som er ein utendørs kjøpesenter/promenade som ligg rett ved stranda. Her var husa malte i alle mulige “gla´ fargar” ein kunne tene tenke seg, skikkelig fresht! 😍 Eg kunne gått her i fleire timar bare å sett og tatt bilder av husa..
Lunchen tok vi på denne resturanten som låg heilt på stranda, og ved siden av pieren.
Overraskande nok så var dette faktisk nåken av dei beste og saftigaste rekene eg har fått servert her i Florida. Dei må nok ha vært heilt ferske, for alle andre plasser er dei seige, tørre eller bare generelt dårlige.. Så tommel opp for dette! 👍
Etter lunchen var det tid for dessert, og ein liten tur på shopping her på Pier park. Eller jentene var innom på litt shopping, mens menna gjorde kva enn menn gjer når damene er på shopping 😅
Menna blei litt lei til slutt, og vi vendte snuten heimover. Vegard skulle nemlig ha to eksamenar på jobben den dagen, så vi tenkte det ikkje var nødvendig at vi skulle bli forsinka pga trafikk og slikt.😅
Her er det to menn som virkelig hadde blitt heilt utslått av den lange dagen i sola. Godt dei fekk seg ein liten cowboystrekk på kjøreturen heim! Vi konkluderte med at turen var veldig verdt dei timane vi hadde i bil, og at vi kan anbefale ein tur på alligatorsafari og i luftbåt om ein har muligheten. Bare båtturen var kjekk i seg sjølv!😃
Og eksamenane til Vegard? Som alltid full pott! Flinke mannen min ❤️
Tirsdag var utfluktdagen mens Marte og Kjell Kristian var på besøk. 😊 Turen gjekk mot Panama City ca 1,5 time sør i Florida i forhold til her vi bur. Nåke som egentlig har vært på lista vår mens vi har budd her i Florida er å sjå ein alligator i sitt rette miljø, og endelig skulle vi få muligheten! 🐊 Vi stoppa ikkje så langt i fra Panama City for å delta på ein liten alligatorutflukt i ein luftbåt, ja ein slik båt med ei svæææær vifte bakpå.
Vi hadde fått beskjed om å møte ca 30 min før båtturen skulle starte, for å få ein liten runde med “mini” alligatorane dei hadde i hagen. Først gjekk vi litt rundt og såg på dei forskjellige bura, før gruppa samla seg for introduksjon av alligatorane. Ut i frå kontoret kom nemlig ein av dei ansatte med ein liten babyalligator i armane, like lett som om det skulle være ei fredfull kanin ho bar på. Og ja, alle skulle holde! Så det var ingen vei utenom. Eg gleda meg veldig, for vi hadde hørt i fra fleire som hadde vært her at vi fekk lov til det. 😃
Dei låg heilt i ro nesten heile tida. For alt eg visste kunne dei like gjerne være skulpturar altså… Heilt til den eine faktisk hoppa i bassenget sitt, då trudde eg på at dei var ekte, haha..
Endelig tid for holding! Denne alligatoren var faktisk like gammal som den over, men pga forskjell i foring med høg proteinholdig mat eller ikkje, så vokse dei forskjellig. Fasinerande!
Ho som hadde ansvar for alligatoren slapp den laus på slutten og, slik at vi skulle få sjå kva mønster den lagde med halen når den gjekk. Han kunne og gå i trapper, og på bildet under er han på vei inn der han bur. Han kunne jo sjølvsagt veien heim 😏
Happy! Har fått holdt slange, tarantell og alligator her i Usa no. Kva blir det neste 😅
Etter alligatorholding og bilder kjørte vi eit lite stykke til der båten, og kapteinen, sto å venta på oss. Vi var lure og satte oss ikkje fremst i båten, då vi hadde hørt at ein ofte kunne få seg ein liten dusj om ein satt her framme. 😏
Vi kjørte oppover elva i fra West Bay. Guiden vår kunne informere om at herifrå kunne ein ta seg heilt Nord i landet og opp til The Great Lakes på grensa til Canada, med ein Airboat. Fasinerande?
Vi leita jo etter alligatorar eller bare ein liten bevegelse heile tida. Blei jo nesten sliten i augene av det så inntenst vi såg innover i kratta.. Men, guieden visste akkurat kor alligatorane låg.
