ihh sjå denne søte lille saken her då! Enda ein av mange rompera eg har strikka i haust. Eg var sjølvsagt litt skeptisk på den type “vrangbord”, men det gjekk jo heilt fint då det er godt beskreve med bilder i oppskrifta 🙂 Har du eit garnlager som skal slankast i januar? då kan eg absolutt anbefale denne oppskrifta. Ein strikkefasthet på 22/10 gjer jo at ein har eit hav av muligheta når det gjeld valg av garn og 🙂
Endelig er eg heime igjen etter enda ei natt i Trondheim. Trondheim er fin, men det er godt å komme heim igjen og. Det er det som er så fint med å få nåken sånne dagar med møter i byen, ein får påfyll av det urbane, men kan komme seg heim når det er nok. 🙂 Det er jo blitt skikkelig vinter her oppe no, og det var så deilig å gå i dei lyse gatene!
Torsdag etter jobb møtte eg Linda. Vi gjekk først rundt i byen og fekk gjort nåken ærend, før vi satt oss ned på Bror og åt middag. Det var virkelig snøstorm i Trondheim denne ettermiddagen, så det var godt å komme seg inn i varmen. Eg tok båten heim på kvelden, og då var det begynt å blåse godt opp på sjøen, men for ein Vestlending så var det bare piece of cake.. 😉 Er det snø i resten av landet og no? 🙂
Denne oppskrifta kjem seint, men godt. Vi åt dette nåken ganger i romjula, og fekk testa det både på svin og kalkun. Det er nok like godt på kylling og. Eg har kun laga det når eg har hatt ferdigsteikt kjøtt, så steiketida er ikkje for gjennomsteiking av kjøtt. Men det skal jo sjølvsagt gå fint det og så lenge ein legg til den tida ein treng.
Ønska mengde ferdigsteikt kjøtt til 4 personar. Her har eg brukt restar av kalkun, men tidligare i romjula brukte vi restar av steikt ribbe.
2 stk sitrongress eller safta av ei halv sitron ca. (Smak deg fram)
2 dl søt soyasaus (ketcap manis)
1 ss riseddik (eg hadde vanlig klar eddik)
2 ss brunt sukker
2 stk finhakka chili
3 fedd grovkutta kvitløk
1 ss olje til steiking
2 cm revet frisk ingefær
Skall av 1/2 lime
1/2 kanelstang
1 stk heil stjerneanis
2 ss finhakka koriander (om du har)
Slik gjer du:
Sett steikeovnen på 180 grader.
Fordel kjøttet i ei ildfast form. Bruker du ribbe skal du fjerne svoren og ein del av fettet.
Lag glazen. Del sitrongras i to, og deretter i to på langs. Fres chili og kvitløk med sitrongras i ei lita panne. Har du ikkje sitrongras, tilsetter du sitron seinare. Bland inn søt soyasaus, riseddik og brunt sukker, revet ingefær, limeskall, kanelstang og stjerneanis. Rør alt sammen og la det småkoke til sukkeret har løyst seg opp.
Hell glazen over kjøttet og vendt godt så alt blir dekka.
Her er ein søt liten sak som eg var så heldig å få være med å teststrikke. Bodyen er strikka i ein deilig ull/bomull mix i frå Dale garn, som gjer at den passar heilt perfekt heile året. Det var litt knotete i begynnelsen med mønsteret, og eg gav nesten opp. Men når eg kom lenger og lenger oppover bodyen så var jo mønsteret heilt riktig! Og ikkje minst når den var heilt ferdig og dampa, då var mønsterstrevet virkelig verdt det 🙂 Ps: Hugs å ikkje strikke for slakt i mønsterraden, då blir hulla for store og heile mønsteret litt pløsete.
Garn: Lerke fra Dalegarn
Strikkefasthet: 22/10
Pinne: settpinner nr 3.5 og rundpinne 40cm nr 4
Str: 0-3 (3-6) 6-12 (12-18) 18-24 mnd
Garnmengde: 100 (100) 100 (150) (150) gr
Tilbehør: 5 små treknappar. Kjøpes på Ebay HER. 100 stk til rundt 23 kr. Eg har kjøpt alle tre størrelsane, her har eg brukt den minste størrelsen.
Denne romperen gav eg til det nyaste tilskuddet i familien, lille Tuva til søskenbarnet mitt 🙂
No er det ikkje lenge til den store og siste dagen i året. Er det ikkje då kult å ha eit lite partytriks i ermet? Eg er i alle fall sikker på at det er fleire som kjem til å bli imponert om du skålar det nye året inn med eigensabla champagne. Du treng absolutt ikkje ha ein sabel, det er nok kanskje og enklare med baksida av ein stor kjøkkenkniv. Altså, ikkje bruk den skarpe enden, då ødelegger du kniven 🙂
Endelig er vi på vei heim til jul! Vi landa i Bergen i går, og etter ei natt der er vi klare for Kvinnherad 😊 Dei siste julegåvene er sjølvsagt ikkje heilt klare, men det har ein jo god tid på vel..😅
Ein søt liten kjole med hjertemønster er ferdig dampa og klar for ny eigar. Eg synes designaren @Frkaksnes på Instagram er så enkel og grei å forstå, faktisk så har eg kjøpt ein del oppskrifter i frå ho. Kjekt å støtte dei små i denne store strikkeverden 😀 Oppskrifta kan eg absolutt anbefale om du er nybegynner på strikking 🙂
Størrelse: Nyfødt – 3/6 – 6/9 – 12 mnd
Garn: Merinoull fra Sandnes evt Drops merino extra fine
Eg har jo fått heilt dillo på å strikke babyklær. Og nei, det er ingen spesiell grunn til det, anna enn at det går så ekstremt mykje fortare å strikke enn barne- og voksenklær. 🙂 Og når ein blir fort ferdig og får kjappe resultat, då kan ein stare på nye prosjekt. Favoritten min!
Denne selebuksa strikka eg til den ufødte babisen til Mona. Bare sjå kor fin bodyen og fargen på selebuksa var i lag. Knappane er dei samme som eg alltid brukar på babyklær, fine treknappar i frå Ebay, med teksten Handmade With Love på.
Kjeks og kaker er ikkje noko vi pleier å ha i hus, men til jul blir det litt anna. Det er nåke med det, det skal være litt ekstra kos i desember. I år har eg faktisk ikkje baka noko sjølv, men mamma har sendt oss ein boks med peppernøtter som allerede er tom. Tidligare år har eg baka litt meir, så under her har eg linka til nåken enkle og gode oppskrifter. Favoritten er nok brente mandlar, dei er så fine å gi bort til jul!
Blir det nokon heimelaga julegaver under treet frå deg i år? 🙂
Eg bare må komme med eit lite restauranttips om du er i Trondheimsområdet og har lyst på grill/kjøtt. Det er virkelig å anbefale Grillfest på Graffi Trondheim! Då får du Entrecóte, kyllingfilet, spareribs, kyllingvinger, mais, tomatsalat, soppstuing, maiskrem, béarnaise og BBQ-saus, hvitløk- og ranch-dip, tortillachips, Graffi fries stabla opp på bordet! Og i tillegg til det fekk vi gratis påfyll av alt tilbehøret. Heilt genialt om ein er mange, og vil ha litt forskjellig kjøtt. Eg var jo sjølvsagt litt redd for at kjøttet skulle være for godt steikt, men det var heilt perfekt! Her skal eg absolutt tilbake :)17
Klarer du ikkje å velge dessert, så kan du få litt av alt. Eller ikkje akkurat litt, det var meir enn nok til fleire personar.