Hollywoodskiltet!

Å finne ein god plass å ta bilder av Hollywoodskiltet er ikkje bare bare.. Første gangen vi var i LA så kjørte vi opp til Observatoriet, siden det var anbefalt. Då måtte vi nesten ha kikkert for å kunne sjå skiltet… Denne gangen hadde eg forberedt meg litt bedre og googla meg fram til ein ok grei plass for bilder. For det er jo bare å innrømme det at vi “alle” vil jo ha eit fint og kult bilde av dette? 🙈 

SAMSUNG CSC

I fra hovedveien kjørte vi opp igjennom eit nabolag. Litt usikker på om dette var veien å kjøre, då det var store skilt over alt om at det ikkje var lov å kjøre til skiltet her. Vi lata som om vi ikkje forsto skilta og kjørte fint vidare 😅

SAMSUNG CSC

Vi kom til slutt fra til parkeringsplassen, men eg hadde ein heilt anna plan enn dette. Eg hadde nemlig funne ei adresse som skulle gi oss mykje bedre bilder, mykje nærmare skiltet. Sååå vi måtte ta beina fatt og gå eit lite stykke oppover 😅  Adressa til der vi parkerte er 3114 cayon lake.  Det er ikkje anbefalt å parkere på andre plasser enn dei som er oppmerka. Det er enormt mange politi som passer på og som får taua vekk bilen din om du står i veien.

SAMSUNG CSC

Når vi kom til denne porten og bommen, så var vi framme. Vi gjekk inn til venstre ved bommen. Adressa her er 6201 mulholland highway. 

Tadaa! Sjekk denne utsikten då! Og det beste av alt? Det var jo ikkje folk der!  Kun oss fem 😊

#hollywood #hollywoodskiltet #usa #la #losangeles #iviusa #tur #reise #utlandet #bilder #cali #california

Ny tur til Sedona!

Då har eg vært tur nummer to til den fine byen Sedona! Denne gangen med litt anna turfølge enn sist. No var det nemlig mamma og Harald som skulle få oppleve denne magiske naturen og dei raude fine fjella. Egentlig så hadde eg jo planlagt at vi skulle kjøre til Grand Canyon og Sedona mandag 19.desember, men siden dei var ikkje mindre enn 36 timar forsinka til Phoenix, så gjekk jo ikkje det. Vi valgte derfor å ta turen på onsdagen, men kjørte kun til Sedona på grunn av vinterværet som var meldt på veien opp mot Grand Canyon. Ingen vits å utsette seg for nåke, vi har jo ikkje akkurat nåken vinterbil 😅

Vi var først litt kulturelle av oss og kjørte først opp til “Church in the Rocks”, og akkurat som i navnet så er kyrkja bygd delvis inni fjellet. Tydeligvis ei kyrkja som var veldig populær, for det var mange folk der til å være onsdag formiddag! Stilig arkitektur var det i alle fall.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sjekk det stilige huset!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

I Sedona området er det og øverraskande mange skraphandlera/ kunstnara.. Her var vi innom ein på veien, og h e r r e g u d så masse han hadde der inn! Mykje va fint, og mykje var mindre fint kan ein sei….😅 Men det er jo bare fasinerande å sjå alt dei har laga!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter litt kunst kjørte vi opp til gamlebyen i Sedona for å få oss litt mat. Vi safa litt, og gjekk på samme resturanten som eg var sist, Cowboy Club. Maten der var jo heilt amazing, pluss eg ville jo at mamma og Harald sku få smake på kaktus og klapperslange. 😅 På tallerkenen under er det kaktus fries, kaktus dipp, klapperslange-pølse og bison biff. Spennande, men godt! Kaktusen smaker som salt alovera og slangen smakte egentlig som kylling, bare litt hardare og med meir motstand. 😊  

SAMSUNG CSC

Gatene i Sedona er så stilige! Skikkelig westernfølelse av å gå i gatene her.