Nydelig natur vi kjørte i. Selskapet dreiv med kveldsturar og, og då såg dei litt av kvart uti skogen her. alt i fra svære edderkoppar, til vaskebjørnar og brunbjørn. Liiitt usikker på om det hadde vært ein kjekk tur eller ikkje 🙈
På bildet under skal det ligge ein alligator midt på bildet, heilt inne ved skogkrattet. Vi kunne bare sjå toppen av hovudet hennas då, men når vi kjørte båten heilt opp så kunne vi tydelig sjå alligatorbabyane hennas. Og dei var så enormt små! Kanskje 15- 20 cm store der dei svømte rundt i vatnet. Guiden kunne informere om at det budde rundt 5-10 alligatorar i dette området vi kjørte i, og at denne mammaen vi fekk auge på idag hadde vært der i minst 10 år. 😊
Fornøyd gjeng etter alligatorsafari! Anbefales 😊 Etter dette gjekk turen vidare til Panama City Beach! Dette kjem i neste innlegg, dette innlegget er langt nok som det er 🙈
Endelig har vi fått besøk av Marte og Kjell Kristian her i Florida.! Dei kom kjørande i frå Miami på fredag, og sto glisande på kjøkkenet når eg kom heim i fra butikken. Det var så utrulig godt å sjå dei igjen! 😊
Helga tok vi det litt rolig. Fredag blei det Cinco de Mayo feiring (Mexicansk ettlant) med taco og Corona, lørdag var det ein tur på stranda og søndag tok vi til takke med bassengområdet. Det var ikkje bare vi fire som hadde planlagt ein tur til stranda på lørdag, men eg trur dei aller fleste blei ekstremt overraska når dei kom ned. Det var faktisk nesten ikkje værande pga dei enorme mengdene med vind som og var der nede. Sanden piska rett og slett mot huden til tider.😅
Det ser rimelig idyllisk ut ja? Sannheten er at det blåste heilt ekstremt. Sanden er og så utrulig finkorna så den fyke veldig lett avgårde.. Til tross for dette, så var det mange som trossa sanden og nøyt soldagen på Okaloosa Island 😊
Eirik hadde eit tappert forsøk med å lage eit hull, så vi kunne sette oss i le for vinden. Vel, det fungerte i alle fall ikkje. Haha, det kom faktisk bare meir sand. Så etter han hadde gravd hullet, og vi hadde trossa “orkanen” nåken timar så holdt vi ut i nåken timar før vi gjekk vidare på Rocking Taco for lunch.✌️
Søndagen starta riiimelig rolig og rimelig seint, etter at lørdagen blei litt sein her hos oss. Eirik og Linda kom og ein tur bortom, og med godt selskap og god drikke så forsvinne klokka i fra oss..😅 No er vi kome til tirsdags kveld her hos oss, og vi sitte slitne i sofaen etter ein lang dag i Panama City. No venter vi på Vegard og skal kose oss med litt sushi! Meir om kva vi gjorde i Panama City kjem i eit anna innlegg, men eg kan røpe så masse som at det innehelde ein Alligator!😎
Eller det er egentlig å ta fint i.. For på lørdag var planen at vi var ein gjeng på 10-12 stk skulle på båttur ut på Crab island, og deretter heim til Crestview igjen. Eg meinte det var litt mykje vind og at det sikkert kom til å bli bølger og kaldt, men dei andre meinte vi skulle teste likevel. Så når vi kom ned og sku finne båt fekk vi bare beskjed om at alle båtane var utleigd, eller at dei ikkje ville leige ut båtar pga for mykje vind.. Ahh bummer..🙄 Så litt skuffa satt vi oss ned på ein bar og bestilte oss nåken drinkar. Etter ei lita stund fant ein i gruppa ut at han ville sove på Destin den natta og ville finne seg hotell. Eg peika på tull opp på det flottaste hotellet som ligg her og sa “Eg vil bu der i natt eg.” Og slik blei det då at han bestilte og betalte for eit 8-manns rom på stranda i Destin. haha, er det mulig.😅 Men fy søren kor gøy vi hadde det!! Elsker slik spontanitet ✌️ Sjå kor fin utsikt i fra den eine av balkongane vi hadde.
Du veit hotellet er populært når det er eit eige område tillaga for bryllup… Sjå kor koselig!! 😍
Og, eg fekk endelig brukt opp resten av ingrediensane til frozen margarita! Seriøst, det er nåke av det beste som er no når det er varmt! Og dette sette standaren for resten av kvelden! Trur vi var heime på hotellet i 5-6 tida ein gang, og sjekka ut ein gang i 10-11 tida, så vi var rimelig slitne ja! Men sååå verdt det 😎
Og søndag, vel eg har aldri sove så godt midt på dagen før 😅 Men, vi kan definitivt krysse det av bucketlisten då; sove på det finaste hotellet på Destin! 😂 ✔️ Båttur kan vi ta ein annan dag!
