Hurricane warning!

På mandag fekk Vegard mail frå basen om at det var venta sterk storm og mulighet for at vi måtte evakuere seinere i veka. Vi hadde jo tenkt oss ril Orlando i helga, så det sku jo bli spennande om denne stormen blei nåke av. Det er jo 11 år sidan siste store storm/ tropisk storm/ orkan/ tornado raserte store deler kysten her. Syklusen til slike stormar er 6-7 år, så det seier seg sjølv at vi er på overtid no.

Vel, på tirsdag og onsdag forverra alt dette seg og vi kunne forvente at ein tropisk storm skulle komme til helga. I går, onsdag kveld, såg vi på Weather channel og det såg bare verre og verre ut. Stormen ligge uti gulfen og kosar seg før den kjem inn mot land i stor fart. I enkelte området er det og venta at den skal slå inn som ein orkan og i verste fall tornado. Om dåke ser på bildet under her, så kan dåke sjå kor den er venta. Vi bur heilt til venstre, der det står Destin.

Det var lenge litt usikkert om vi skulle ta turen til Orlando i helga likevel, men når vi såg kor stormen sku gå bestemte vi oss for at det var like greit å være i Orlando som heime i leiligheten. Vi sitte no i bilen på vei, og har nett passert Tallahasse. Det er ikkje nåke storm her no, så besto du kam puste ut, vi er trygge! Kun litt rolig Vestlandsvær her no, då stormen ikkje treff land før i kveld. Då er vi trygt på plass på hotellrommet ved Universal Studio. 🙂

Når vi no kom inn i området som er merka raudt, på bildet over, så begynte mobilen min å hyle. Ikkje som alarmen når vekkerklokka ringer, men ein intens hyling som varslar at fare er på ferde. Der var “kun” ein beskjed frå myndighetene, men ein kunne nå fått hjerteinfarkt av mindre.. Forresten så er det veldig kult at dei har dette varslingssystemet. I Phoenix feks, får dei alarm om sandstorm. Tommel opp Usa!

Det er og slike informasjonsskilt langs motorveien.

Som sagt er vi halveis til Orlando no, og alt står bra til. Vi gler oss til ei helg i Universal, om det så blir med regnponcho eller solkrem! Vi er tross alt fire tøffe vikingar på tur 😉 (satsar vi på..)

Vi har tatt lappen!

Igår var endelig ventetida over, vi hadde oppkjøring på bil. Ikkje det at vi ikkje har kunna kjøre bil i USA på Norsk førerkort, for det kan vi. Men vi valgte å få Amerikansk førerkort både for bilforsikringen sin del, for å ha godkjent legitimasjon i Usa og fordi det er jo litt kult å ha Florida drivers license 😉

Vi kjørte til Niceville, ein liten by som ligg ca 20 min i fra oss. Etter litt papirarbeid på DMV (biltilsynet) var det tid for kjøredelen. Vegard først. Han var vekke i ca 15 min før han kom inn igjen. Veldig kort, men sikkert normalt tenkte eg. Samme prosedyre med meg. Eg tok på meg “oppkjøringsmaska” og skrudde tida tilbake for 6 år siden når eg hadde oppkjøring heime i Norge. Trur eg aldri har kjørt så riktig i heile mitt liv. Vegard lo til og med av meg for at eg brukte blinklys inne på parkeringsplassen. Better safe than sorry tenke eg 😉

Men eg kan ikkje sei eg er veldig imponert øve kva dei forvente ein skal kunne her borte.. Heile tida kjørte vi inni eit lite boligfelt utan andre bilar, og vi kjørte i maks 15 mph, som er ca 24 km/t. Vi tok ein 3 point turn på ein smal vei, hadde “bråstopp” i ca 30 km/t, stoppa på alle stoppskilta (som det er heilt enormt mange av) og parkerte mellom fire kjegler.. Altså, vi var aldri ute i trafikken å fekk vist oss. Med andre ord kunne vi like godt skreve etter lappen på nettet..Usa ass.. :p

Bildet er ikkje så mykje å skryte av, så det blir sensurert. Folk er så mykje lågare enn oss Skandinaviere her borte, så kamera er ikkje stilt inn til vår høgde. Froskeperspektiv er ein uheldig vinkel, foråseidetsånn….