SAMSUNG CSC

Ein kjekk tur som virkelig er å anbefalast om du tilfeldigvis er i Phoenix i ein lengre periode 😊  Det tar kun 2 timar å kjøre opp, og halveis på veien ligg det ein stor outlet som er fin å stoppe på på veien heim. Det gjorde i alle fall vi 😉

Dobbins Lookout – South Mountain

17. november var vi på vår 3. fjelltur her i Phoenix. Turen gjekk denne gangen til Dobbins Lookout, sør i byen. Dette er ein anbefalt utsiktsplass på TripAdvisor, då ein og kan kjøre bil til toppen. Vi parkerte ved foten av South Mountain, og gikk opp Holbert Trail. 😊 

Enda ein tur med utsikt øve heile byen. På ein klar dag så kan ein faktisk sjå fjella i nord heilt klart. 

SAMSUNG CSC

Denne turen er egentlig perfekt for familie vil eg sei, men amerikanerane meinte at dette ikkje var ein familietur. Er barna vane med å gå på tur i Norske fjell, så er dette ingen  problem. Den startar flatt, før det er jevn stigning heile veien til toppen. Heile veien går ein på brei sti slik som på bildet under, med andre ord ingen problem!😉

Masse fine kaktusar! Dette var visst ein typisk turistplass, så pass på å velg kva dag du skal gå her. Vi var midt i veka, og slapp unna det verste trøkket av turistar som kjører opp. 😊 

SAMSUNG CSC

Faste turvenner 💛

Den faste gengen som pleier å gå på tur ilag! 😊 

SAMSUNG CSC

På toppen av Dobbins Lookout er det eit lite “hus” som blei bygd på 1930-tallet av unge menn i fra byen. Det er vel egentlig ikkje brukt til nåke spesiellt heller.

Maaaange fine kaktusar her og!

Her viser damene kor dei hadde sett ein “Bob Cat” sist dei var på tur her. Han satt i treet og lurte. Ein Bobcat er ei Gaupe, eller det nærmaste vi kjem Gaupe i Norge. Bare at ein bobcat er større en gaupa vi har.. Huff, ein må ikkje tenke på kva som er uti områda rundt her ein gang..

Etter turen gjekk vi å åt lunch på The Farm at South Mountain. Eit stort gårdsområde med fleire cafear og resturantar der dei serverte heimelaga og heimedyrka mat. Fantastisk plass som virkelig kan anbefalast 😊

Ein del av bildene er tatt av Linda 

#phoenix #usa #tur #fjelltur #hike #iviusa #turvenner #utlandet

Tur til Camelback Mountain

Dei siste 2 månadane har vi gått på 4 fjellturar i området rundt Phoenix by. Siste tur før juleferien var ein tur til Camelback mountain, eit fjell som ligg veldig nært bysentrum. Det var då sjølvsagt mykje meir folk i fjellet enn det vi er vane med på dei andre turane, men turen var super uansett. 😊 På denne turen var vi faktisk heile fem Nordmenn med og! Her står vi alle klare for turen! 

SAMSUNG CSC

Opp der skulle vi. Det var ganske bratt enkelte plasser, men det er så deilig å kjenne det svi litt i lår og rumpe! 😅

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Nåken plassar var det så bratt at dei hadde sett opp rekkverk til å holde seg i. I Norge så hadde det nok ikkje vært rekkverk på desse plassane, men steinen/berget vi gjekk på var blitt så slipt av alle som hadde gått der at det var faktisk greit med nåke å holde seg i av og til 🙂

SAMSUNG CSC

Fjellet ligg som sagt nesten midt i byen, slik at det er boligområder rundt heile fjellet.

SAMSUNG CSC

Pause på veien opp! 😊

SAMSUNG CSC

By så langt du kan sjå. Det er når du kjem opp i høgden du virkelig får sjå kor stor Phoenix by egentlig er! Det bur jo like mange folk her som det bur i heile Norge…😅

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

På toppen av fjellet har dei som tradisjon å sette opp eit juletre med pynt på. I helgene står nissen her og deler ut sjokolade til dei besøkande. Kul tradisjon! Burde hatt nåke slikt i Norge og 😉

SAMSUNG CSC

Heile gjengen! Ein fantastisk gjeng 😊

SAMSUNG CSC

Her er vi fem nordmenna som ble med på denne turen 😊

SAMSUNG CSC

Her ser vi ut øve ein bydel som tydeligvis er litt meir velståande enn dei andre. Som du kan sjå er det grønt øve alt!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#iviusa #fjelltur #phoenix #usa #fjell #tur #reise  #storby

God Jul fra ørkenen!