Endelig var det litt finvær igjen her i Crestview, og det utnytta vi til dels til det fulle. Planen var egentlig å ta turen på stranda med ein gjeng idag, men av forskjellige årsakar så blei det ikkje slik. Men siden været var så fint måtte vi bare komme oss ut, og då gjekk turen til ein park som ligge her i byen. 😊
Eit fantastisk nydelig område som kun ligge eit lite steinkast i fra hovedgata het i Crestview. 🌳 Det var deilig å få gå litt i blandt grønne tre igjen, det vat ikkje mykje av det i Phoenix 🌵
Litt dyreliv var det og her. I vatnet var det nemlig ein heil del med skilpadder som svømte, og langs vannkanten krydde det med gjess og ender. 🐢🦆
I parken var det ein stor fotballbane, fleire basketballbanar og tennisbanar til disposisjon. Det er så fantastisk at dei har slike tilbud her 😊
Etter V kom heim fra jobb starta vi på den nye sesongen av Prison Break, og det er så spennande! Vi er kun på episode 3 no då, men kjenner eg oss rett så har vi vel runda sesongen før helga begynner ja.. 😅 haha, guilty, men det er jo så spennande! 🙈 Uansett, ha ein nydelig onsdag! 😊
Tirsdag kveld var eg som nevnt på baseballkamp med Sara og Ina.⚾ Det var topplaget på Crestview High School, Bulldogs, som skulle møte Pensacola Pine Forest til kamp. Det er alltids kjekt å gå på sportsarrangement her borte, og no når vi bur litt mindre sentralt, er det i alle fall kjekt å kunne støtte oppunder lokalidretten her vi bur 😊
Men før kampen kan starte, blir nasjonalsangen alltid spelt på anlegget.
På vei til kamp snakka vi litt om reglane og slikt, og konkluderte egentlig med at det måtte likne på dødball/slåball som vi spelte på barneskulen. Vel, det var det så absolutt ikkje. Då vi trudde vi hadde forstått reglane, eller i alle fall litt av spelet, så snudde det heilt. Om vi skal på ein ny kamp, så må eg i alle fall lese meg litt meir opp enn eg hadde gjort no, for det var faktisk rett og slett kjedelig å sjå på.. Det var jo egentlig slik det var dei første gangane vi var å såg på Amerikansk Fotball og, så det hjelper å lese seg opp 🙈
Norske supportera, som ikkje forsto nåke som helst.. Skal ha for innsatsen, og at vi støtta lokalidretten 😉
Meg og Sara.
Tidligare når vi budde i Fort Walton, så var vi jo på nåken Amerikanske Fotballkampar på High schoolen som låg rett ved oss. Det er så fasinerande å sjå kor stor idrett og ikkje minst skuleidrett er her borte. Dette er gutar som er rundt 17 år, og dei har fanskare, plakatar osv.. Litt annerledes enn i Norge kan ein sei!
Tenk om ein ungdomsskule heime hadde vært slik då! Det er mykje pengar og stolthet i sport her borte ja.
Uansett, om vi forstod det eller ikkje, så var det kjekt å komme seg ut i nærområdet på kvelden med eit kjekt selskap 😊
Og, ja, vi gjekk før kampen var heilt ferdig.. Haha..
Nåken av bildene har eg forresten stjelt i fra Ina.😊 Kameraet mitt, eller linsa, er ikkje venn med meg for øyeblikket og eg vurderer sterkt å kjøpe nytt… Men igjen, så er jo kameraet eg har veldig bra.. Bah..
Endelig skein sola igjen her borte og. Eg skal vel egentlig ikkje klage, då det kun har vært overskya i 2 dagar. Men igjen, vi har budd i ørkenen der skyer på himmelen var ein sjeldenhet 😅 Eg brukte i alle fall dagen til å få litt etterlengta sol igjen, siden det skal være litt overskya framøve.
Det låg som alltid fleire nordmenn med bassenget, og Ina og Sara hadde planlagt å ta turen på baseball kamp idag. Eg har jo ikkje så mykje å ta meg til, så no er vi på vei på kamp!😊 Blir spennande!
Lørdag var vi så tidlig oppe som vi ikkje har vært på lenge. Det var tydlig at det var nåke viktig som skulle skje, og vi måtte komme oss av gårde tidlig. Når klokka var 08:30 var vi allerede i bilen og på vei mot Panama City og flyshow på Tyndall Air Force Base. Showet begynte ikkje før 11:30, men eg er glad vi kom fram tidligare.😊 Det var fleire i fra gruppa som kjørte rundt 10:00, og dei brukte rundt 4 timar på ein 2 timar lang tur.. Det var med andre ord maaaange som skulle på dette showet!