Etter oppkjøringa tok vi turen på ein lokal restaurant som heiter AJ’s by the Bayou. Veldig koselig plass rett ved sjøen. Her skal vi definitivt tilbake ein seinare kveld når dei spelar live musikk.

Bare sjå kor idyllisk der var her! 🙂

Bursdagsfeiring nr 2!

SAMSUNG CSC

For ei helg! På lørdag var det duka for bursdagsfeiring nr 2 for min del. Viktig å feire det som kan feirast 😉 Vi hadde invitert alle til feiring og god stemning. Det blei servert pølser i brød og lomper, som det seg hør og bør i ein vanlig barnebursdag. 🙂 Vi hadde og kjøpt inn ei skikkelig amerikansk bursdagskake som ein nesten får sukkersjokk av å bare sjå på, men den var faktisk veldig god og. Ikkje minst har eg fått så masse fint og, men det får eg ta i eit anna innlegg 🙂

SAMSUNG CSC

Ikkje heilt skikkelige wienerpølser eller sprøsteikt løk, men det nærmaste vi fant. Pølse i brød var virkelig ein hit, og eg trur faktisk alt var vekke før vi tok taxi på byen. Kan virkelig anbefalast til ein gjeng med sultne gutar, uansett alder!

SAMSUNG CSC

Sjekk all den frostingen! Og under den skjulte det seg ei nydelig mørk sjokoladekake som gjorde at heile kaka ikkje blei så søt 🙂

SAMSUNG CSC

“Whale, whale, whale, what do we hav here?”  Ååhh, så mykje gøy vi hadde det med desse skilta! 

SAMSUNG CSC

“Party 4 two”  

SAMSUNG CSC

Piñata måtte vi og ha! Etter å ha blitt snurra rundt nok ganger til at eg blei svimmel, så sku eg forsøka å fokusera på å ikkje treffa Daniel.. Enda godt eg ikkje traff han, for pinnen er hard!

Guttaboys i ein heftig omgang av eit spel. Ane ikkje kva det heiter, men gøy var det!

SAMSUNG CSC

Tusen takk for enda ein super feiring! For ein gjeng, dåke er alle gode <3 Neste år blir det vel feiring på Brekstad 😉

#bursdag #party #iviusa #florida #usa 

High School Football

Åh, denne lørdagen har gått fort! Eller, klokka er ikkje meior enn 17, men om ein liten time ventar vi besøk. Vi skal feire bursdagen min med rosa ballongar, pølse i brød, kake, muffins, mohjito og pinjata! Dette blir så gøy! Men det var ikkje dette eg skulle vise dåke idag, det var nemlig nåken bilder fra tirsdagen!

SAMSUNG CSC

På torsdag var eg og Linda å fjonga oss på neglestudio rett borti veien her vi bur. Tvers over veien ligg det ein High School. Det er ikkje før dei siste vekene det har begynt å være litt liv rundt denne skulen både på dagtid og kveldstid. På torsdag var det ekstremt mange bilar der, og mykje leven rundt fotballbanen, så vi tok turen bort for å sjekke kva det var som skjedde. Dama i billettluka kunne informere oss om at det var 9.klassen som spelte fotballkamp, men at det begynte ein ny kamp rundt kl 18:00, der ein eldre klasse skulle spele. Vi bestemte oss derfor for å komme tilbake til neste kamp for å få sett ein heil kamp.

SAMSUNG CSC

Eg troppa klar opp til kamp rundt 18:15, og då trur eg kampen nett var starta. Det var ekstremt mange folk på tribunen, som tyder på at dette er ein stor sport sjølv på aldersbestemt nivå. Ja, eg måtte til og med betale nokre dollar for å komme inn 🙂 

SAMSUNG CSC

Eg kan ikkje sei vi forsto så masse utav spelet.. Dei flytta seg nåken strekar til høgre, og deretter nåken strekar til venstre. Det var vel meir eller mindre det som skjedde gjennom heile kampen og.. For utenom to 6 poengara, som vi forsto dei fekk når dei sprang øve enden av banen. Eller tar vi heilt feil..?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Cheerleadersane var vel dei som jobba mest i løpet av dei tre timane. Dei hoppa, spretta og sang sine tapre sangar til dei grøne og kvite på banen. Sjølv om det dessverre ikkje hjalp så mykje. Det var egentlig meir fasinerande å sitte å sjå på desse jentene turne, ta flikkflakk og baklengs salto…