Oi, no var det lenge siden eg har gitt lyd i frå meg her inne. Dei siste 2-3 vekene har egentlig bare flydd av gårde til forberedelser til jul, frivillighetsarbeid, familie og venner. Men gud så deilig det har vært og. 😊  Eg har tatt masse bilder, og gler meg til å dele med dåke! Vi har og vært så heldige å hatt besøk så og sei non stop siden 7 desember, av Jan, mamma og Harald, og har fremdeles besøk av Martin 😊  No ligg vi mest på sofaen, ser film og ladar batteria til vi skal til Las Vegas for å skåle inn det nye året! 

Vi var jo litt spente på korleis i alle dagar skulle vi klare å få julestemning i dette været her? Ingen problem! Værgudane må ha tenkt på oss, for på julafta var det faktisk regn og vind her i Phoenix. Skikkelig grått vestlandsvær, så det hjalp godt på heimlengsel og julestemning for oss 😅

Nam nam! Lokalt pinnekjøtt fra Lundal hadde vi fått tilsendt i posten og! Heilt perfekt! 😊

SAMSUNG CSC

Kokken i aksjon!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sjølv om det har vært ei litt annerledes julefeiring og julehelg enn vi er vane med, så kan eg absolutt ikkje sei at vi har lidd nåken nød! Vi har hatt nydelig julemat, godt selskap og fått alt for mange pakkar, igjen. Med andre ord, alt har faktisk vært som normalt 🙈  Einaste som ikkje har vært som tidligare er sjølvsagt at den eine julefeiringa med pappa og familien har mangla, men eg fekk være med på Facetime ei god stund så det hjalp litt på😊   Det er el bare å nyte at denne jula har vært så rolig som den har vært, for til neste år er det vel tilbake til det “vanlige” julestresset igjen😅

SAMSUNG CSC

#juliutlandet #christmas #jul #jul2016 #iviusa 

Grand Canyon!

I frå Sedona og nordøve til Grand Canyon kjørte vi igjennom landskap som vi ikkje har sett på ei god stund. Litt forskjell i fra strendene i Florida og kaktusane sør i Arizona.  

Når vi endelig ko fram til porten til Grand Canyon nasjonalpark så måtte vi jo betale inngangspengar. Hadde vi tenkt oss litt om så hadde vi nok parkert den eine bilen i den vetle byen som vi kjørte forbi 5 minutt tidligare, for inngangen til parken kosta 30$(!) per bil!! Enormt dyrt egentlig… Men, vi får satse på at pengane går til ein god sak, så vi smilte og betalte med glede. 😅  Vi parkerte bilen og fulgte strømmen av folk.

SAMSUNG CSC

Altså, for eit landskap! Når vi kom fram mot kanten av gjerdet så kunne vi ikkje heilt tru det. Det såg rett og slett veldig falskt ut.. 🙈  Som om nåken bare hadde klistra opp ein plakat framfor oss. Vi hadde jo sjølvsagt høyrt at Grand Canyon var svært, og hadde jo forberedt oss på det. Men at det skulle være så stort at det ikkje såg ekte ut, det hadde vi ikkje trudd. 

SAMSUNG CSC

Det er så fasinerande å tenke på at denne gropa for mange tusen år siden har vært fylt med vatn. Gropa er over 1600 meter djup, og nederst så kan ein faktisk sjå Coloradoelva som fortsatt renn her. Sprekken er 446 km lang, 50 km lengre enn Trondheim- Oslo i luftlinje! 🙈 Det sett vel ting litt i perspektiv! Med andre ord fekk vi jo sjølvsagt bare opplevd ein liten brøkdel av den.

