#oppussing #gang #diy #maling #jotun #mini #liten #gjørdetselv #heimelaga #hjemmelaget #inngang #hus #husbygging
Himmelen i flammer
Eg trur det må være nåke med oss Vestlendingar og solnedgang.. Altså, ein skulle jo ikkje tru at vi hadde sett sola før, for når den først kjeme fram og skal gå ned så er det fram med kameraet med ein gang.😅 Søndag var enda ein slik dag, og eg fekk dradd mannen med meg på ein liten utflukt for å ta bilde av kveldens solnedgang.😍
Den var jo ekstra fin i går då, det skal jo seiast. Sjølv om eg egentlig synst det har vært mange fine solnedgangar på Brekstad siden vi flytta opp her. Vi var litt uheldige med at sola var kome alt for langt ned når vi fant den perfekte plassen til bildetaking. For eg love, den solo var større enn nåken gang! Så til neste gang vi skal på utflukt så veit eg i alle fall kor vi skal kjøre til! 😀
Kva syns dåke om bildene? 😊
#utno #yrbilder #fosen #fosenbilder #fosnafolket #solnedgang #natur #sol #trøndelag #bilder #foto #canon
Løft kjøkkenet på budgett
Vi bur jo i ein forsvarsbolig, så det er begrensa kva vi får gjort i dette huset av oppussing. Men huset er gammalt og slitt, og standaren er og deretter..Dessuten så skal veggen på sikt malast grå, og då blei det litt feil med dei lyserosa varme flisene som er på kjøkkenet.😅 Så for å få det litt meir i tråd med resten, av vårt interiør og stil, så fant eg ut at eg måtte få gjort nåke enkelt med dei. 😊
Eg har kjøpt meg kontaktplast, og gjekk laus. Ellers treng du kun eit bankkort og ein god kniv, eg brukte ein tapetkniv. HER kan du kjøpe kontaktplast på Ebay 🙂
Først vaska eg godt over flisene slik at det ikkje sitte nåke fett igjen. Fett vil gjere slik at det ikkje sitte fast. Eg begynte først med ein liten flik, og festa den til flisene. Her er det viktig at det blir beint, då dette vil gjere det enklare å rulle ut seinare.
Deretter brukte eg eit bankkort og strøyk over etterkvart som eg rulla kontaktplasten ut. Kun litt og litt i gangen.
Får du bobler så kan du dra opp igjen, men eg valgte heller å stikke små hull på dei og dra lufta ut ved hjelp av bankkortet. Det blei veldig bra!
Og her er resultatet! Blei det ikkje fint? Stor forskjell vil eg sei! Og ja, eg er fult klar over den idiotiske betongkanten der… Den håper eg forsvinn litt når veggen blir malt mørkegrå. Som sagt, vi eige ikkje huset vi bur i så vi får ikkje gjort så mange drastiske endringar som vi skulle ønska.. 😊
Det blei vel litt bedre vel? 😊 HER kan du sjå korleis eg malte det forrige kjøkkenet vi hadde.
– Følg meg gjerne på Facebook HER og Instagram HER –
#diy #oppussing #interiør #kreativitet #kreativ #gjørdetselv #kontaktplast #ebay #ebaytips #hobbygruppa #diymagasinet #kjøkken
Trondheimshelg
Då var helga, og mandagen over allerede. Helga føyk i alle fall av gårde for oss, for vi har vore på besøk hos Martin og Tara i Trondheim.😊 Vi kjørte via Orkanger til Trondheim, og brukte vel rett under 2 timar på turen, og det inkluderte ei stopp på Amfi-senteret i Orkanger. Ikkje så gale vil eg sei!
Det var kulturnatt i Trondheim på fredagen, så etter eit vel gjennomført tacomåltid med heimelaga salsa (NAM😋) og diverse, gjekk vi nedover til sentrum. Gu så deilig det var å bu så sentralt til nåke, eg kjente eg kosa meg skikkelig med muligheten til å gå til bysentrumet. Vi fekk sjølvsagt turista oss litt, og fekk sett Nidarosdomen.
Lørdagen starta eg og Tara dagen på IKEA. Altså, det må vel til når vi bur så langt vekke. Dessuten trur eg ikkje ein tur på IKEA er å unngå når ein har flytta i nytt hus.. Eller? 😅 Så etter at bilen var fylt opp med kommodar og diverse, så kjørte vi heim for å gå ned i sentrum igjen. Pride blei nemlig arrangert i Trondheim i helga, så det var mykje folk ute.🌈 Veldig kjekt å sjå så mange oppmøtte! Eg trur dei sa det var mellom 5000-8000 mennesker her den dagen. Det er bra 💛 💚 💙 ❤️
Lørdagens middag inntok vi på Sabrura, ein sushirestaurant som serverte det som buffet. G-e-n-i-a-l-t. Altså for 200 kr kunne ein ete så mykje, eller lite, sushi ein ville. Dei hadde og vårrullar og kyllingspyd. Dessuten så var maten veldig god og, så dette kan virkelig anbefales. Her kan eg gå fleire ganger ja! 😊
Alt i alt hadde vi ei super helg i Trondheim. Det er veldig godt å sjå at det ikkje er så alt for langt å reise for å komme til sivilisasjonen med bil.. Med båt bur vi jo kun 1 time unna by´n, men det er jo det å ha mulighet til å bruke det då.. Det var i alle fall godt å komme seg litt vekk i fra Ørlandet, og få litt påfyll av andre inntrykk. 😊 Trondheim var og ein veldig fin by, vi er heldige som har ei madrass å sove på der!