SAMSUNG CSC

Vel, vi forsto såpass at heimelaget, altså “vårt” lag, tapte så det sang etter. Her er tavla etter nesten to periodar spelt. Eg trur det enda rundt 7-42 tilslutt. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Som sagt skjønna vi ikkje så mykje av spelet, og vi følte det tok ekstremt lang tid, som om dei “gjekk litt i sirup”.. Dommaren stoppar visst og klokka kvar gang dei blåse i fløyta, så dei brukte nesten 3 timar på å spele ein 60 min kamp, om det kan sette det i perspektiv.. Vi reagerte og på at dei var så ekstremt mange innbyttara på laget. Eg ser ikkje for meg at ein gutt utpå den banen kan ha vore nåke spesielt sliten etter den kampen der 😉

SAMSUNG CSC

I alle fall interessant å ha vært på ein slik kamp då. Men neste forsøk trur eg får bli college football. Eg har høyrt stemninga er heilt enorm, og at bare det å være der er ein stor opplevelse. Så får eg heller lese meg litt opp på reglane før den tid kjem 😉

SAMSUNG CSC

Er det nåken av dåke som kan reglane i Amerikansk fotball?? 🙂

Bursdagsfeiring!

Sjølv om Vegard jobbar kveld her borte, så slapp eg heldigvis å sitte aleine på bursdagskvelden min! Tirsdag rundt 17 for vi, fruene og ungane, ut for ei lita feiring. Vi tok turen på ein italiensk restaurant som ligg nede ved sjøen. To av damene hadde fått denne anbefalt av nåken lokale, så vi rekna med at dette ville være ei lita perle av ein restaurant. Og så rett hadde dei! Her er vi alle samla 🙂

SAMSUNG CSC

Restauranten serverte alt av italiensk ein kan tenke seg, pluss mykje sjømat. Sjømat er spesielt populært her på Fort Walton, så eg prøver å ete ein del av det når eg er her nede (blir vel minimalt med det i Phoenix..). Eg bestilte penne med scampi, blåskjell og kamskjell, og til dessert  ein type lava chocolate cake. Wow, så godt det var, men å så mettande at ingen av oss klarte å ete opp middagen! Vi har faktisk ikkje ete dessert etter ein idag i usa tidligare, så vi tenkte at idag var dagen! Sjølv om ingen klarte å ete den opp heller :p

Etter middagen tok vi med oss vinglasset og gjekk ut på stranda som restauranten hadde. Og for eit område må eg bare sei! Denne restauranten blir nok forvandla til ein skikkelig strandbar når helga sig på. Her satt vi å nøyt den siste timen med dagslys før vi kjørte heimøve. 

SAMSUNG CSC

Sjekk stemningen på strandbaren! Her skal vi definitivt tilbake 🙂

Nydelig solnedgang. Himmelen blir alltid rosa når sola går ned her. Det er så fint, og eg blir aldri lei av å sjå på det eller ta bilder av det!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#usa #iviusa #florida #reise #travel #fortwalton 

Eglin spouses’club

I Usa er det veldig normalt med frivillig arbeid og sammenkomstar av fruer. Siden vi skal være her i eit år så tenke vi at vi bør prøve å inkludere oss litt i lokalsamfunnet her. Igår tok vi turen opp på basen, og på fruetreff.

Vi kjørte inn på eit område som var heilt nytt. Husa som låg rundtom såg ut som leikehus, det heile var veldig amerikansk. Her er bilde av community-huset. Huset romma leikerom, kjøkken, fitnessrom, yogarom, gymsal og ein del andre rom som vi ikkje såg. Det var så nytt og fint der inne, wow!

Navnelappar er viktig i USA!

I ekte amerikansk stil blei det servert sandwich, cookie, lemonade og chips.

Områder utanfor! Dette er tilgjengelig for alle som bur rundt i dukkehusa sine. For eit basseng, tennisbane, volleyball osv. Heldige!