Etter å ha leita ei stund etter ein fin plass å ta bilder, der vi ikkje fekk 15-20 japanera i bakgrunnen, så fant vi ein liten utstikker litt nedenfor stien. Der slapp vi både folk, tre og slikt som ødelegger bilder. Men ta det med ro folkens, det var ikkje akkurat værre enn ein tur utpå Preikestolen eller Trolltunga. 😏 

🍀 Firkløveren på tur 🍀

Vegard og Eirik kjøpte seg jo cowboyhatt, så vi kom oss ikkje unna posering med den 😅

Søtt lite ekkorn, som sikkert levde bra godt av turistane. 😍

Nydelig landskap, og virkelig verdt turen. Vi var jo og superheldige med været når vi var der. Kun nåken dagar seinare var det overskya og litt trykkande stemning. Hadde virkelig vært kjekt å tatt turen når det er litt snø der oppe, det må virkelig være eit syn! 😊

Tips:

  • Fyll opp bilen, og ikkje kjør to bilar med to personar i kvar bil inn.
  • Prøv å ta turen når det er opplett og gjerne blå himmel.
  • Om du ønsker å ta nåken av bussturane som går langs Grand Canyon, så må du nok komme tidlig og ha heile dagen.
  • Har du mulighet, ta ei overnatting og ta ein fjelltur nedover mot bunnen. Men husk, du skal gå opp igjen og..  Overnatting og fjellturar må nok bestillast i god tid på forhånd. 

Mesteparten av bildene er tatt av Eirik og Linda 😊

#usa #reise #arizona #route66 #travel #iviusa #grandcanyon #canyon #fjell #tur

Sedona – ein fantastisk landsby

Dette var synet vi våkna opp til lørdag 12.november, etter å ha kjørt inn i Sedona på kveldstid dagen før. For eit fantastisk landskap!! Det Sedona er mest kjent for er desse fjella her. Dei får ein heilt fantastisk nydelig raudfarge når et er soloppgang eller solnedgang.  Til vanlig bur det kun 20.000 personar i Sedona, men dei har besøk av rundt 4 millionar turistar kvart år(!), og det er landskapet og turmulighetane folk er på jakt etter!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi budde minst i gamlebyen på eit lite motell som heite Star Motel. Det var merken meir eller mindre, men var akkurat det vi trengte for nettene vi var her. Sentralt og ei seng å sove i. Vi var heldige med at vi i heile tatt fekk rom den helga, siden det var langhelg og folk tydeligvis hadde planlagt litt bedre enn oss :p 

SAMSUNG CSC

I Sedona var det mange cowboyar! Vegard og Eirik slo på stortromma å fekk kjøpt seg skikkelige Cowboyhattar og. 

SAMSUNG CSC

Midt i gamlebyen sto det og ein mann som jobba for staten. Han hadde med seg ein haug av slangar og edderkoppar. Jobben hans var å hente desse dyra når folk feks hadde fått dei inn i husa, eller andre plassar ein ikkje ønsker å ha slike kryp.  Når eg såg kor snille dyra var, så måtte eg jo sjølvsagt holde på dei. Slangen under her kjentes akkurat ut som ein hageslange.. Ja, typ ein slik som du vasker ute med. Det er ein Kongeboa, kvelerslange, så eg kjente godt når den slynga seg opp over armen og prøvde å komme nedi bh´n min. Då var vi ikkje venner lenger.. 😅

SAMSUNG CSC

Dette er ein “Coral snake”. Det finnes vel to typar (såvidt eg veit), der den eine er giftig, og den andre er ikkje. Dei er veldig like, men det er ein måte å huske på kass som ikkje er farlig. Regla går slik: “Red touches yellow, would kill a fellow. Red touches black, you´re good Jack”. Så denne under her har svarte band mot raud, og då er den ikkje giftig. Blir du bitt av den, så er det ikkje nåke du kjenner spesielt godt heller. 