#trondheim #trondhjæm #reise #bytur #byliv #urban #ferie #travel #mat #sushi #tips
Styrk imunforsvaret med ingefærshots
Eg har lenge tenkt på at eg sku ha laga ingefærshots til å ha i kjøleskapet. Det er jo så oppkvikkande, og ikkje minst bra for kroppen, med ein liten shot kvar morgon før jobb.😊 Også har det sjølvsagt går litt i glømmeboka, slikt som mykje gjer.. Men, forrige veke fekk hadde sjefen med seg heimebrygga ingefærte til oss, og då kom eg jo på kor godt det er med ingefær og måtte rett og slett komme meg på butikken å handle inn. Dessuten går vi jo hausten i møte, og vi har jo ikkje akkurat lyst å ligge sjuke 😏
Det eg har brukt er: 1 liter vatn , safta frå ei sitron og ei håndfull opphakka frisk ingefær.
Eg satte alt på kok, og lot det stå å trekke i vel 2 timar. Jo lengre det får stå å kose seg, jo meir smak vil ingefæren gi i frå seg. Eg måtte etterfylle med vatn etterkvart, sjølv om eg lot det trekke med lokk på panna. Deretter helte eg alt over på ei tom glasflaske, fylte opp med vatn og satte det kjølig. Drikken skal kunne stå i kjøleskapet i vel 1 mnd, men drikk den heller opp og lag ein ny. 😊
Det smakar sterkt og godt, og eg kan nesten kjenne at eg blir friskare av dette 😎 V var ikkje så veldig imponert over dette “heksebrygget” mitt, men eg klarte å få det i han to ganger før han satt seg på bakbeina… Men eg syns det er så godt at eg til og med har blanda det ut som saft og drukke det som tørstedrikk.😅 Neste gang trur eg at eg skal ha meir ingefær i og, kan vel aldri bli for mykje av det gode? 😄
#heimelaga #shot #diy #oppskrift #ingefær #sitron #mat #drikke #reise #kvalme #gravid
TV-stova vår
Her er t-stova vår per dags dato. Litt vel kald og kjedelig kan eg vel sei meg heilt enig i. Dessuten er sofaen vår for stor til denne lille tv-stova, pluss at sofaen er feilvendt. Jaja, alt av møblar kan jo ikkje passe når vi bytter hus. Heldigvis hadde vi nå plass til sofaen! 🙈 Eg vil jo veldig gjerne kjøpe ny sofa, men det forslaget blei veldig fort nedstemt… Men vi får nå sjå 😏
Slik som interiøret er no så minner det meg veldig om leiligheten i Kristiansand. Alt er likt, og derfor vil eg gjerne gjere litt om på det no. Litt kosligare blir det nok med blå vegg i Nordisk Hav bak sofaen og på veggen til venstre for sofaen. Eller kva? Resten av rommet har to store vindu på ein vegg, og ei dør på den andre veggen. Dei veggane blir Klassisk kvite i første omgang, så får vi sjå om det blir endringar der etterkvart. 😊
#diy #oppussing #interiør #interior #design #male
Fiks det sjæl søndag!
Puh, idag har eg virkelig stått på heile dagen. Etter at vi hadde sendt svigers av gårde med båten til Trondheim så satt eg i gang med dagens prosjekt; lage breiare vinduskarm! Altså, eg tipper det var nåke av det første eg irriterte meg over når eg flytta inn her.. Det er jo søren meg ikkje nåken plass til potter og lysestakar her? 🙈 #Ilandsproblem Men i staden for å irritere meg over det så har eg idag laga breiare vinduskarmar. Bare sjå kor små dei var då, altså…🙄 🙄
Dessuten trengte vinduskarmane litt kjærlighet, så eg skal få dei kvite. Eg har kun fått grunna dei idag, siden eg måtte skjære til vinduskarmen og slikt. Men det blir så fint når alt blir kvitt! Då kjem dei nye fine gardinene mine så fint til sin rett og! Sjekk ein liten sneek peek på dei på bildet over 😏 Og veggen skal ikkje være kvit vidare nei, den skal bli mala når maleren kjeme på besøk 😊
Så ja, dette har søndagen min gått til. I fra 11 til 21 har eg styrt på. I morgon skal strøk nr 1 med maling komme på, før eg skal på cafedate med Zara, ei eg har blitt kjent med etter at eg flytta opp her 😃
Håpar søndagen dåkas har vært fin, og at dåke har fått nåke ut av den. Det har i alle fall eg, sjølv om eg ikkje har vært ute på tur i finværet 🙈
– Følg meg gjerne på Facebook HER og Instagram HER –
#diy #oppussing #gjørdetselv #hus #hjem #hage #interiør #søndag #kreativ #kreativitet #gds
Oppussing av hus!