Flyshowet var greit det, men for tre flyentusiastar som kunne springe rundt å sjå og ta på alle dei forskjellige flya var det nok litt kjekkare. Men absolutt, det var kjekt å sjå gleden deiras. Det var som om dei var tre små ungar igjen. 😅
Her er oppvisning av F-22 som var det viktigaste for dagen. Sjukt fasinerande at den kan fly rett opp, deretter stå heilt stille i 90graders vinkel, og fly bakover. Denne oppvisningen var vel egentlig høgdepunktet for meg og, og gjorde faktisk heile turen til Panama City verdt det 😅
Framfor ein F-22
Her hadde dei ein oppvisning og eit tilbakeblikk til Pearl Harbor. Fekk skikkelig frysningar når dei fortalte historien. Mulig det er fordi vi har vært der og kunne sjå for oss kor dei bomba og kor skipa sank. Vil du sjå meir i frå når vi var på Pearl Harbor, sjå HER.
Det var fleire i fra gruppa vår som hadde tatt turen til Panama City, så vi var til slutt ein litt større gjeng som gjekk rundt.
Det var og oppvisning i frå Thunderbirds. Thunderbirds er ei gruppe med 6 jagerfly som reiser rundt i Usa og har framvisning på show. Det var veldig fasinerande å sjå på, men igjen så var det ikkje nåke som ikkje var forventa.. Einaste som var litt skummelt var å sjå kor utrulig nærme dei fløy, og spesiellt når dei skulle passere kvarandre. Fekk frysningar!
Sjå kor nært!
Det var ein enormt lang dag med mykje gåing, steikande sol og litt lite vatn kjente vi… Utpå dagen var vi rimelig slitne, så det var godt å komme seg i bilen. Stakkar Vegard så måtte kjøre heile veien heim.. Eg fekk meg ein liten powernap på veien og, slik at eg skulle være opplagt til kvelden. Vi hadde nemlig invitert på Pina Colada- og Vaffelparty 😄 Så koselig med litt sosialisering med gjengen igjen. Det blei litt seint, så søndagen vår har for det meste gått til Netflix. “Heldigvis” har det ikkje vært nåke spesiellt fint vær her idag, så vi kunne være inne med god samvittighet 😄 Vi får satse på bedre og meir vanlig vær resten av veka.😉
Siste helga før besøket skulle reise brukte vi til å kose oss skikkelig. Vegard hadde endelig litt fri og vi fekk virkelig feriefølelsen denne helga. Fredag kom Martin og Tara på besøk i frå Atlanta, og vi hadde ein koselig grill- og spillekveld heime i huset.😊 Lørdagen, og då altså Påskeafta, reiste vi alle ut på båttur til Crab Island. Crab Island er ikkje ei øy, men ein stor sandbanke som ligg på innsida av brua mellom Destin og Okaloosa. Her er det så grunt at du står med vatn opp til hoftene. For å komme ut her må du ha båt, og blir faktisk plukka opp av politiet om du prøver å svømme ut. Dette er fordi det er så sterk strøm som går forbi. Eg har lagt ut ein film i frå turen vår der i haust. Den kan du sjå HER. 😊
Det var tydelig at det ikkje var sesong, då det ikkje var så mange båtar her enda. Sjølv om det ikkje var masse folk, så var det ein veldig koselig tur med heile familien. Nåken av barane var faktisk åpne for helga, men vi var ikkje innom dei denne gangen. 😊
Eg fekk endelig kjøpt med doghnut-badering og 😄 Det har eg leita lenge etter, men i fjor var det rett og slett slutten på sesongen så butikkane var utsolgt. Det gjekk litt i glømmeboka, og gjett om eg blei lykkelig når eg fant denne på Walmart då!
Årets påskekort, om det er nåke då? 🐥
Destin Harbor sett i fra sjøen. Her er det ei fin promenade med boder og butikkar, og det er liksom sentrum av Destin.
Når kvelden kom tok vi ungdommane turen til hotellrommet til Martin og Tara, før vi stakk til sentrum for å møte på ein heil haug av fleire Nordmenn som var ute. For ein kjekk kveld! 😄 Her er uteplassen vi var på, AJ´s.
Dette truuur eg er ein Brun Pelikan. Då eg tok dette bildet av han, så kom det to lokale båteigara som skreik “Noooo, don´t take a picture of him! We dont like him at all!!”.. Hehe, tydelig at den er like mykje hata her blandt båteigare, som måsen er heime. 😅
Åhh, det er så nydelig her! Vi skal heilt klart på fleire båtturar før vi vender nasa mot Norge igjen. Eg må bare få gjennomført båtførarbeviset for Usa, slik at vi ikkje er avhengig av andre for å kunne leige båt. 😊 Det blir bare litt nedprioritert innimellom to andre fag / kurs som eg tar for tida. Mulig eg kan skrive litt meir om det i eit anna innlegg, om det er av interesse? 😊