SAMSUNG CSC

Her fekk eg holdt ein tarantella igjen og. Sist eg holdt ein var vel når eg var 10 år (eller mindre), og følelsen var temmelig lik slik eg huska det! Hårete bein som klyp seg litt fast i huden din, for å ikkje dette av. Den gjekk opp langs armen min, og prøvde å komme inn i jakka mi. 😅

SAMSUNG CSC

Ja, han fekk pengar. 🙈  Kun for innsatsen!😄

SAMSUNG CSC

Gatene i gamlebyen er beholdt gamle, slik at ein føler ein er i ein westernfilm. Skikkelig stilig arkitektur! Ein får ein skikkelig godfølelse av å gå her.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sedona er som sagt kjent for turområda sine. Så neste gang vi tar turen opp (ja, vi må faktisk opp igjen) så får vi pakke med oss litt turklær, så vi får oppleve området på den måten og. 😊 Det er kun 2 timar kjøring i fra oss, så det går fint an å ta ein dagstur her til! 

SAMSUNG CSC

Vi fekk eit tips om å ta turen opp til flyplassen for å få utsikt over heile byen. Vi er veldig glade for at vi høyrte på det tipset, då flyplassen ligg på ein høg topp. 😊 Sjekk den utsikten!!

SAMSUNG CSC

Eg blir ikkje lei.. Fjell er så fint. Savne virkelig fjella heime!

SAMSUNG CSC

På toppen av flyplassen med utsikt over Sedona by.

SAMSUNG CSC

Her hadde vi klatra opp på ein liten haug eit lite stykke nedanfor flyplassen. Det er kun 8 parkeringsplassar der nede, så her skal du være heldig om du får plass. Dette er utsikten andre veien i forhold til bilda over. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

– Pink Jeep Tours –

For å få litt meir ut av dagen, enn kun å gå rundt for å sjå, så valgte vi å bestille oss ein Jeep-tur. Det er visst ein av dei største arbeidsplassane i Sedona, det å kjøre turistar rundtom i Jeep.  Vi valgte Pink Jeep, som har kjørt turistar i øve 50 år! Vi var veldig fornøyde med turen, og fekk sett landskapet litt på nærare hold. 😊 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

❤️ Fargane ❤️

SAMSUNG CSC

Turen tok rundt to timar, og vi kjørte i eit rimelig okkupert landskap. Eg kan fortsatt ikkje heilt forstå korleis det gjekk bra..

SAMSUNG CSC

Her har sjåføren vår tatt oss med på ein liten gåtur. Denne hytta eller huset, er ein av plassane i Sedona der det blei laga ulovlig “Moonshine” på 1920-tallet. 

SAMSUNG CSC

Skikkelig “trollsk” bilde 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

– Solnedgang på flyplassen –

På kvelden tok vi med oss Eirik og Linda for å sjå på solnedgangen på flyplassen. Vi var tydeligvis ikkje dei einaste som hadde tenkt den tanken.. For i motsetting til når eg og Vegard hadde vært der oppe tidligare på dagen, så var det no fleire bussar med Asiatere oppe på utkikkspunktet. Dei er virkelig overalt 😅

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Nydelig!

SAMSUNG CSC

Nåken av fjellbilda er fra Linda sitt kamera 🙂

Roadtrip til Sedona!

Helga 11-13. november var det langhelg og då benytta vi sjølvsagt muligheten for ein liten roadtrip. Turen gjekk nordøve, uten så mykje plan anna enn at Eirik og Linda måtte være i Sedona på lørdags morgon. Hensikten med turen var bursdagsfeiring for Linda, og eg og Vegard heiv oss sjølvsagt på det! På fredags ettermiddag satte vi oss i bilane og starta turen nordøve i staten.

SAMSUNG CSC
For eit fantastisk fasinerande landskap! Her i Phoenix “by” er det heilt flatt, men i det fjerne så kan ein sjå fjell rundt heile byen. Her er vi kome opp i fjella og er vidare på vei ned til Camp Verde, ein liten gruveby som ligg på nesten 1000 moh.  Heile veien kjører vi gjennom ein ørken, men det er ein ørken som det vokse planter i. For det meste er det mange forskjellige typar kaktusar, sukkulentar og “tørre” buskar. Veldig fasinerande for oss som er vane med granskog og bjørk langs veien 😅

– Montezuma Castle National Monument –

På veien googla vi som gale etter ting som var verdt å sjå langs veien. Vi stoppa ved Montezuma Castle, som er ein vel bevart klippebebyggelse som er bygd av Sinagua-folket. Kort fortalt er det eit “leilighetskompleks” i frå 1100-1400 tallet, som er bygd inni fjellet. Det er og den best bevarte klippebebyggelsen i Nordamerika. (No får dei som er spesielt interesserte heller google litt vidare😄 )

SAMSUNG CSC

Når vi ser eit slikt skilt så er det vel ei meining bak det?  😅 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Med leilighetskomplekset bak i fjellet!