No har vi budd i denne boligen i litt over ein mnd, og begynne å bli greit utpakka. Med greit så meiner eg at stove, kjøkken, gang, bad og gjesterom er ryddig, mens soverom og gjesterom nr 2 er fult av klær og ting.😅 Og ikkje minst skal gjesterom nr 2 skal bli hobbyrom(!!!). Endelig skal eg få meg ein plass der alt av kreative ting skal være. Planen for det rommet er ikkje kome lenger enn at eg veit eg skal ha ein lang pult/arbeidsbenk. Og ikkje la meg begynne på oppbevaring på det rommet. Nåken som har tips eller? Eg har alt for mykje hobbyting, så her må det bli orden 🙈
Ellers har vi fått beskjed om at vi skal få nåken til å male veggane i boligen vår! For ein lykke. Eg hadde egentlig trudd at vi måtte male sjølv, men når dei tilbudte seg å male for oss så var eg ikkje vond å be. 😊 Egentlig har vi bare fått velge mellom grå og kvite tonar, men eg skal prøve å lure inn litt blått i tillegg. Fargepaletten i huset blir som følger: Klassisk kvit, Skumring, Grå Harmoni og Nordisk Hav. Regner med det blir bra. Sånn med tanke på at vi egentlig ikkje får ha nåken farge på veggane så blei dette det mest “spenstige” vi fekk til. 🙈 Mulig hobbyrommet får seg ein litt sprekare farge, sånn på sikt.
No har vi fått storfint besøk av svigers for helga, og dei er klare for å sjå kva Ørlandet har å by på. Kanskje Gunn må bli med meg på fargehandelen så vi får funne farge til hobbyrommet og! 😏
Kva syns dåke om fargane ilag? 😊
#diy #kreativ #oppsussing #gjørdetselv #male #maling #jotun #hobby #hobbyrom #bolig #hus #hage
Stader eg vil besøke i Norge
Etter å ha vært ein del på reisefot i USA så kjenner eg på det at eg har lyst å reise litt meir i Norge og. Eg har vært heldig og har gjennom oppveksten fått reist og opplevd ganske mykje av Norge, men ein kan vel ikkje få nok, kan ein? 😉 Her kjem i alle fall mi liste over stader eg har lyst å besøke i Norge:
Lofoten
Eg har lyst å reise på fiskeferie i Lofoten og bu på ei rorbu der eg kan gå rett ut på brygga om morgonen i bare morgenkåpe!
Tromsø
Kva som er årsaken til at eg vil besøke Tromsø anar eg ikkje, men eg ser for meg at det kan være ein fin by. Dessuten blir den vel ikkje kalla Nordens Paris for ingenting?
Nordkapp
Bare fordi det er Nordkapp vel?😅
Trollstigen
Å snirkle seg oppover her må jo være ein draum for alle tilreisande, både norske og utenlandske. Eg har i alle fall lyst å kunne nyte denne utsikten ein gang.
Atlanterhavsveien
Denne veien har eg vel egentlig mast om siden vi kjørte i fra Bodø og sørover i 2014(?). Det blei ikkje den gangen, og det blei heller ikkje no når vi kjørte til Trøndelag i sommar. Kanskje vi heller må ta det som ein helgetur til Molde eller Kristiansund? Opp med hånda om vi kjenner nåken som bur i området då!
Bildene er henta i frå Google.
#reise #norge #norway #ferie #steder #reisemagasinet #
Washington DC
Her kjem ein liten oppsummering i frå dagane våras i Washington DC tidligare i sommar. Vi hadde nåken heilt fantstiske dagar, og tok livet virkelig med ro. Washington DC var ein så kjekk og fin by at her kunne vi lett ha reist tilbake ein gang. V snakka om det allerede på flyet heim i fra NY.. Så ja, kan virkelig anbefalast. Vi valgte og å leige sykkel fleire dagar, og på den måten kom vi oss veldig enkelt rundt til dei forskjellige monumenta. Washington var faktisk ein heil del større enn eg hadde forestilt meg, så eg trur nok ikkje vi hadde klart oss uten den sykkelen..
Klikk på linken for å komme til innlegget og fleire bilder:
Dag 2: White house, Washington Monument, Lincoln memorial og Pentagon 9/11.
Dag 3: Capitol Hill og Kongressen, Jefferson memorial
Dag 4: Museumsdag, Iwo Jima og Georgetown Waterfront
Håpar det kan være til inspirasjon!
– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –
#reise #washington #usa #ferie #travel #reisemagasinet #reisebloggen #iviusa #washingtondc #reiser #blogg #globetrotter













