Her er eit av husa. Desse husa var kledd med plastikkplater, i motsetting til mur-husa som er bygd for 10-20 år sidan. Blir vel kanskje vedlikeholdfritt då(?) Flotte var dei i alle fall!

Og enda eit av meg og Linda! Føler vi har tatt nåken slike bilder no (og fleire blir det vel 😉 )

No venter vi bare spent på mail og informasjon om dei forskjellige klubbane dei tilbyr. Eg signerte meg opp på fitness, lunch bunch, crafts og wine club! Tenker det kan bli gøy å møte litt andre enn kun nordmenn framøve 🙂

Crab Island – film!

Så var det tid for ein ny oppdatering fra helga! Kvar gang vi har kjørt til Destin (sentrum 20 min vekke) så kjører vi øve ei bru. Ved siden av denne brua, uti sjøen, har det ofte vært enormt mange båtar som ligg i ro, folk som går i sjøen, hoppeslott, musikk og god stemning. Det er jo klart dette var fristande å få teste ut! John kunne informere om at denne plassen var kalla “Crab Island“. Eg trur nok ikkje plassen blir kalla det fordi det er mykje krabbe der, men pga det er grunt nok til at ein kan stå der.

På lørdag var vi gira på å teste ut denne plassen, einaste hinderet vårt var at ein må ha båt for å komme seg ut der til. Heldigvis har John båt, og han ville være med oss til Crab Island! Det kunne ikkje passe bedre. Lørdagen kom og vi kjørte til Destin, der John plukka oss opp. Då hadde han allerede satt i frå seg 4 stk midt utpå Crab Island, då det ikkje var lov med så mange ombord i båten hans.

DCIM100GOPROGOPR0069.

DCIM100GOPROGOPR0068.

Då vi omsider kom oss bort til området så var det heile egentlig meir eller mindre surrealistisk. 100 vis av båtar låg heilt stilt rundt oss, folk var uti sjøen og kasta ball, dansa, spelte volleyball, drakk og koste seg. Skikkelig god stemning og idyll!

DCIM100GOPROGOPR0080.

DCIM100GOPROGOPR0101.

Vi var på området til det blei overskya og klokka nærma seg solnedgang. Heilt på slutten så måtte vi bare ut på hoppeslottet. Det stengte egentlig kl 17:30, men uten tilsyn så var det gratis og åpent for dei som ville. Fy kor slitsomt det var! Det ser virkelig mykje enklare ut enn kva det er.. Vi er fortsatt stive i nakke, armar, mage og rygg etter akrobatikken som gjekk føre seg der ute :p

DCIM100GOPROGOPR0127.

DCIM100GOPROGOPR0184.

Eg har og forsøkt å klippe sammen ein video fra utflukten. Dette er første videoen eg lager, så håpar den er grei. Har brukt det nye GoPro4 til å filme med, så mulig det er derfor det er litt ustøtt? Anar ikkje. Snurr film! 🙂

Ka syns du? 🙂
#usa #florida #reise #ferie #iviusa #film #youtube

På Amerikansk bbq-party

Forrige søndag var vi ein gjeng som blei invitert på ein skikkelig bbq hos John, ein Amerikaner vi har blitt kjent med her nede. Vi hadde ikkje fått nåke klokkeslett vi skulle være der, så eg sendte ein melding å spurte. Svaret eg fekk då var veldig amerikansk.. Han skreiv rett og slett “Any time after 12 noon”, ikkje så veldig presist altså.  Vi møtte då opp rundt kl 14, og då va han heldigvis ikkje begynna på maten ein gang. Vi (les:eg) kunne endelig pusta letta ut øve at vi ikkje var for seine. (Kanskje vi har fått inn den amerikanske klokka i kroppen allerede?)

SAMSUNG CSC

John bur heilt fantastisk. Huset hans ligg langs sjøen, og han har ei nydelig strandlinje. Bare sjekk den utsikten då. er står eg på stranda hans og tar bilder. Huset hans er vel kanskje 50 meter lenger bak, Idyll. 