På bildet under kan ein sjå etasjane som er inni fjella. Leilighetane er ikkje kun det som vi ser på bilda over her, men langs heile fjellveggen bortøve. Ein del av det har jo sjølvsagt forsvunne pga sol og tørke, men om ein ser på bilda under så kan ein tydelig sjå etasjane. 

Her ser vi grunnmuren av ein leilighetane. I midten ligg det ein stor svart stein som var litt utgravd. Det var nok der dei tente opp bål og laga mat 😊

Guttaboys!

SAMSUNG CSC

Etter at vi hadde vært i Montezuma, så kjørte vi vidare mot Sedona. Det tok ikkje lange tida før eg hylte til, og sa til Vegard at vi mååå kjøra bort der å sjå. Eg hadde då oppdaga ein haug med indianera som sto og dansa og sang! Linda hadde tydeligvis gjort det samme, så vi kunne bare følge etter Eirik og inn mot indianerane og musikken. Sjukt fasinerande, og ikkje minst heilt ekstremt flotte drakter/ klær dei hadde på seg! Sku nesten ønska eg var indianer når eg såg kleda deiras.. Eg er ikkje heilt sikker på kva dei gjorde på, men eg trur det var ein dansekonkurranse, der forskjellige stammer konkurrerte mot kvarandre. Fasinerande var det i alle fall!

SAMSUNG CSC

Kunst laga av gammalt skrapmetall!

– Red Rock Visitor Center –

SAMSUNG CSC

Etter ein liten stopp hos indianarane, så kjørte vi vidare til Village of Oak Creek. Synet som møtte oss var bare heilt fantastisk. Vi kom kjørande opp mot fjella når sola var ganske lav, siden den var på vei ned, så fargen på fjella blei enda meir intens enn den var til vanlig. Det vi ikkje visste var jo at dette kun var ein liten forsmak på ka som venta oss i sjølve Sedona, som så og sei ligg midt inni mellom Red Rock mountains.

SAMSUNG CSC

Firkløveren på tur! 💙

Her hadde vi visst sete litt lenge i bilen.. 🙈

SAMSUNG CSC

Supernovaen på vei opp 😀

SAMSUNG CSC

Bildene er ein god blanding av mine og Linda sine 

#usa #reise #arizona #route66 #travel #iviusa #sedona #campverde #fjell #tur

Supernova

14. nov var det jo supermåne, og eg og Linda tok turen ca 15 min vekk i fra her vi bur for å sjå på den. Vi visste ikkje heilt kor vi skulle, og heller ikkje når den kom opp, så vi var veldig heldige når vi tilfeldigvis rulla inn på ein parkeringsplass på toppen av Verrado når klokka var 18:04. Ca to minutt etter vi kom ut av bilen så høyre vi dei andre folka som står der rope og peike av begeistring; “It´s comming, loook!!”. Og der kom den sakte men sikkert opp bak fjella i horisonten. Den var heilt raud når den kom opp, så himmelen lyste! Det var så nydelig 😄  

SAMSUNG CSC

Vi hadde sjølvsagt ikkje med oss kamera den dagen, så vi måtte kjøre tilbake dagen etter. Vi troppa opp på samme parkeringsplassen klokka 17:50, i god tid før månen skulle komme opp kl 18:08 (i følge oss to…). Så feil kan ein ta.. Kven skulle tenke på at månen kjem opp ca 1 time seinare kvar dag?! 😜  😅 Så då sto vi der og venta og venta, i øve ein time… 

SAMSUNG CSC

Bildene kan var ikkje så suuuper fine og tydelige då, siden eg ikkje har nåke spesielt god zoomlinse på kameraet mitt.. Men dette er nok ikkje nåke som kan opplevast gjennom eit kamera, for synet når månen kom opp bak fjella var bare heilt utrulig. Dagen før, altså den riktige dagen månen var på det største, så var månen ekstremt mykje større og finare!