SAMSUNG CSC

Vegard og Torben, rimelig fornøyde begge to! 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi fekk servert Puerto rican rice og mengder med marinert kylling. Kyllingen hadde forøvrig marinert i 4 dagar, så ein kan jo bare tenke seg kor smakfull den var! Risen var ikkje vanlig plain ris heller. Den var tilsett eit deilig krydder, løk, paprika og bitar av svinekjøtt. Nydelig! Eg tok og med meg ein brokkolisalat som vi hadde ved sidan av. Heile middagen var eit reint festmåltid frå start til slutt. 

Her spelar menna eit spel som dei kalla “BagGo” eller “Corn Bag”. Veldig simpelt egentlig. Ein kastar bare små sandbaggar og prøve å få dei til å treffe hullet i plata. Trur eg må få laga meg eit slik spel når vi kjeme heim til Norge igjen!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

På ein slik eigendom er det meir enn nok å finne på, så kva er vel bedre enn å både starte og ende grillpartyet med ein dukkert og to? 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vegard har egentlig veldig lyst å velte brettet til Eirik her!

SAMSUNG CSC

Fire gode venner 😉 

SAMSUNG CSC

Her begynne sola å ta kvelden, og etter den var gått ned var det igjen tid for bading! 

SAMSUNG CSC

Vi har vært veldig heldige som møtte på John. Han er ein veldig åpen, hyggelig og snill person som virkelig har vist oss mykje rundt om allerede. På lørdag var vi på båttur med han til Crab Island. Eg bare seie; for ein dag! Google det, eller vent på oppdatering her i frå. Eg har filma litt, så skal prøve å sette sammen ein film, om eg forstår meg på iMovie 🙂  Nokon tips?

Skal bare…

Nei, det er ingenting som heiter "skal bare nett ha to ting på butikken, er tilbake om 10 min" her i Usa… Butikkane er så store at alt tar tid, og det tar lang tid. Vi skulle bare nett innom BX'en, matbutikken på basen, for å kjøpe ingredienser til mangosalaten til ikveld. Vel, det er meir enn litt mango og avokado i den vogna der…

Fullt bagasjerom etter ein liten tur på butikken, altså, er det mulig…

Det er som sagt ikkje bare butikkane her borte som er enorme. Veldig mange matvarer er enormt store her. Ein vanlig vindunk er ikkje mindre enn 5 liter!

No skal vi nyte dagen ved bassenget, og Vegard skal gjere seg klar til Unitedkamp om nåken timar. Fin dag til dåke heime i Norge, håpar det er litt fint vær der og no! 🙂

Endelig finvær!

Denne veka har det endelig vært litt fint vær her borte. Altså, vi skal jo ikkje akkurat klage då, for varmen er her sjølv om sola er erstatta med skyer og regn. 🙂

Idag brukte vi timane før jobb til litt planlegging av vår første reise her i USA. Planen er at Linda, Eirik, Vegard og eg skal på biltur til Orlando første helga i september. Vi tenkte i alle fall å besøke Universal Studio, så ser vi ka anna vi finne på på turen! Ååh, så vi gler oss 😀

Etter vi hadde vært på reisekontoret og fått i oss litt mat, for Vegard og Eirik på jobb og eg og Linda tok turen til stranda inne på basen for å få oss litt ettermiddagssol. Stranda på basen var ikkje like kvit og eventyrlig som den vi har vært på tidligare, men den var absolutt eir godt alternativ som er nært heima 🙂

Her står gliso våras parkert på basen! Vi har kjøpt oss ein Camaro 2ss og Linda og Eirik har kjøpt seg ein Dodge Challenger for året! Nåken skikkelige muskelbilar, men muligheten for å eige ein slik er vel bare ein gang i livet? Vi er i alle fall veldig happy med kjøpa!

Iihh, Linda og eg på tur heim i bilen deiras 🙂

Også eit lite bilde fra melonshopping før håndballkampen 😉 Og kampen? Herregud kor nervepirrande det var. Altså FOR ein kamp! Eg og Linda både hoppa og hylte i kor under dei mest intense minutta.. Sjølv om det ikkje holdt til finaleplass, så var det ein finaleverdig kamp. Får bare satse på at vi ikkje får nåken naboklager dei neste dagane…;-)