SAMSUNG CSC

Ihh, så fint! Bare sånn 15 år til nestegang 😅

SAMSUNG CSC

#Phoenix #usa #iviusa #reise #supermoon #supernova 

Halloween i USA

Helligdagar og tradisjonar i Usa er virkelig nåke anna enn i Norge. Dei tar liksom litt meir av her borte med pynting.. Ikkje nåke unntak med Halloween. Butikkar og resturantar har vært proppa med pynt og slikt sidan midten av september(!). Det er jo kjekt med slik pynting då, vi skal ikkje nekte for det. Det er vel bare svært uvant at du ser orange pynt og spøkelser kor enn du går..

31.10 var det som sagt Halloweenaften, når ein går rundt og spør etter “trick or treat”. Dette var samme dagen som eg og Vegard kom flyttande i fra Fort Walton. Planen vår var vel egentlig å ta det rolig på sofaen, men når Linda lufta ideen om at ho ville gå Halloween, kle seg ut og gå på besøk til folk, ja då var jo ikkje eg så vond å be! 😅  Vi for på Walmart, og med litt sminke (og eit laken mindre) så var vi klare for trick or treat!

SAMSUNG CSC

Vi landa på “dead half scull”. 

På lørdag 29.10 var vi og på Halloween-party, men då i Florida. Planen var ikkje å kle seg ut, men eg hadde så lyst når eg såg alle kostyma rundtom. Og etter ein del overtaling så blei Vegard med og. Det var egentlig veldig spontant, så etter ei lita (veldig lang) stund på ein kostymebutikk, så falt valget på nåke så enkelt som “sennep og ketchup”.. Kjedelig? Ja kanskje, men vi fekk masse skryt og ikkje minst blei vi overfalt av ein del pølser i brød som blei svært glad for å sjå oss!

 

Det var så enormt mange stilige kostymer på byn den kvelden. Eg trur ikkje eg såg meir enn 5 stk som ikkje hadde kledd seg ut, så eg er glad vi gjorde det!

 

Men, tilbake til pynting av hus og hage! Bare sjekk under her! Denne oppkjørselen er til ei dame som bur her i Phoenix. Det var det einaste “amerikanske” huset vi ringte på til. Ho blei veldig gla når vi kom, siden ho trudde det ikkje skulle komme fleire. Vi var jo sjølvsagt litt seine ( 22:30) etter rundturen til Nordmenna i området. Og bare w-o-w kor gjennomført ho hadde det. Det var så vidt vi turte å ringe på, så eg kan ikkje heilt forstå korleis ungar har turt det..

Når ho åpna døra så var det enda meir pynt. Den eldre dama som åpna hadde kledd seg i ein orange topp som var fylt med gresskar og flaggermuser. Ho gjekk rundt til dukkene sine som om det var eit teater. Ho snakka til dei og spurte dei kva dei ønska å gi oss. 😅  Det var litt spesielt, men bare tenk kor kjekt for ungane! Eg tok eit lite snikbilde av gangen hennar. Det blei ikkje akkurat verdens beste kvalitet, men det gir eit lite innblikk i korleis det såg ut!

Det var tydelig at dette var noko ho elska å drive på med. Ho sa det var hennar store lidenskap og hobby å pynte slik til Halloween. Eg bare håpar ho tar like mykje av når det er jul. Kanskje vi må gå julebukk til ho då(?) 😄

Slik hadde dei pynta til Halloween på Walmart. Blir spennande når dei må lage ein nisse til jul 😄

Nei, vi er veldig glade for at vi har fått opplevd denne høgtida her borte. Halloween er jo ikkje heilt det store i Norge endo, men det er jo alltid kjekt å bare kle seg ut! Viktig å få med seg det som er av tradisjonar når vi bur her borte, sjølv om eg ikkje er heilt for det å adoptere Halloween-gåing til Norge enda.😅